17. desember 2018

Biolesesirkel: Alt fra Hulken av Bernt Hulsker

Forlaget Nord 2018
182 sider
eBokBib


I dag er Bernt Nikolai Hulsker mest kjent som fast deltakar i VGTV sitt magasin Foppall og den tilhøyrande podcasten. Her får han utfalda seg med engasjement, friske uttalelsar og sleivspark oppover og nedover og hit og dit.

Som aktiv fotballspelar var han også ein friskus. I ungdommen spelte han på fleire ulike lokalklubbar før han vart oppdaga og kjøpt av Molde i 1999. Seinare spelte han for Vålerenga, AIK, Start og til sist var han utlånt til Stabæk. Etter 2010-sesongen la han opp.

Hulsker har skjønt det. Fotball er fyrst og fremst underhaldning. Skal du nå ut til publikum må du by på deg sjølv, i alle fall til ein viss grad. I denne sjølvbiografien fortel Hulsker mange artige historiar frå oppveksten og om ymse hendingar på og utanfor fotballbana. Nokre episodar er utvilsamt pynta på medan andre virkar å vera ganske sanne. Alt om Hulken er ingen djup biografi og heller ikkje noko strålande litterært verk, men som underhaldningsbiografi er boka meir enn OK lesing. Eg har humra og flira meg gjennom dei 182 sidene og landar på terningkast 4. Av og til er det godt å lesa ei bok der ein ikkje treng å tenkja; berre lena seg tilbake og la seg underhalda.

Tema for desemberutgåva av Moshonista sin biolesesirkel er Gretne Gamle Gubber og valet av denne biografien treng difor ein forklaring: Bernt Hulsker er slett ikkje nokon gammal mann (fødd i 1977), men han er i alle fall fotballpensjonist. Han er dessutan smilande og blid på coverbiletet, så difor eit anna bilete der han ser meir gretten ut:

Her har Bernt Hulsker fått raudt kort av dommar Tommy Skjerven.
Han er visst ikkje heilt enig, for å sei det slik.

Foto: Schrøder, Tor Erik/SCANPIX

7 kommentarer:

  1. Hehe, her har du virkelig tøyd gretten gammel gubbe-begrepet.;) Godt med et bilde som kan dokumentere det. Da fikk jeg også mindre hodebry med mitt valg.:) (hvilke gretne gamle gubber skrives det biografier om liksom, eller hvem vil ha den gretne gubbebiten av seg utlevert i bokform? Det har jeg virkelig strevd med å finne ut)

    SvarSlett
    Svar
    1. Joda, eg har vel justert gubbeomgrepet slik at boka passar inn. Denne lesesirkelen er fleksibel på så mange måtar.

      Slett
    2. Ehm, Anita, Gjert..
      Fniser også til grettenbildet. Very fleksibel lesesirkel indeed. Tenkte selv et øyeblikk (bittelite øyeblikk) på Jon Fosse, men den var så lang (og ikke basert på reality-tv, som mer og mer tydelig er min rettesnor i livet). Innbiller meg at Fosse er gretten og da spiller det ingen rolle at han muligens er kosegubbe på privaten..

      Mer smilende gubbe enn på coveret skal man vanskelig finne dog, ser ut som om han kunne sklidd rett inn i advokatdrama fra 80tallet. Som komplett uinteressert i fotball hopper jeg over denne. Føler Zlatan er mer presserende hvis jeg bare skal lese ei eneste fotball bok (til)..

      Slett
    3. Gjert er vel gretten av natur, virkar det som. Sjølv om sønene hans er bortimot verdens beste. Så ja - eg ser jo at eg (egentleg) har bomma på både gubbebegrepet og grettenbegrepet. Men det vart Hulsker likevel for meg.
      Zlatan er ei fotballbok som kan passa for folk som er lite- og u-interesserte. Mykje interessant om oppveksten i Rosengård, Malmö f.eks.

      Slett
    4. Inga: Kjenner ikke Gjert, jeg- men har jo sett han på TV.
      Uansett tror jeg det er vanseklig å finne de evnetuelt gretne som gretne i beskrivelser i bios-selvbios- såfremt det ikke er en hatbok for å utlevere noen..

      Zlatan er absolutt boka si. Til og med jeg likte den som er null interessert i fuzzball.

      Slett
  2. Godt å se det siste bildet, da falt boken på plass i kategorien :) Spennende å lese om, gøy å se ordet foppall på trykk, måtte lese det høyt for å høre hva det er som står, og foppall er jo godt norsk.

    SvarSlett
    Svar
    1. Foppall er ein genial tittel på eit fotballmagasin.
      Håpar du blir med i biosirkelen i 2019. Eg tykkjer det er gøy og nyttig å delta.

      Slett