27. februar 2023

Bokomtale: Mentalisten av Camilla Läckberg og Henrik Fexeus

Strawberry Publishing 2021
591 sider
Lånt papirbok privat

Dette er ei bok eg lenge har utsett å lesa. Det skuldast to ting: For det fyrste fordi eg var lei av Läckberg sin Fjällbacka-serie og for det andre fordi denne boka er så omfangsrik. Tjukke bøker er gjerne tyngre å komma i gang med. 

Begrepet/"faget" mentalist var heilt ukjent for meg då eg byrja på boka, og eg er framleis ikkje heilt sikker på kva det går ut på. Om ein prøver å googla ordet får ein egentleg berre treff på ein  TV-serie - og denne boka. Men basert på mentalisten (Vincent) i Mentalisten (denne boka) er ein mentalist ein slags illusjonist, tryllekunstnar, hypnotisør, tankelesar og kodeknekkar. Fexeus er visstnok sjølv mentalist i tillegg til å vera forfattar og mediekjendis.

Eg vart egentleg positivt overraska over Mentalisten. Det er ein velskriven thriller med eit interessant plott og med uventa vendingar. Hovudpersonane er óg interessante, kvar på sin måte. 

Nokon toppkarakter kan eg likevel ikkje gi. Mitt fyrste ankepunkt er nettopp at boka vert opplevd som veldig lang. Heilt frå starten av ligg det ei underliggjande og dirrande spenning, men historia vert likevel langdryg og treg undervegs. Enkelte av sidehistoriane er lite relevante og burde rett og slett vore kutta ut. 

I utgangspunktet er det interessant at både politietterforskaren Mina og mentalisten Vincent slit med tvangshandlingar og tvangstankar, og dei vert såleis eit heilt unikt makkerpar. Men desse spesielle utfordringane vert understreka og utpensla så til dei grader at det etter kvart vert slitsamt å lesa om. Vincent sine problem med kona og ekskona er sikkert meint å krydra forteljinga, men eg oppfattar at det forsinkar og forstyrrar. Her merkar eg den same irritasjonen som eg ofte har kjent på i Fjällbackaserien.

Men tilbake til plottet og sjølve krimgåta. Det er nemleg svært originalt og ganske så bestialsk. Ei kvinne vert funnen død i ein kasse gjennombora av sverd. Er det eit tryllenummer som har gått galt eller er det eit ekstremt brutalt mord? Politietterforskaren Mina Dabiri får eit tips om å ta kontakt med kjendis-mentalisten Vincent Walder. Dermed vert etterforskargruppa forsterka med eit medlem med heilt spesielle interesser og eigenskapar. Ikkje alle i gruppa er like begeistra for det Vincent bidreg med. 
Etter kvart finn politiet ut at kassedrapet har ein viss samanheng med eit anna dødsfall. Og så skjer eit nytt drap, om muleg endå meir bestialsk utført enn det fyrste. Det er altså snakk om ein seriemordar av det mest utspekulerte slaget. Undervegs har politiet, med særleg hjelp frå Vincent, funne ut at mordaren legg etter seg kodar og beskjedar. Kvifor det? Korleis skal dei klara å forhindra eit fjerde drap?

Skildinga av politiet sitt arbeid er bra. Ein forstår frustrasjonen når det er få spor å gå etter og når det viser seg at etterforskinga har ført dei ut på viddene. 

Persongalleriet er stort og krev at lesaren er observant nok. Sjølv måtte eg bla litt att og fram for å bli påminna om kva og kven det handla om. Enkelte karakterar er nokså stereotype, nesten karikerte, medan andre er meir truverdige og framstår som "ekte". Naturleg nok er det hovudpersonane Mina og Vincent ein vert mest kjent med, og etter kvart får me vita at dei tvangsmessige utfordringane og sosiale vanskane deira skuldast vanskelege oppvekstforhold. 

Eg sat ytterst på stolen og heldt pusten medan eg las om det avgjerande oppgjeret. Sjølv om seriemordaren sin identitet då forlengst er avslørt, vart avslutninga både spennande, dramatisk og svært klaustrofobisk. På dei siste sidene kjem forklaringar og avklaringar på det meste. Dei gjenståande lause trådane i boka kjem truleg til å bli gjenopptekne i neste bok.

Mentalisten er fyrste bok i ein planlagt trilogi om Mina og Vincent. Den andre, Sekten, har fått meir lunken mottaking enn Mentalisten. Det gjer meg ein smule skeptisk, spesielt sidan den boka er enno tjukkare enn denne fyrste. Men tenkjer at Sekten skal lesast ved høve.

6 kommentarer:

  1. Jeg lyttet til denne det året den kom ut og husker ikke så mye av den nå,men ser at vi har gitt samme terningkast uten at det nødvendigvis forteller så mye. Jeg har lyttet til "Sekten" og likte den mye bedre enn den første så jeg håper du gir den en sjanse en gang. Den er også litt i lengste laget og hadde med fordel kunne vært kortet ned litt,men jeg likte selve historien bedre denne gangen. Jeg var langt unna å holde pusten og det gjelder for begge, det gjør jeg sjelden av (krim)bøker egentlig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Interessant at du likte Sekten betre. Som sagt i omtalen kjem eg truleg til å lesa bok 2 ein gong, og vil mest sannsynleg satsa på lydbok. Ser det er dyktige Anne Rygg som er opplesar.

      Slett
    2. *Ryg* faktisk, ikkje *Rygg*

      Slett
  2. Jeg har hatt denne på tbr-lista mi lenge. Eneste grunnen er at det er Fexeus som er med som medforfatter og at det handler om en mentalist. Jeg kjenner til Fexeus fra før, og vet at når han skriver om det, så skriver han om noe han kan godt. Jeg har også selv utdannelse i hypnoterapi. Derfor er jeg spesielt interessert i det. Du har vel lest Hypnotisøren ev Kepler? Den synes jeg også var god, og intet feil der angående hva hypnose/hypnoterapi er. Mentalistbegrepet er antagelig mer utvidende og innbefatter magi, illusjonist o.l. Men alt handler om hypnose i bunn. Det finnes en TV-serie som heter The mentalist også. Har ikke sett den, men tror den er litt krim/thriller/aktig.. Camilla Lackberg ble jeg temmelig lei av på slutten av Fjellbeck-serien.
    Jeg liker heller ikke tykke bøker, så derfor har jeg enda ikke skaffet meg den, men vurderer en pocket som reiselitteratur. Sekter synes jeg også er interessant å lese om, men 700 sider med for mye pjatt?

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for forklaring på kva ein mentalist er og gjer. Mi forvirring skuldast at mentalisten i boka - i tillegg til å ha ein uvanlieg jobb - har ein spesiell personlegheit og strevar med tvangstankar/-handlingar + at han er traumatisert av hendingar i barndommen.
      Eg vil tru at du vil finna denne personen interessant å lesa om.
      Pjatt er det ikkje så mykje av i Mentalisten. Det som irriterar er gjentakingar og overforklaringar.

      Slett
    2. Kontekst, med andre ord.. Ja, det kan jeg forstå. Bra det ikke er mye pjatt, men overforklaringer og gjentakelser kan man jo også bli lei av, men kan hende kan noe skumleses bort..

      Slett