28. desember 2022

Statistikk: Leseåret 2022

Før ein blar over til 2023 i kalendaren, kan det vera på sin plass med eit lite tilbakeblikk på året som har gått. Årsstatistikken er laga for min eigen del, samt for eventuelle lesarar/følgjarar som kan ha ei viss interesse av dette.
Eg reknar med at eg vert ferdig innan årsskiftet med den eine av dei to bøkene eg held på med i skrivande stund (Edderkoppen), så den er rekna med i årsoppsummeringa.

(Fjorårets tal i parentes)

Til saman
109 bøker (116)
- over 500 sider: 14 (12)

Sjanger
61 krim-, thriller- og spenningsromanar (75)
13 andre romanar (11)
33 sakprosa (25)
- av desse 10 biografiar (12)
2 novellesamlingar (5)

Format
23 papirbøker (35)
23 ebøker (18)
63 lydbøker (63)

Alder
72 av bøkene var utgitt i åra 2010 - 2021
30 i 2022 (36)
- av dei 13 norske (19)
Utgitt før 2010: 7 (9)

Kjelder
61 lånt - privat, bibliotek og BookBites (61)
41 Storytel-abonnement (45)
7 kjøpt sjølv (7)
Fått i gåve 0 (3)
Lese-/lytteeksemplar: 0 (0)

Terningkast
Terningkast 6: 1 bok (1)
Terningkast 5: 28 bøker (26)
Terningkast 4: 64 (76)
Terningkast 3: 16 (10)
Terningkast 2: 0 (3)
Terningkast 1: 0 (0)

Forfattarar
27 "nye" forfattarar (24)

Kjønn
86 bøker skrivne av menn (77)
25 av kvinner (43)

Nasjonalitet
64 bøker skrivne av norske forfattarar (62)
19 av svenske forfattarar (18)
9 britiske (13)
8 amerikanske (4)
5 danske (2)
2 finske (0)
1 fransk (3)
1 islandsk (1)

I 2022 las eg flest bøker av
David Baldacci, Gunnar Staalesen og Jens Henrik Jensen - 3 bøker av kvar.
- For alle dei øvrige vart det ei og to av kvar.
- Med unnatak av to ('304 dager' og 'Full spredning') har eg fullført alle påbyrja bøker.

Elles er hovudpunkta frå statistikken følgjande:
- Fordeling på sjanger er omlag som i fjor (og i alle år), dvs. stor overvekt av krimromanar.
- Overraskande mange sakprosabøker.
- Langt over halvparten av årets bøker er av norske forfattarar.
- Ufatteleg skeiv kjønnsfordeling. (Det blir verre og verre, og det heng saman med lesesmaken min)
- Nesten alle bøkene eg las var anten lånebøker eller abonnementbøker (Storytel). Eg seier nei takk til gratis leseeksemplarar, men brukar likevel lite pengar på bøker.
- Det formatet eg brukar desidert mest er lydbøker (gjennomsnittleg 5,25 pr. månad) - og det vert færre og færre papirbøker (gjennomsnittleg 2 stk pr. månad)

Lesemål 2022

109/100 bøker totalt
13/10 mursteinar (over 500 sider)
10/10 biografiar
23/10 annan sakprosa
10/15 bokomtalar
28/20 nye forfattarar

5 av 6 delmål vart nådd med god margin, men heller ikkje dette året vart det så mange bokomtalar som ønska/forventa. Sidan mange bøker har blitt vurdert/omtalt i diverse mini-/samleomtalar seier eg meg likevel nøgd.

Lesemål 2023?
Det er egentleg ikkje noko viktig om eg når lesemåla eller ikkje, så eg har funne ut at det ikkje er noko poeng i å ha slike mål. Det får halda at eg fører statistikk gjennom heile året. For statistikk og oppsummeringer - det skal det framleis bli!

Årets beste leseoppleving
og einaste terningkast 6 vart januarboka Etter åndemaneren av Kim Leine. Eg ga dessutan toppkarakter til gjenlesinga av hundreårs-trilogien til Gunnar Staalesen.


Fortsatt god romjul! 
Ynskjer alle eit godt nytt leseår!

5 kommentarer:

  1. Artig å se. Mye bra lest, selv om bare en får toppkarakter. Jeg har snart lest 150 bøker, av tykt og tynt. Antar at de du har lagt ut bilde av er meget bra, nesten på topp.
    Interessant at du har lest såpass mange flere bøker av menn enn kvinner. Skriver de bedre, eller på en annen måte som du liker bedre eller er det flest av dem i krim- og sakprosa? I krim er det nok flest menn fortsatt, men det spørs jo hva man foretrekker av type krim også. Interessant å fundere over..

    Godt nytt år Berit når det tid kommer:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei du ser bilde av er eit utval av bøker eg har likt godt, det stemmer.
      Eg funderer sjølv óg på dette med skeiv kjønnsfordeling. For eg plukkar aldri ut bøker basert på kjønn. Sidan eg er svak for heller røffe krimbøker vert det ofte mannlege forfattarar. Sjølv om det finst mange eksempel på at kvinnelege krimforfattarar skriv vel så røft. Kosekrim/"damekrim" er som du veit ikkje min tekopp.
      Det er fleire menn enn kvinner som skriv sakprosa, har eg inntrykk av. Der kan óg vera ein forklaring.
      Fortsatt god romjul, me "snakkast" plutseleg i eit kommentarfelt!

      Slett
    2. Skjønner.
      Jeg tror det er temmelig mange damer som skriver sakprosa også, men mye av det du ikke leser, tenker jeg. (selvutvikling, strikkebøker, kokebøker, hobbybøker, livsstil, influenser-bøker, helse, idrett, etc. Selv om noen skriver biografier og om samfunn , reise. politikk også, som Åsne Seierstad , Erika Fatland og Sissel Wold- men der er nok mennene i overvekt.

      Det gjør vi vettu- :) Et riktig godt nytt år til deg:)

      Slett
  2. Imponerende oppsummering! Jeg er glad jeg har lest flere bøker enn i fjor, som ble et skikkelig dårlig år for lesing :) Kanskje må for neste år skal være å lese flere kvinnelige forfattere :))

    SvarSlett
    Svar
    1. Dersom ein har hatt ein dårleg leseperiode (og det har vel alle av og til) er det godt å finna att leselysta og leseinteressa.
      Eg skal forsøka å få opp kvinneandelen dette nye året, men er usikker på om det lukkast.

      Slett