15. april 2018

Biografisirkel: Edvard Munch - liv og kunst

Biografisirkelen går sin gang - og sidan eg har delteke kvar einaste gong dei siste åra føler eg meg nærast forplikta til å delta - uansett kategori. Biografilesing er ofte nyttig og lærerikt og fleire gonger i løpet av biosirkeldeltakinga er augene mine blitt opna for nye tema, personar og forfattarar.
Men denne gongen var det like før eg skulka unna - for Anita har nemleg valgt ein kategori som eg ikkje er så veeeldig interessert i: Biletkunstnarar.

Eg tykkjer som oftast at såkalla kunst er rart og/eller stygt og giddar t.d. aldri å gå på kunstutstillingar. Men eg har har såklart høyrt om Edvard Munch (og sett både Skrik og Vampyr og Madonna) og (flaks for meg) fann eg ei 70 siders illustrert bok om Munch skriven av ein museums-pedagog. Marit Lande har skrive fleire kunstbøker for barn og ein skulle då tru at dette er på eit passande nivå for ein heller skeptisk-negativ biolesar. Boka/guiden/kortbiografien Munch - Liv og kunst kom ut på (det no oppløyste) Aventura forlag i 1995 og eg las eboka på nb.no.

Edvard Munch (1863 - 1944) sitt liv og kunst er blitt grundig skildra i mange bøker, t.d. i Atle Næss sin kritikarroste 600 siders biografi og Karl Ove Knausgård si bejubla bok Så mye lengsel på så liten flate.

Sidan Munch vart ein så stor, kjent og viktig kunstnar, finst det mengder av kjeldemateriale - og eg var nysgjerrig på korleis alt dette kunne samanfattast på berre 70 sider. Lande byrjar med barndom og oppvekst: Edvard Munch var mykje sjuk då han var barn. Faren var strengt religiøs, mora og systera døydde unge. Desse barndomsminna skapte eit sterkt behov for å uttrykka seg gjennom bilete, fortel Lande. Ein finn visstnok mange eksempel på korleis han brukte sjukdom, sorg og liding i arbeida sine.

Som alle veit fekk Munch stor suksess med kunsten sin og han hadde ein lang karriere. Men var han lykkeleg? Neppe. Han hadde eit grunnleggjande pessimistisk livssyn og etter kvart vart livet hans prega av alkoholproblem, angst, paranoia, uro, mykje jobb, hektisk reiseverksemd og kjærleikssorg. Han vart aldri ferdig med det turbulente forholdet til Mathilde (Tulla) Larsen - det forholdet enda med at han skaut seg sjølv i handa.

Avslutningsvis vert det fortalt at Edvard Munch døydde fredeleg på Ekely i 1944 og at han testamenterte alle arbeida sine til Oslo kommune.

Eg tykkjer Marit Lande har fått tak i essensen i livet og kunsten til Edvard Munch og at ho får formidla det på ein grei måte. Boka inneheld (heldigvis) lite kunstteori, men det vert stadig vist til korleis kunstnaren sine sinnsstemningar spelte inn på arbeida hans; om korleis teknikk og motiv speglar kunstnaren sitt sjeleliv.

Munch - liv og kunst er kort, grei og gjennomillustrert - men eg vart ikkje særleg engasjert og fekk heller ikkje noko lyst til å lesa meir om Munch.

8 kommentarer:

  1. Kunst betyr mer og mer for meg ettersom årene hoper seg opp, og i det siste har jeg prøvd å gå litt systematisk til verks. Munch har jeg lest mye om, nesten synd at denne enkel boken ikke fenget. Vel, vel du kan jo ikke være god på/interessert i alt, tøft at du allikevel deltok :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har funne ut at eg ikkje vil bruka tida mi på ting som ikkje interesserer meg. Kunst er nok mellom dei tinga. Men det kan likevel vera interessant å lesa om kunstnarar, berre forfattaren er god nok og innhaldet er godt nok.

      Slett
  2. Bra at du deltok tross mangel på interesse, Berit.
    Kanskje hadde tegneserieboka om Munch vært mer fengende enn denne.. ?
    Uansett, skjønner at du ikke fristes til å lese mer om ham siden det ikke er ditt interesseområde.

    SvarSlett
    Svar
    1. For å gjenta det eg svara til Tine over: Det kan sikkert vera interessant å lesa om kunstnarar, berre forfattaren er god nok og innhaldet er godt nok. Noko som forøvrig gjeld uansett kategori. Er jo glad i å lesa om eventyrarar og polfararar, men dersom innhaldet er kjedeleg og skrive på ein einsformig måta, då vert leseopplevinga dårleg.

      Slett
  3. ... er det bedre å se Munchs verk...
    hva en stor handling av hans som han er overført sine arbeider til Oslo :-)))
    Hilsen til deg. God uke. Her er våren... mye solen, mye regn og planter og blomster hopper... så fint. Kos deg. Viola

    SvarSlett
  4. Interessant likevel. Alt jeg vet om Munch er at han satte bildene sine ut i vær og vind (tror jeg må ha sett på tv, for kan ikke komme på ei eneste bok lest), noe jeg fant sært og interessant nok til å finne mannen lesverdig. Kanskje Knausgårdboka, på sikt. Ønsker oss begge bedre biolykke neste runde.

    SvarSlett
    Svar
    1. Gjorde han verkeleg det? Sprøtt. Men han var nok litt sprø.
      Det er muleg du har sett det på TV, det gjekk vel ein TV-serie eller film ein gong om mannen.

      Neste gong ja... "ordet i si makt" er det vel? Eg har ikkje blinka meg ut nokon enno, men det finst ein del forfattarar, journalistar og andre skrivedyktige folk som burde vera interessante å lesa om. Skal vera obs og kritisk på forfattaren av bio'en i alle fall. Det betyr mest.

      Slett