30. august 2018

Bokhyllelesing: Vinter over verden av Ken Follett

Cappelen Damm 2013
903 sider
Lånt papirbok privat

Her kjem ein kort og litt forsinka omtale av boka eg las i samband med juni/juli-runden av Bokhyllelesing. Tema for runden var tjukk bok - og denne mursteinen høver såleis godt, sjølv om eg ikkje har henta boka frå mi eiga bokhylle.

Andre del av Ken Follett sin århundre-trilogi er lagt til perioden 1933 til 1948. Andre verdenskrig er naturlegvis sentralt i handlinga, men det er inga krigsbok. Hovudpersonane er stort sett borna til karakterane i den fyrste boka (som eg las i samband med bokhyllelesinga i fjor sommar); Kjempenes fall. Dei fleste av dei "gamle" personane er med i handlinga, men har ei meir tilbaketrekt rolle denne gongen. Andre bikarakterar er verkelege historiske personar; me får glimt av både Hitler, Stalin, Churchill og Roosevelt. På slutten av Vinter over verden har mange frå andregenerasjonen fått born igjen, så i tredje og avsluttande bok På grensen til evigheten handlar det om tredje generasjon.

Dramatikken i boka finst på fleire plan; personleg, kulturelt, ideologisk og storpolitisk. Ved å fortelja om store verdenshendingar gjennom augene til enkeltpersonar i ulike familiar, ulike miljø og ulike land, får lesaren både underhaldning og historieundervisning.
Dei gjennomgripande og omveltande hendingane kjem veldig nær: Follett har "plassert" karakterane sine der det skjedde; nokon ser på Riksdagsbrannen i Berlin og andre deltek i den spanske borgerkrigen. Nokon opplever Blitzen i London og andre flyangrepet på Pearl Harbour. Nokon kjempar for livet i ruinar og andre deltek i prøvesprenging av atombomber. Nokon jobbar nær makta og andre jobbar i det skjulte i motstandsrørsler og med etterretning. Sjølv om ein "veit korleis det går" er det veldig spennande - for ein har jo inga aning om kva som hender med "våre" personar.

Krigen fører til store endringar for både nasjonar og enkeltmenneske - og etter freden i 1945 startar ein ny konflikt; Den kalde krigen. Her anar me at det kjem meir dramatikk i neste bok.

Vinter over verden har eit svært stort persongalleri og oversikta over familiane og personane fremst i boka er til god hjelp. Boka er elles handlingsrik, perspektivrik og ordrik. Som i Kjempenes fall finst det ein del flate personskildringar og enkelte småpinlege erotiske skildringar. Av og til vert Ken Follett liksom så overtydeleg.

Samla sett hadde eg ei god leseoppleving med Vinter over verden. No ser eg fram til å lesa den avsluttande boka i trilogien.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar