5. juli 2019

Sommarlesing 2019 del 1: Svensk krim

Eg er - som vanleg - på etterskot når det gjeld bokomtalar. Her kjem nok ein samleomtale - og det handlar om ny svensk kvalitetskrim.

Francesca av Lina Bengtsdotter

Gyldendal 2019
378 sider
Lånt papirbok biblioteket


Dette er svensk bygdekrim med mystikk, hemmelegheiter og mørke. Francesca er frittståande framhald av Annabelle, ei bok eg las i fjor, som gjorde inntrykk på meg og som ga meirsmak. Hovudpersonen er også denne gongen politikvinna Charlie Lager, og på nytt er ho tilbake i barndommens trakter. Ikkje som politi, men for å hjelpa ei venninne som er blitt åleine. Charlie nyttar høvet til å grava i ei gammal forsvinningssak, noko som for ei tid held ho vekke frå den destruktive livsstilen ho vanlegvis fører.

Handlinga går føre seg på to tidsplan. Parallellt med at Charlie etterforskar saka i notid får me gradvis vita meir om kva som egentleg hende den gongen for mange år sidan, med Francesca. Var det drap eller sjølvdrap? Kvifor vart ho aldri funne? Kven veit? Kva skjedde? Kvifor har ikkje Charlie høyra noko om saka før no? Kvifor er det så vanskeleg å få folk til å opna seg?
Her er stemning og spenning frå fyrste til siste side. Både historia om Francesca og  Charlie si tilnærming til saka er fengande lesing. Terningkast 5.


Vinterild av Anders de la Motte

Lydbokforlaget 2019
Speletid 12:59
Lånt lydbk biblioteket


Nummer tre av De la Motte sin årstidskvartett. Serien er ukronologisk og har ulike hovudpersonar.

Me held oss til den svenske landsbygda. Som hos Bengtsdotter over er det lagt stor vekt på skildringar og stemningar. Og - det er også her hendingar i fortida som kastar skugge over notida.

Vinterild er ein god psykologisk thriller, men er litt for omstendeleg etter min smak. Det blir litt mykje uhygge liksom - og det er ikkje grenser for kor mange som har halde ting skjult for andre og kvarandre. Men spenninga er stigande og byggjer seg opp til ei dramatisk og overraskande avslutning. Terningkast 4+.



Nede for telling av Martin Holmén

Pelikanen 2019
342 sider
Lånt ebok eBokBib


Så over til noko heilt anna. Glimrande miljøskildringar og skarpe karakteristikkar fekk me i Clinch - og det får me også i denne oppfølgjaren. Handlinga er lagt til Stockholm i 1935, og Harry Kvist er nettopp sluppen ut av fengselet. Tilværet er slett ikkje enkelt, verken for Kvisten eller for hans næraste. Det er hardkokt, mørkt og dystert; verkeleg Stockholm noir.

Holmén skriv veldig godt og har skapt noko nytt innan krimsjangeren med forteljingane om Kvisten. Han har sin heilt eigen stil og hovudpersonen Harry Kvist liknar ikkje på nokon andre krimheltar (eller antiheltar) eg har lest om tidlegare. Eg ser fram til neste og avsluttande bok i trilogien. Terningkast 5.

8 kommentarer:

  1. Åh... ja ja, hver sin smak. VInterild var bare så veldig etter min smak.:)
    Bengtsdotter skal jeg merke meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Vinterild er god, men nådde ikkje heilt opp hos meg. Ser likevel fram til neste bok.

      Slett
  2. Oy, to femmere, og det til forfattere jeg ikke har hørt om en gang :) Vinterild likte jeg nok bedre enn deg. Takk for supre krimtips!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er heilt sikker på at du vil lika Bengtsdotter. Obs! Må lesast kronologisk, dvs. Annabelle før Francesca.
      Er meir usikker på om du vil ha sans for Holmén. Han har ein annan og råare stil. Bøkene hans bør også lesast i rett rekkefølge, dvs. Clinch før Nede for telling.

      Slett
  3. Jeg liker svensk krim, og leser gjerne nye forfattere. Har lest De La Motte, men ikke de andre du nevner. Gode tips, noteres.

    SvarSlett
    Svar
    1. Fint å få bidra med boktips, sjå svaret til Tine over om rekkefølge på bøkene.

      Slett
  4. Syns de la Motte skriver bra og har nettopp fått meg Vinterild. Gleder meg til den. 4pluss er jo ingen dårlig karakter når du ikke var heelt begeistret for boka, så da har jeg litt å se frem til. Ikke lest/hørt om Bengtsdotter, så hun er notert!

    SvarSlett
    Svar
    1. Vinterild er ikkje noko dårleg bok. Terningkast 4+ er meir enn godkjent.
      Likar du de la Motte likar du sikkert Bengtsdotter òg. Ho har ein liknande skrivestil, berre enno betre..

      Slett