4. desember 2018

Kort om: Den vakre død av Belinda Bauer

Cappelen Damm 2018
349 sider
Papirbok lånt biblioteket

Dette er ein original, velkomponert og velskriven spenningsroman - rett og slett ein knallkrim! Belinda Bauer veit korleis ho skal forføra lesarane sine. Den vakre død er frittståande og inngår ikkje i nokon serie.

Eve Singer er krimreporter i ein heller luguber TV-kanal. Ho tåler ikkje blod, og det er sjølvsagt eit problem når ho jobbar der det er om å gjera å smi medan liket er varmt. Å vera på plass med mikrofon og kamera før blodet har størkna på asfalten gir som kjent høge sjåartal og reklameinntekter.

Det passar denne seriemordaren bra, for han ynskjer nemleg å ha publikum - noko han har til felles med legendariske Jack the Ripper. Etter kvart får me vita at han har eit heilt spesielt motiv: Han er besatt av det kunstneriske og vakre i døden og danderer lika slik at dei tek seg "best muleg" ut. I forkant av kvart mord heng han opp flygeblad der han annonserer stad og tidspunkt for det som skal skje. Likevel lurer han politietterforskarane trill rundt. Kvifor er det ingen som verkeleg ser denne drapsmannen?

Handlinga er lagt til førjulstida i London og det endelege oppgjeret finn stad på sjølvaste julafta. Spenninga og intensiteten i forteljinga ligg i forholdet mellom protagonisten - journalisten Eve - og antagonisten - kunstnarmordaren. Mordaren er der ein plass, like i helane på henne, noko som er både skremmande og farleg - men etter Eve sitt syn også viktig med tanke på jobb og karriere. Trass i slike haldningar er Eve ein sympatisk hovudperson. Ho har sine eigne kvardagsproblem og private utfordringar å ta omsyn til; ein senil far, ein nysgjerrig nabo og eit spirande forhold til ein kollega.

Belinda Bauer har alltid interessante og sære personar i bøkene sine - og ho skriv godt. Når det gjeld Den vakre død må eg gi pluss også til den mørke humoren, det høge spenningsnivået og den gode avslutninga.

Andre bloggmeiningar: Bjørnebok, I bokhylla, My Criminal MindTine sin blogg

4 kommentarer:

  1. Jeg liker Belinda Bauer, og dette høres spennende ut. Kanskje en av krimbøkene jeg leser etter jul. Ser at du lytter på Hoems Jordmor på jorda. Den må jeg iallefall få med meg. Elsker bøkene hans. Som vanlig er det massevis av bøker jeg gjerne skulle lest - men jeg må prioritere så godt jeg kan.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er enig, både når det gjeld Hoem og Bauer. Jordmor på jorda er ei ny og utvida utgåve av boka frå 2008. Den las eg for ei tid tilbake, men eg frydar meg likevel over denne. Hoem er rett og slett ein glimrande forteljar.

      Slett
  2. Flott omtale av herlig bok!
    Og takk for link :-)

    SvarSlett