30. mai 2020

Kriminell vårlytting

Sidan eg er så på etterskot når det gjeld bokomtalar bestemte eg meg for å laga eit skikkeleg skippertaksinnlegg; denne gong i form av "mikroomtalar" i stikkordform. Eg håpar å få fram det mest essensielle i kvar enkelt bok når eg gjer det på denne måten. Det har vore varierande leseopplevingar; få innertiarar, nokre skuffelsar og enkelte "heilt greie".

Alle lydbøkene nedanfor er innan krim-/spenningsjangeren og inngår i ulike seriar. Eg har hatt som mål å bruka/utnytta Storytel-abonnementet mitt så mykje som muleg, så dei fleste har eg funne der.

Flokkdyr av Tana French 
Cappelen Damm 2016
Speletid 16:24
Lydbok Storytel

- Femte bok i den ukronologiske Dublin Murder Squad-serien
- Handling frå ungdoms-/kostskulemiljø
- Langsam, mykje prat og mykje fram og tilbake
- Intenst og tett
- Skildringar prega av innleving og psykologisk innsikt
- Spesielt interessant å følgja korleis samarbeidet mellom etterforskarane utviklar seg
- Litt for lang, men ei god leseoppleving
- Veldig godt opplest av Ivar Nergaard
- Terningkast 5-.

Fluktruten av Arnaldur Indridason
Cappelen Damm 2018
Speletid 9:16
Lydbok Storytel
- Tredje bok i serien om Flovent og Thorson
- Interessant og originalt med handling frå Island under 2. verdenskrig
- Gode tidsbilete
- Men frykteleg tregt, så denne lesar mista etter kvart både konsentrasjon og oversikt
- Opplesar Lasse Lindtner "beherskar" fleire stemmer og dialektar, men det blir i overkant teatralsk
- Terningkast 3.

Blodmåne av Katrine Engberg 
Capitana 2019
Speletid 10:16
Lydbok BookBites
- Andre bok om Jeppe Kørner og Anette Werner
- Burde nok ha lest den fyrste fyrst
- Dansk etterforskarkrim
- Lettlest og oversiktleg
- Snert, sjarm og brukbart driv
- men litt for mykje om trivialitetar og "dameting"
- God opplest av Kristin Grue
- Terningkast 3+.

Operasjon Snøhvit av Eirik Wekre
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:56
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i serien om Hege Tønnesen
- Ikkje spesielt bra fyrsteinntrykk
- Rotete, overambisiøst
- Liksomdramatisk, lite truverdig
- Klisjékarakterar
- Opplesar Ane Rygh les tydeleg, men altfor sakte
- Terningkast 3-.


Blod i dans av Gard Sveen
Cappelen Damm 2016
Speletid 6:14
Lydbok Storytel
- Tredje bok i Tommy Bergmann-serien
- Burde definitivt ha lest denne rett etter andre bok, for dei heng tett saman
- Med avstand i tid vart begge bøkene "sånn passe"
- Masse action, mange handlingstrådar
- Veldig bra lest av Helge Winther-Larsen
- Terningkast 3.

Bjørnen av Gard Sveen
Cappelen Damm 2018
Speletid 10:53
Lydbok Storytel

- Fjerde bok i Tommy Bergmann-serien
- Totalt annan stil - og betre - enn den føregåande
- Heller ikkje hovudpersonen er gjenkjenneleg, men så har det gått 10 år handlingsmessig
- Kald krig, spionasje, kontraspionasje
- Mykje av handlinga bygger på Treholt-saka
- Terningkast 4.

Flaggermusmannen av Jo Nesbø
Lydbokforlaget 2018
Speletid 11:29
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i Harry Hole-serien, fyrste gong utgitt 1997, nyinnspeling
- Starten på eit forfattarskap som har betydd mykje for mange
- Gjenlesing etter 23 år for meg
- Var banebrytande i si tid
- Godt plott, overraskande vendingar
- Merkar at både min lesesmak og Nesbø som forfattar har utvikla seg
- Meir nostalgikjensle enn spenningskjensle
- Dennis Storhøi er ein god opplesar og stemma hans er perfekt som Harry Hole
- Terningkast 4+.

Svar hvis du hører meg av Ninni Schulman 
Cappelen Damm 2015 
Speletid 10:50
Lydbok Storytel (+ lånt papir)
- Tredje bok i serien om Magdalena Hansson
- Svensk bygdekrim
- Handling frå jegermiljø er originalt og interessant
- Noko stilleståande til tider
- Men jamnt stigande spenning trass i enkelte forutsigbare hendingar
- For mykje mas om småbarnsliv og tidsklemma
- Elles grei nok
- OK opplesing av Ingrid Vollan
- Terningkast 3+.

Et eneste sekund av David Baldacci
Cappelen Damm 2004
Speletid 10:00
Lydbok Storytel
- Fyrste bok i serien om Sean King og Michelle Maxwell
- Grei introduksjon til hovudpersonane og bakgrunnen deira
- Veldig amerikansk på alle måtar
- Secret Service, FBI, hemmelege tenester
- Action, overraskingar
- og litt romantikk
- Heilt grei underhaldning
- Ivar Nergaard les i passe tempo og med engasjement og innleving
- Terningkast 4+.

---------------------

Mykje middelmådig i denne samleomtalen, tykkjer du kanskje?
Ja, det vart visst det. Så eg avsluttar med heile to rosiner i pølsa.

---------------------

Motiv X av Stefan Ahnhem 
Lydbokforlaget 2018 
Speletid 12:03
Kjøpt lydfil
- Fjerde bok i Fabian Risk-serien
- Ein serie der kvar bok blir betre og betre 
- Adrenalinspennande, nervepirrande
- Mange synsvinklar
- Utallige handlingstrådar, både korte og lange
- Avansert, men ikkje altfor komplisert
- Terningkast 5.

X måter å dø på av Stefan Ahnhem 
Lydbokforlaget 2019
Speletid 11:53
Lånt lydbok biblioteket
- Femte bok om Fabian Risk
- Handlinga startar umiddelbart etter Motiv X, så desse bør helst lesast rett etter kvarandre
- Ikkje berre ein, men to, splitter gale seriemordarar
- Fabian vert utsett for umenneskelege påkjenningar
- Grusomme og fantasifulle drapsmetodar
- Innvikla og godt samanskrudd plott
- Usannsynlege motiv og urealstisk handling
- Men likevel ein fantastisk pageturner, umuleg å leggja frå seg
- Terningkast 5+.

Ivar Nergaard er (som alltid) ein fantastisk opplesar av både Motiv X og X måter å dø på. Det er tydeleg at han likar det han les. På den måten tilfører han historia om Fabian Risk ein ekstra dimensjon og gjer bøkene til ekstra gode leseopplevingar.

4 kommentarer:

  1. Hei Berit!
    Skal si du har hørt mange bøker i det siste, og funnet mye spennende på Storytel. Det funker helt fint med microomtaler, terningkastet sier egentlig ganske mye, i alle fall når en har lest/hørt boken selv.
    Jeg noterer meg hva du synes om Blodmåne, jeg leser Krokodillevokteren nå (bok 1) og liker den godt, håper neste bok blir bedre med "forarbeidet" jeg har gjort.
    Ha en fin lesejuni Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er betre å skriva litt enn ingenting, tenkjer eg.
      Som regel er det best/rettast å lesa seriar i kronologisk orden, men av og til tek eg sjansen på å starta med bok 2, 3 eller..10.. Krokodillevokteren har fått mykje ros, men den fristar likevel ikkje meg no.

      Slett
  2. Mikroomtaler er helt ok, siden du får begrunnet og sagt noe kort om boka.
    Har X måter å dø på liggende, men fikk tips om at jeg måtte starte først i serien, og da blir boka liggende..
    Islendingen har jeg også falt fra, like bra det, ser jeg.
    Nesbø har jeg en plan om å ta opp lesingen av, siden jeg kun har lest Kniv av Harry Hole-bøkene. Joda, jeg har prøvd å lese et par andre før, men datt av - vet ikke helt hvorfor, det fengte vel ikke nok der og da. Kniv var i alle fall sabla bra.
    -
    Enberg leste jeg første boka av, men husker ikke så mye, knekkebrødkrim som blir lett og fort lest, fort glemt. Og ja, hvorfor må det være så mye "dameting" i en del av de bøkene krimdamer skriver? Det tretter også meg, like mye som når det blir for mye våpen- og bilprat i bøker menn skriver.
    -
    God juni til deg Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er ikkje sikker på om det er lurast å starta med fyrste bok i denne serien. Eg las nemleg fyrste bok - likte den berre sånn passe og hoppa over bok 2. Men frå og med tredje bok - Atten grader minus - vart eg hekta. Dei tre siste - og særleg dei to siste - heng tett saman.

      Må le av uttrykket knekkebrødkrim, - lettlest og fortgløymt krim er det mykje av. Men av og til er det slik lettfordøyeleg krim ein treng for å kobla av.

      Enig i at både femikrim (fokus på familie, interiør, utsjånad, kvardagsproblem) og machokrim (våpen, bilkøyring, teknikk, eksplosjonar, grove valdsskildringar) kan vera trøyttande.

      Slett