30. november 2020

Oppsummering november 20

Påbyrja i oktober, fullført i november:
Ken Follett - Aftentid og morgengry - Britisk historisk roman - Kjøpt papirbok
M.J. Arlidge - Den som ikke har gjemt seg nå - Britisk krim - Lånt ebok BookBites

Lest i november:
M.J. Arlidge - Elsker elsker ikke - Britisk krim - Lånt ebok BookBites
Kjell Ola Dahl - Assistenten - Norsk krim - Lånt ebok BookBites
Tor Bomann-Larsen - Hjemlandet. Haakon & Maud 7 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
Tor Bomann-Larsen - Kongen. Haakon & Maud 8 - Biografi/historisk dokumentar - Lyd Storytel
[Roy Jacobsen og Anneliese Pitz - Mannen som elsket Sibir - Biografisk roman - Lyd Storytel - avbraut]

Påbyrja i november, fullførast i desember:
Val McDermid - Myrgraven - Britisk krim - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Lang tids reise - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket


2 lyd, 1 papir, 3 ebøker
3 lånt, 2 abonnement, 1 kjøpt
3 krim, 1 historisk roman, 2 biografiar
3 norske, 3 britiske
6 menn, 0 kvinner
"Nye" forfattarar: Ingen

Det vart ikkje så mange bøker i november samanlikna med månaden før. Men med tanke på at tre av dei er svært omfangsrike/langvarige, seier eg meg nøgd med innsatsen. Pr. 30. november har eg lest 98 bøker i år, så når eg er ferdig med dei to eg er i gang med har eg nådd målet om 100 bøker i 2020.

Heile månaden har eg lest i Ken Follett sin siste historiske mursteinsroman Aftentid og morgengry. Som så ofte før når det gjeld Follett er eg noko ambivalent; det meste av innhaldet er veldig interessant, men så vert enkelte deler skjemd av klisjéar og kleine skildringar. Omtale kjem.

Månadens høgdepunkt for meg må difor bli avslutninga av Tor Bomann-Larsen sitt biografiverk om Haakon og Maud; Hjemlandet (som omhandlar åra 1940-45) og Kongen (1945-1957). Laang serieomtale kjem.
Samstundes som respekten og beundringa for denne forfattaren og serien har vakse seg større, har interessa og trua på TV-serien Atlantic Crossing falle tilsvarande. Det får eg stadfesta når eg har følgd med på debatten i det siste. Eg såg bittelitt på episode 5, men avbraut etter nokre minuttar. TV-serien blir berre meir og meir hollywoodsk og mindre og mindre truverdig, så no er det definitivt slutt for min del. 

Boka Mannen som elsket Sibir vart også avbroten. Vanlegvis likar eg bøkene til Roy Jacobsen, men dette var altfor sært - og grusomt kjedeleg.

6 kommentarer:

  1. Fint å lese oppsummering fra andre bloggere. Det er bare M.J. Arlidge-bøkene jeg har lest av disse. Har bare sett et par episoder av Atlantic Crossing, men mistet noe av interessen da det ble vel mye oppdikting. Får vel heller lese Tor Bomann-Larsen, ser jeg i din omtale. Ønsker deg en fin adventstid.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det er kjekt å sjå kva andre les. Mange boktips - og av og til tips om kva ein bør styre unna.

      Slett
  2. Hei! Av dine bøker i november er det bare Assistenten jeg har lest. Ser at du ikke var overvettes begeistret for denne, til tross for at han er en av favorittene dine. (Vi havnet på samme terningkast)
    Ha en flott lesedesember, gøy å være så nær målet om 100 bøker :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Terningkast 4 er så mangt. Alt frå svak 4'ar som nesten er ein 3'ar - og til type sterk 4'ar som nesten tangerer 5'aren. Assistenten er for meg blant dei siste. Men eg tykkjer denne boka er svakare enn andre bøker frå same forfattar. Dermed 4.

      Slett
  3. Har bare lest Mehlums Lang tids reise av dine. Men jeg har Assistenten liggende her. Jacobsen bok om Sibir har jeg hatt lyst til å lese etter en del anbefalinger. Ser at du ikke likte den. Skal ta med meg med vurderingen også.
    Ang Atlantic Crossing så følger jeg med og liker den, men jeg tar den for det det er.. Halvdokumentarisk fiction basert på en sann historie.

    Ønsker deg en fin desember Berit.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er jo ein del som likar den Sibir-boka, men for meg vart det heilt feil. Og eg giddar ikkje å lesa bøker som ikkje passar meg.
      Dersom ein er "bevisst nok" er Atlantic Crossing "grei nok".

      Slett