28. april 2024

Vårlesing: Vikingtida

Vikingtid og middelalder har interessert og fascinert meg lenge, - og eg trur grunnlaget for interessa vart skapt då eg som tenåring las Sigrid-trilogien for fyrste gong. Opp gjennom åra har eg lese mykje om denne epoken, både skjønnlitterære bøker og sakprosa. Eg har ofte tenkt at eg er rar som har ei slik sær interesse, men har oppdaga at eg ikkje er åleine om det. Populariteten til bøker, TV-seriar og filmar om vikingar og vikingtida er visstnok stor.

Øystein Morten sine bøker om vikingkongane Olav Tryggvason og Olav den heilage har fått svært gode kritikkar, og i dette innlegget skal eg stadfesta at dei er velskrivne, interessante og underhaldande bøker. Andre vikingbøker som har fått gode omtalar er Den svarte vikingen av Bergsveinn Bergisson (meir om den også nedanfor) og ikkje minst Hvitekrist av Tore Skeie. Sistnemnde kjem med ny bok (om Harald Hardråde) til hausten, og det ser eg fram til.

Den vikingboka eg likte best (av dei eg har lese i det siste) er historia om oppdagaren Eirik Raude - og eg startar denne samleomtalen med den boka. 


Eirik Raude av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2022
Speletid 11:25
Lyd Storytel


Øystein Morten er religionshistorikar og sakprosaforfattar - og sidan i fjor haust er han ordførar i Rollag kommune. Han har truleg ikkje så mykje tid til skriving, reising og gransking no for tida, men når han eingong gir seg i politikken bør han absolutt halda fram med å gi ut bøker. For eg vil gjerne ha meir! 

Det heiter at Eirik Raude  "oppdaga" Grønland, sjølv om det alt fantest folk og busetnader der då han kom dit i år 982. Men han og dei andre norsk-islandske landnåmsmennene grunnla dei fyrste norrøne busetnadene på øya - og det var han som gav øya namn. Elles er han kanskje mest kjent som far til Leiv Eirikson, mannen som "oppdaga" Amerika rundt år 1000. At han vart kalla "raude" hadde truleg samanheng med at han hadde raudt hår og skjegg, og det er muleg at han hadde eit heftig temperament. Han var i alle fall knytt til drapssaker både i Noreg og på Island, noko som gjorde at han vart dømd fredlaus. Ein annan årsak til at Eirik Raude for til Grønland var at det der på denne tida fantest mengder av ein verdifull ressurs: Kvalross

Forteljinga om Eirik Raude (fødd ca. 940 - død ca. 1002) byggjer på nokre få setningar i dei islandske sagaene. Desse setningane vert tolka (og utvida) av forfattaren, og han formidlar det heile vidare til oss lesarar på ein pedagogisk måte. Forfattaren byr dessutan på seg sjølv: Parallelt med at han granskar dei få skriftlege kjeldene som finst, inviterer han lesaren med på reiser til både Island og Grønland. Han skildrar natur, farvatn og omgjevnader og deler frustrasjonar og oppturar. Han fortel at han snakkar med ekspertar på ulike fagfelt og at han kjøper avansert VR-utstyr når koronanedstenging gjer at han ikkje kan reisa fysisk. 

Øystein Morten har ei fenomenal formidlingsevne, og som Åsmund Ådnøy (solvberget.no) skriv: "Hvis Indiana Jones og Lars Monsen hadde vært brødre og hatt en tredje bror, ville det vært Øystein Morten." 

Lydboka vert opplesen av forfattaren sjølv, også dette vert utført på ein god måte. 
Terningkast 5.

Då Øystein Morten var på Island i samband med innhenting av bakgrunnsstoff, lånte han hytta til forfattaren Bergsveinn Birgisson. Det vert òg ofte vist til boka om Birgisson sin fjerne forfar.

Den svarte vikingen av Bergsveinn Birgisson
Vigmostad Bjørke 2020 (Spartacus 2013)
Speletid 10:30
Lyd Storytel

Forfattaren er islending og etterkommar i 30. ledd etter Geirmund Heljarskinn, hovudpersonen i denne boka. Tidlegare har eg lese Birgisson si bok Mannen fra middelalderen som eg likte godt - og eg las (litt av) romanen han vart nominert til Nordisk råds litteraturpris for, Svar på brev frå Helga. Den likte eg ikkje i det heile tatt. Men boka om forfaren, denne svarte vikingen, likte eg ganske godt. 

Dette er sakprosa med skjønnlitterære element. Me skal nemleg svært langt tilbake i tid (800-talet) og forfattaren har i enkelte sekvensar dikta fram hendingar og samtalar. Dei skriftlege kjeldene er få og vage, og ofte sprikande. Desse har forfattaren vurdert opp mot kvarandre og gjerne samanlikna med segner og myter. Han har også støtta seg på vitenskaplege metodar og arkeologiske, lingvistiske og genealogiske funn.

Geirmund Heljarskinn altså, ein fascinerande mann med eit uvanleg liv og ei fargerik bakgrunn. Faren Hjør var høvding/konge på Avaldsnes (Karmøy) og mora Ljuvfina kom frå Bjarmeland og var av eit sibirsk urfolk. Geirmund hadde som mora mongolsk utsjånad og mørk hud - "heljarskinn". På nettsida Avaldsnes kan ein lesa meir om desse folka og sjå korleis ein tenkjer seg at familien såg ut. Etter at Harald Hårfagre tok over makta her i landet reiste Geirmund til Island. Han var ein av dei fyrste landnåmsmennene og dreiv internasjonal handel, mellom anna med kvalrosstenner frå Sibir og slavar frå Irland og Skottland. 

Den svarte vikingen vart nominert til Brageprisen 2013 for beste sakprosabok. Ikkje ufortent, for her er mykje interessant, men sjølv "datt eg av lasset" innimellom. Diktinga blir litt vidløftig, og det andre stoffet er ofte for detaljert, for repeterande og for springande. Som Øystein Morten gjer i sine bøker, skriv Birgisson seg sjølv inn i handlinga, men her er det ikkje så vellukka. 

Lydbokopplesar Endre Hellestveit les tydeleg og greit med passeleg engasjement.
Terningkast 4.

Det er altså sparsamt med skriftleg dokumentasjon bevart når det gjeld både Eirik Raude og Geirmund Heljarskinn. For dei to kongane nedanfor, Olav I Tryggvasson og Olav II Haraldson, er det i grunnen omvendt. Her er det nesten for mykje, fordi det vart dikta fram så mange vandrehistoriar, segner og legender om dei. Snorre og dei andre islandske sogeskrivarane sette saman sagaene sine omlag to hundreår etter at desse kongane levde. Dei bygde på endå eldre historiar og alle helteforteljingane vart nok pynta på og tilpassa det rådande samfunnssynet som fantest på 1200-talet. Det er opplagt at element er blitt lagt til og/eller trekt frå - og at enkelte historiar berre er tull og oppspinn. Øystein Morten har ikkje berre granska kongesagaene nøye; han har i tillegg brukt andre meir samtidige (og dermed sannsynlegvis meir truverdige?) kjelder.


Jakten på Olav den hellige av Øystein Morten
Spartacus 2013
Speletid 5:58
Lyd Storytel

Det er egentleg heilt utruleg at me aldri blir "ferdige med" denne kongen som levde for 1000 år sidan, men Morten kjem med nye vinklingar og interessante teoriar i denne boka. Det er ei todelt "jakt" det blir fortalt om. På den eine sida er det ei jakt etter det som kanskje er restane av deler av liket hans og på den andre sida; ei forteljing om mennesket Olav Haraldsson og samtida hans. 

Jakten på Olav den hellige er ei ganske kort bok (papirutgåva er på 256 sider), men forfattaren går grundig til verks. Han fortel utførleg om samfunnsforholda, storpolitikken og dei mange og skiftande alliansane som leda opp til den store konfrontasjonen då kongen fall på Stiklestad den 29. juli 1030. Det handlar også om kva som skjedde etterpå, både med maktforholda i Noreg - og med sjølve liket. 

Boka er interessant og lettlest. Til tider er det noko oppramsande, men Øystein Morten skriv med ein lett penn og med glimt i auga.
Eg vart dessverre aldri heilt fortruleg med opplesaren av lydboka. Den totale lese-/lytteopplevinga vart dermed eit terningkast 4. 


Jakten på Olav Tryggvason av Øystein Morten
Vigmostad Bjørke 2019
Speletid 9:25
Lyd Storytel

Denne kongen levde i siste halvpart av 900-talet, og han var konge i Noreg berre i fire-fem år. Likevel er han "kjent" for folk flest, også i dag. Det er egentleg veldig rart. 

Forfattaren peikar på at dei eldste skriftlege kjeldene er sprikande, og at det difor er vanskeleg å sei kva som er sant og ikkje. Når forfattaren reiser i fotspora til Olav Tryggvasson blir det ei ganske omfattande reise, på kryss og tvers i Nord-Europa. Arkeologiske funn og andre spor tyder på at ein del av det Snorre og andre sagaforfattarar fortel om, stemmer - men det er minst like mykje som ikkje er sant. 

Jakten på Olav Tryggvasson er ei underhaldande bok der forfattaren pirkar borti vedtekne "sannheiter". Olav Tryggvasson var i alle fall neppe så sprek og tapper som sagaene vil ha det til, og han likna heilt sikkert ikkje på Fritjof Nansen. (Teiknaren Erik Werenskiold brukte naboen Nansen som modell då han illustrerte den norske praktutgåva av Heimskringla i 1899.)

Kvar er Svolder, staden der Olav Tryggvasson fall i eit slag i år 1000? Det er det ingen som veit heilt sikkert, men Øystein Morten meiner at det er snakk om øya Ven i Øresund - og at det ikkje fann stad i år 1000, men i 999. Forresten er det ikkje sikkert at kongen døydde ved Svolder/Ven heller. Ei av legendene som oppsto i ettertid var at han overlevde, flykta og levde resten av levetida som munk i Midtausten. 

Det fungerer fint med lydbok, men det er greitt å ha tilgang til kart og oppslagsverk medan ein lyttar. Her er forfattaren sjølv opplesar av boka. Terningkast 4+.

2 kommentarer:

  1. Jeg har lest tre av dem - Ikke Olav den hellige. Jeg har ganske så like terningkast som deg sånn ca. på de tre andre bøkene . Liker godt stilen til Øystein Morten, spesielt Eirik Raude likte jeg godt, morsomt med teknikken han har skaffet seg og kan fly over på datamaskinene, hjemme hos seg selv. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig, både om skrivestilen og om Eirik Raude. Lærerikt og morosamt.

      Slett