8. februar 2019

Bokomtale: De venstrehendtes forening av Håkan Nesser

Gyldendal 2019
525 sider
Lånt papirbok biblioteket

Håkan Nesser er ein av mine desiderte favorittar og Van Veeteren og Barbarotti er to av mine favorittkarakterar. Så gjett om eg har kosa meg med denne nye boka av favorittforfattaren - der begge desse karakterane er med! Og møtet mellom dei to, som finn stad heilt mot slutten og som eg har sett slik fram til undervegs - det er så riktig og så fint.

Det heile byrjar med ein slags oppvekstskildring frå 1960-talet. Og er det noko Håkan Nesser kan, er det oppvekstskildringar frå denne tidsperioden (Og Piccadilly Circus ligger ikke i Kumla, Kim Novak badet aldri i Genesaretsjøen). Me møter Marten og Rejmus, to gutar som dannar ein klubb for venstrehendte. Klubben vert utvida med nokre få andre medlemmer som har same "feil" som dei sjølve. Her finn dei venskap og fellesskap - men etter ei tid skjer det noko fatalt som gjer at medlemmene går kvar til sitt og klubben vert nedlagt.

Vel tjue år etter - i 1991 - samlast fem menneske frå "De venstrehendtes forening" igjen - og det dramatiske skjer: Fire menneske brenn inne, ein femte er sporlaust vekke. Politiet konkluderer med at femtemann er gjerningsperson og skuldig i mordbrann. Vel tjue år etter denne hendinga igjen - i 2012 og boka si notid - vert den femte personen funnen. Han er død - drept - på omlag same tid som dei andre fire. Alt tyder på at politiet tok feil den gongen. Den ansvarlege for etterforskinga i 1991 var førstebetjent Van Veeteren frå politiet i Maardam.

Pensjonisten Van Veeteren får høve til å sjå på saka på nytt. Samtalar med noverande og tidlegare etterforskarar samt nye opplysningar og avhøyr fører til fornya gransking. Mykje gammalt grums kjem til overflata når ein byrjar å grava i ei så innfløkt sak. Eitt av spora fører til klubben for dei venstrehendte og dei hendingane som fann stad då gruppa vart oppløyst. Eit anna spor fører til Sverige - og her kjem så sjølvaste Gunnar Barbarotti inn i handlinga.

Den tiande og siste Van Veeteren-boka (Tilfellet G) kom ut i 2005 og den femte og siste Barbarotti-boka (De sørgende) kom i 2013 - og at det skulle komma ei oppfølgjingsbok no var høgst overraskande - men altså svært gledeleg. Å møta Van Veeteren og Barbarotti på nytt er som å treffa gamle kjende: Gamle kjende som ein framleis og etter lang tid har god kjemi med. Eg tek meg sjølv i å nikka og smila når både Münster, Jung, Ewa Moreno, Ulrike Fremdli, Eva Backman og Sorgsen dukkar opp.

Plottet er finurleg og språket er stilsikkert. Dei mange trådane vert samanknytte og sakene oppklart på ein overbevisande måte. Handlinga går føre seg på tre ulike tidsplan og det er mange ulike forteljarstemmer. Gamle gode Van Veeteren er den personen me får følgja tettast.

Nesser sine bøker handlar ofte om det som betyr mest for oss menneske: Livet, døden og kjærleiken. Så også i De venstrehendtes forening. Han er like morosam, melankolsk, ironisk og språkleg elegant som han pleier å vera. Eit anna kjenneteikn som går igjen i forfattarskapet er tempoet; nærare bestemt at det går så langsamt. Snirklete setningar, langsam handling, mange tankar og refleksjonar og rikeleg med digresjonar. Boka bør også helst lesast sakte; dersom ein les i actionkrimtempo går ein glipp av ting. Til vanleg likar eg ikkje at bøkere blir altfor pratsomme og ordrike, men når det gjeld Håkan Nesser stiller det seg annleis. Alt pratet er "riktig"; ingenting er overflødig eller unødvendig. Når boka er utlest ser ein at alt har hatt ei meining.

De venstrehendtes forening er 525 herlege sider med underhaldning og spenning og eg gir ein sterk femmar. Nesser skriv betre enn dei fleste, han skildrar både folk og kjensler på ein spesielt innlevande og truverdig måte. Boka står seg fint på eiga hand og ein treng ikkje å ha lest dei to seriane på førehand. Men for oss som har lest og likt dei tidlegare bøkene er alt det gjenkjennelege ekstra stas.

Andre bloggmeiningar: Tine sin blogg

8 kommentarer:

  1. Jeg vare visste det, at du kom til å like denne. Vi som allerede er småforelsket i Barbarotti og Van Veteren kan jo ikke annet enn å gi oss ende over. Herlig omtale Berit, - riktig god helg!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg trudde eg visste det eg óg. Herleg å få det stadfesta. God helg!

      Slett
  2. Altså, HVA? Skriver han FREMDELES?
    Har likt veldig, veldig godt Nesserbøkene jeg har lest, men det er mange år siden forrige, og nå ble jeg lysten på kvalitetskrim med nogåt åttåt.

    SvarSlett
    Svar
    1. Han skriv framleis og han skriv GODT framleis. Trur heilt sikkert at denne fell i smak hos deg sidan du har likt han tidlegare.

      Slett
  3. Jeg står i lang kø på biblioteket for å låne den, og gleder meg enda mer etter å ha lest det fine innlegget ditt Jeg har ikke lest noen bøker om Van Veeteren, bare sett film/serie basert på bøkene. Jeg kom så sent inn i forfatterskapet til Nesser at jeg rett og slett har nedprioritert det inntil videre. Men alle de andre bøkene jeg har lest, bl a serien der Barbarotti er hovedperson, er min konklusjon også at Nesser er en veldig god forfatter. Gleder meg. Kanskje jeg ikke får lest den før påske.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det forundrar meg ikkje at det er kø for ei Nesser-bok. Eg var heldig sidan det var eg som foreslo innkjøp av boka til biblioteket "mitt", for då kom eg fremst i køen.
      Du kjem heilt sikkert til å lika De venstrehendtes forening. Skrivestil og stemning er gjenkjenneleg frå Barbarotti-serien.

      Slett
  4. Jeg har ennå ikke lest noe av Håkan Nesser, men det virker unektelig som spennende bøker :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Då har du mange fine leseopplevingar å sjå fram til! Nesser anbefalast varmt.

      Slett