17. november 2020

Fake history?

I skrivande stund les eg Kongen; åttande og siste del i Tor Bomann-Larsen sitt historiske/biografiske verk Haakon & Maud. Bokserien bør få ny aktualitet i desse dagar, i samband med TV-serien Atlantic Crossing som no går på NRKTV-serien har ført til ein debatt mellom filmskaparar på den eine sida og historikarar på den andre sida.
Ein konflikt mellom det kunstneriske og det faktabaserte virkar å vera uunngåeleg. Den populære BBC-serien The Crown og tilsvarande seriar har også vore omdiskutert. 

Debatten som har oppstått er interessant og naudsynt, sidan dramaserien er basert på og inspirert av historiske hendingar og verkelege personar. For kva er filmskaparane sitt ansvar? Kvar går grensa mellom historieforfalsking og "kunstnerisk fridom"? Kjem det godt nok fram at dette er serieskaparane si tolking av det som hende for 75-80 år sidan? 

I eit innlegg på NRK Ytring kjem nettopp historikaren og biografen Tor Bomann-Larsen med eit relativt sterkt angrep på det han kallar "fake history" i episode 4. Eg har ikkje problem med å forstå at Bomann-Larsen, med sin erfaring og kunnskap, reagerer som han gjer.

Vanlegvis ville eg ikkje ha brydd meg om å sjå Atlantic Crossing, for eg ser nesten aldri på filmar og TV-seriar. Men tilfeldigvis var eg i gang med Svaret og deretter Hjemlandet (del 6 og 7 i Bomann-Larsen sin bokserie) som omhandlar mange av dei same hendingane og personane som i dei fyrste episodane av TV-serien. Og dermed vart det interessant for meg å sjå på. Skilnaden er naturleg nok stor; TV-serien er sjølvsagt ei forenkla framstilling av mangfaldige og kompliserte forhold. På den andre sida er mykje av det Bomann-Larsen fortel om i si bok gjenkjenneleg på TV-skjermen. 

Det er eit faktum at president Franklin Roosevelt og kronprinsesse Märtha hadde eit nært og fortruleg forhold. Det kjem fram både i TV-serien og i fleire biografiar og historiske dokumentarar. Men ifølge Bomann-Larsen er det utenkjeleg at kronprinsessa hadde så stor påverknadskraft over politikken som det som kjem fram i dramaserien. (Kyle MacLachlan er forøvrig ein truverdig og fornøyeleg Roosevelt. Og Sofia Helin er ei bedårande kronprinsesse). 

Eg trur folk flest er klar over at ein slik dramaserie er forenkla og fortolka, og at sjåarane er i stand til å tenkja sjølv. På NRK sine nettsider kan ein finna ein interessant oversikt over kva som er fiksjon og kva som er fakta, samt andre vurderingar som er gjort i samband med TV-serien. Sjølv tvilar eg på om eg giddar å sjå meir enn dei fyrste fire episodane. For sjølv om eg er imponert over kulissar og tidsbilete irriterer eg meg over påklistra drama og kunstige dialogar. Pluss at eg har i bakhovudet at ein del av stoffet er fiksa, forenkla og altså; fake.

Men eg trur og håpar at folk som likar Atlantic Crossing vert såpass interesserte at dei søkjer meir informasjon om fakta kring krigshistoriske hendingar. I samband med det kan eg altså varmt anbefala Tor Bomann Larsen sitt omfattande bokverk om kong Haakon og dronning Maud, samt Alf R. Jacobsen sin dokumentarserie Angrepet på Norge. Begge seriane er tilgjengelege på Storytel.

6 kommentarer:

  1. Spennende paralleller du trekker her, skjønner godt at fagpersoner kan kalle det fake history. Jeg ser sjelden på tv eller serier, men The Crown har jeg sett, og begynte på sesong fire i helgen. Tolker nok ikke all dramatikken som fakta, men de store linjene tenker jeg er historie :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har ikkje sett The Crown, så eg kan ikkje uttala meg om innhaldet der. Men eg vil tru at bakteppet er historisk korrekt, ispedd ein del dikting og nokre dosar fantasi. Slik blir det tilstrekkeleg dramatisk og ein held oppe sjåar-tala.

      Slett
  2. Jeg følger serien og har fått med meg diskusjonene, spesielt i går var det en del, Bohmann-Larsen gikk ut, samt Inger Merete Hobbelstad kommenterte dette i NRK Dagsrevyen. Tror det var en del i dag også. Jeg vet lite om Martha og Franklins relasjon under krigen og hvordan hun påvirket ham eller ikke.. Og hva vet man egentlig? alt blir jo ikke dokumentet. Men man kan heller ikke forholde seg til det udokumentarbare som fakta.
    The Crown er visst mer tro fakta ifølge Hobbelstad, selv om hun ikke helt liker hvordan følelseslivet til dronningen formidles, hun som var så lukket.

    Enig i at Kule McLachlan er en flott skuespiller til rollen. Likte han godt i Twin Peaks.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg såg/høyrde diskusjonen mellom Bomann-Larsen og ein av manusforfattarane av serien på Dagsnytt 18 på måndag. Dei befann seg på kvar sin planet, for å sei det slik. Takka vere den diskusjonen som pågår vert folk/lesarar/sjåarar (meir) bevisste på at TV-serien er fiksjon, inspirert av verkelege hendingar.
      Det finst eit anna eksempel på ein film der det dokumentariske og det fiktive er svært vellukka, nemleg Kongens nei. Eg las fyrst boka og såg deretter filmen, noko som pleier å vera nedtur, men i det høvet vart eg imponert.

      Eg vart også veldig betatt av Maclachlan som agent Dale Cooper i Twin Peaks. Eg elska den serien - lenge - men vart meir skeptisk utover. Vart i alle fall skikkeleg skikkeleg skuffa over siste episode sidan me ikkje fekk nokon rasjonell forklaring.

      Slett
    2. Ja, det tror jeg også, at folk blir mer bevisst når slike diskusjoner oppstår.
      Bra er det.
      Min venninne nevnte også Kongens nei da vi så første episode av Atlantic Crossing. Jeg har ikke sett filmen, men det tenkte jeg at jeg skulle, og nå ble jeg minnet på det igjen. Takk for det:)

      Agent Cooper; herlig fyr:)

      Slett
    3. I dagbladet.no/meninger i dag er forfattarane ute og forsvarar seg mot kritikken serien har fått. Patetisk.

      Slett