6. mai 2023

Kort om: Bomullsengelen av Susanna Alakoski

Samlaget 2023
Speletid 15:01
Lånt lydbok BookBites

Bomullsengelen er fyrste del av ein planlagt kvartett. Me befinn oss i Finland og serien handlar om kvinneliv og arbeidsliv frå starten av 1900-talet og fram til våre dagar. I Bomullsengelen har forfattaren teke utgangspunkt i si eiga bestemor sitt liv. 

Handlinga tek til med at hovudpersonen Hilda vert fødd i 1905. Fødselen er såpass traumatisk for mor hennar at mora aldri vert seg sjølv igjen. Både far og mor til Hilda er dermed fråverande; mora med si "stiresjuke" og faren som har reist til Amerika. Hilda veks såleis opp med tanter, filleonklar, søskenbarn og gamle Sanna-täti - i det som vel må seiast å vera ein lykkeleg barndom, etter forholda. For forholda er nemleg vanskelege på den finske landsbygda; livet og tilværet prega av fattigdom, uår og krig.

Rett etter konfirmasjonen vert Hilda gravid - med presten. Konsekvens: Hilda må forlata heimplassen og alle ho har blitt knytta til gjennom oppveksten. Ho må starta på nytt, utan pengar og utan nettverk, og får seg jobb på ein annan gard. Her vert ho kjend med Helli som vert ein sentral person i livet hennar framover. Hilda og Helli arbeider hardt for kost og losji og har aldri fri. Kanskje ventar det ei betre framtid på bomullsfabrikken i byen? 

Eg-personen Hilda har forteljarstemma og det meste vert fortalt og skildra frå hennar perspektiv. I tillegg finst det ei allvitande stemme. Når Alakoski viser korleis verdenspolitikken, samfunnsutviklinga og den teknologiske og økonomiske utviklinga påverkar - og endrar - enkeltindivida sine liv, - då er det denne allvitande og meir forklarande stemma som overtek for Hilda.

I boka kan ein lesa om striden mellom dei kvite og dei raude, om fyrste og andre verdenskrig, om arbeidarkamp og kvinnekamp.

Bomullsengelen kunne vore ein mektig roman. Kunne vore, fordi at eg føler at eg "mistar taket" i Hilda undervegs i lesinga. Kunne vore, fordi eg tykkjer det er for detaljert og for repeterande. Kunne vore, fordi framdrifta ikkje er god nok. 

Eg har altså visse innvendingar, men det er ikkje noko dårleg bok. I enkelte sekvensar får eg faktisk assosiasjonar til både Vargskinnet-trilogien (Kerstin Ekman) og Finnskogen-serien (Britt Karin Larsen) - og det seier ikkje lite. Men dessverre så "forsvinn" dei fine skildringane og betraktningane i ulike (unødvendig) detaljrike saksopplysningar. Det virkar som om Alakoski ikkje heilt har funne form og stil enno. 

Om eg kjem til å lesa neste bok? Ja, det trur eg. I den er det Hilda si dotter Greta som er hovudperson. 

Lydboka er veldig bra opplest av Gjertrud Jynge. Ho får fram både det sårbare i Hilda og det fandenivoldske i Helli, og har skikkeleg dreis på finske ord og namn. Det høyrest i alle fall slik ut for meg som ikkje kan finsk.

Andre bloggmeiningar: Lillasjel

4 kommentarer:

  1. Artig at du likte denne. Har boka liggende, men slike historiske romaner har ikke førstepri her hos meg, men denne ser interessant ut:) Ha en fin dag:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg les jo mest krim, men det er ofte historiske romanar som gir meg dei beste leseopplevingane. Denne nådde ikkje heilt opp, men boka er absolutt leseverdig.
      Takk, det har vore ein topp dag!

      Slett
  2. Jeg hørte boken omtalt i Åpen bok. Hadde tenkt å lese den. Ser at det er lesere som synes den er tung å lese. Boken er på 507 sider: jeg tilbakefører den fra bestilling på biblioteket til huskelista. Så får jeg se hva det blir til. Uansett, god omtale av Bomullsengelen. Som deg liker jeg historiske romaner.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tykte ikkje boka var tung å lesa, men det er noko dårleg framdrift. Eg trur faktisk ikkje at eg hadde lest boka om eg ikkje hadde hatt tilgang til lydbokversjonen.
      Bøker går ikkje ut på dato, så du kan lesa denne når det passar ein gong i framtida.

      Slett