3. november 2013

Smakebitar frå Instagram

For ein gong skuld er eg heime ein søndag føremiddag. Dei som føl meg på Instagram veit at eg pleier å vera på hytta i helgane. Der er det nemleg så mange flotte fotomotiv, som eg gjerne deler på sosiale media.

Denne helga vart det berre ein snartur for å klargjera og førebu oss til vinteren. 


Dagens bidrag til smakebit på søndag vert også delt via Instagram. Eg les Som steinen skinner av Britt Karin Larsen; bok nummer tre i den fine serien frå Finnskogen på 1800-talet.

2. november 2013

Bokomtale: Vi ses i morgen av Tore Renberg

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Tore Renberg
Speletid: 19:39

Tore Renberg har blitt ein populær og kritikarrost forfattarar, særleg gjennom Jarle Klepp-bøkene Mannen som elsket Yngve og Kompani Orheim. Og eg tenkte for meg sjølv; ei heil Renberg-bok utan Jarle?! då eg fekk høyra om denne nye boka. Men så kom eg på at den godaste Jarle egentleg var på god veg til å finna seg sjølv i Dette er mine gamle dager. Ei ny bok om ein velfungerande og optimistisk Jarle Klepp hadde blitt kjedeleg. Kanskje det er slike tankar Tore Renberg har hatt òg. For her handlar det om eit heilt nytt univers; "underverda" og "vrangsida" av verdens rikaste by, Stavanger.

Forfattaren let lesaren bli godt kjend med omlag ti personar i tre ulike miljø. Alle har si forteljarstemme og me får følgja dei nokre få avgjerande og tildels dramatiske septemberdagar. Renberg er ein menneskekjennar som har god innsikt i livet og tankane til både dei som er litt "skrudde" - og dei som er litt meir "vanlege". I denne boka fortel han dei enkelte karakterane si historie, og det er opp til oss som lesarar å vurdera moralen/umoralen deira. For det er som sagt skuggesida og dei noko mørke trekka ved menneska det handlar om i Vi ses i morgen.

Pål er den fyrste me møter, og han er faktisk eit gjensyn for oss som har lest kortromanen Videogutten. I den boka var handlinga lagt til åttitalet og Pål var ein søkande 14-åring. No er han ein stakkarsleg par-og-førti-åring, sakshandsamar i kommunen, speleavhengig, blakk og desperat. Så desperat at han kastar alle vinduskonvoluttar uopna og søker "hjelp" av yrkeskriminelle. Han er åleinefar til to tenåringsjenter, Malene og Tiril.
Malene er den snille og flinke turnjenta som har tatt på seg omsorgsrolla i familien. Tiril er den yngste, ho er ei opprørsk og svartkledd emojente som lyttar til Evanescense og har Amy Lee som førebilete.
Ei venninne av dei to er Sandra, som kjem frå ein vellukka og kristen heim, men sjølv har ho eit hemmeleg, intenst og intimt forhold til den farlege og vakre Daniel William. 
I alle desse ungdommane er det mykje hormonar og sterke kjensler.

Jan Inge, eller Jani (jepp, sjølvaste Videogutten) er sjefen i Hillevåg-gjengen og ser på seg sjølv som ein bedriftsleiar av David Toska-typen, berre litt meir filosofisk - og ikkje fullt så grådig. Han er sterkt overvektig og er som systera Cecilie prega av at han vart forlatt som 13-åring. "Fridomen" han fekk den gongen vart brukt til horror-filmar, tjuveri, heleri og anna småkriminalitet.
Rudi er ein svær fyr med ADHD, han bablar i eitt sett, og er både ein håplaus romantikar og ein brutal kjeltring. Her har Renberg skapt ein heilt spesiell karakter som er irriterande og fascinerande på same tid. Han diggar heavy metal; Mötley Crüe, Metallica og W.A.S.P. Men han likar også Coldplay og Viva la vida, noko han ikkje innrømmer for nokon. Han er veldig veldig skeptisk til nymotens påfunn som internett. Cecilie, eller Chessie, har vore kjærasten hans i 27 år. Stakkars Cecilie er med i gjengen av gammal vane, og fordi ho er avhengig av Rudi og broren Jan Inge. Ho og broren var utsett for grov omsorgssvikt då dei var heilt unge, - mora var alkoholisert og døydde og faren reiste rett og slett frå dei, den gongen på åttitalet. Cecilie er kjenslemessig ustabil, er lite pen og elskar Van Halen og Aerosmith. Ho vert framstilt som lett tilbakeståande - eller kanskje ho er psykisk skadd etter gjentekne overgrep i ung alder.
Den fjerde personen i denne gjengen er den harde og kalde Tong, som akkurat har sona ferdig fengselsstraffa si - og som Cecilie har innleia eit forhold til medan han har sete inne.

Dette var kort om ein del av personane og forteljarstemmene i boka - og på same tid eit slags handlingssamandrag. For det er dei enkelte si historie som held oppe og som er handlinga i boka. Historiane til dei enkelte flettar seg inn i kvarandre, personane nærmar seg kvarandre på ulike vis og dei ulike hendingane skifter stadig perspektiv. Renberg skildrar karakterane sine mest ut frå måten dei snakkar på, men let òg lesaren ta del i tankane deira. Og det viser seg at både fjortisane og førtisane er heilt annleis inni enn utanpå. Ungdommane er tøffe i trynet, men usikre, einsame og redde inni seg. Det same er dei vaksne. Boka har ei stemning av noko håplaust, noko vemodig og hjelpelaust, - men det finst rikeleg med humor også. Barsk og mørk humor.

Mange anmeldarar har sagt at tempoet i denne boka er høgt. Slik oppfattar ikkje eg det, men det har truleg samanheng med at eg lyttar til Renberg si heller rolege stemme. Men handlingane er heftige, personane er energiske - her er både banning, sverging, puling og slåssing. Vi ses i morgen har eit røft og tøft språk - særleg gjeld dette dialogane. Her er det ikkje snakk om å snakka rundt grauten. Alle bannorda og tabuorda kan oppfattast som provoserande, men eg trur faktisk at ein slik måte å snakka på er heilt vanleg i dei miljøa det her handlar om. Boka er skriven på bokmål, men Renberg les på si eiga stavangerdialekt, - og eg føler at det gjer boka meir ekte, meir realistisk og meir intim.

Som musikkinteressert likar eg godt dei mange musikkreferansane i boka. Forfattaren nemner utallige låtar og artistar eg sjølv likar og har høyrt mykje på. Eg har brukt lang tid på lydbok-lyttinga fordi det gjekk ei tid før eg vart engasjert i historia. Det er mange folk og mange detaljar og opplevingar å halda styr på. Etter kvart som eg vart meir kjend med stoffet og personane, vart lyttinga meir intensiv. Spenninga stig også etter kvart; for kva i alle dagar kjem til å skje på slutten? Lukkast Pål i å få tak i pengar? Vert "bransjeklassikaren" til Rudi og Jani vellukka? Kva skjer med Cecilie? Og Daniel William - klarar han å komma seg ut av flokene? Korleis går det med Tiril og framføringa hennar?
Korleis skal forfattaren klara å landa ei så omfattande og absurd forteljing?
Vel - han landar som forventa; på ein absurd, tragikomisk og naiv måte. På ein litt uavklart og typisk renbergsk måte.

Tore Renberg er ein dyktig forfattar som skapar nye interessante historiar og sjarmerande karakterar i kvar einaste bok. Det vert spennande å sjå kva han kjem med neste gong.

Eg gir Vi ses i morgen terningkast fem, som betyr at eg likte boka veldig godt, men:
Trass i ei drivande handling, tykkjer eg at ho er for lang. Det vert tidvis så mykje tøys og tull . Eg tykkjer boka inneheld for lange monologar og mange unødvendige detaljar. Papirboka er på 600 sider og lydbokversjonen på nesten 20 timar.
Det vert for mange ord, rett og slett.

Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.

1. november 2013

Oppsummering oktober

Påbyrja i september, fullført i oktober:
Jan Guillou - Dandy - Svensk roman - Kjøpt pocketbok

Lest i oktober:
Hans Olav Lahlum - Kameleonmenneskene - Norsk krim - Kjøpt lydfil
Gaute Heivoll - Før jeg brenner ned - Norsk roman - Kjøpt E-bok
Helge Thime-Iversen - X - Norsk krim - Leseeksemplar fått frå Juritzen forlag
Helga Flatland - Alle vil hjem. Ingen vil tilbake - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Andrew Taylor - De dødes måned - Britisk krim - Papirbok lånt av mor
Tore Renberg - Vi ses i morgen - Norsk roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Hjorth & Rosenfeldt - Fjellgraven - Svensk krim - Kjøpt pocketbok
Alexandra Bockfeldt - Før jeg forlater deg - Norsk roman - Leseeksemplar fått frå Juritzen

Påbyrja i oktober, fullførast i november:
Britt Karin Larsen - Som steinen skinner - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Asle Skredderberget - Smertehimmel - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket


30. oktober 2013

Bokomtale: Fjellgraven av Michael Hjorth og Hans Rosenfeldt

Aschehoug 2013
457 sider
Oversetjar: Håvard Syvertsen

Det er to framgangsrike og drevne manusforfattarar for TV og film som står bak bøkene Mannen som ikke var morder, Dødens disippel og Fjellgraven. Det merkast. Forteljarteknikken er filmatisk, med hurtige sceneskift, gode dialogar og dessutan eit svært interessant persongalleri. Hjorth og Rosenfeldt er - ikkje utan grunn - to av dei "heitaste" krimforfattarane i Sverige for tida. Det bør nemnast at Hans Rosenfeldt er ein av skaparane av den dansk/svenske TV-serien Broen. (Broen sesong 2 går på NRK på måndagane denne hausten, og er cirka det einaste eg ser på TV no for tida)

Fjellgraven er den tredje boka i serien og er både spennande og velskriven, - men har eit litt rolegare tempo enn dei føregåande bøkene. Bøkene bør lesast i kronologisk rekkefølge slik at ein får med seg utviklingstrekka og samanhengen. Serien er ein politiroman i Sjöwall/Wahlöö-tradisjon og -stil.

To kvinner går fjelltur i Jämtland og gjer ei makaber oppdaging; eit skjelett. Politiet vert varsla og det vert avdekka at heile seks personar, to av dei barn, er nedgravde på same staden. Det ser ut som om desse menneska har blitt henretta og lagde i ei massegrav. Riksmordkommissionen vert innkalla og det vanskelege arbeidet med å identifisera dei døde er i gang. Kven er desse menneska? Kvifor har ingen sakna dei? Grundig etterforsking avslører at to av dei døde er eit hollandsk par som vart vekke i samband med ein fjelltur i 2003, - dermed har politiet eit utgangspunkt for vidare gransking. På omlag same tid og i det same området omkom ei amerikansk kvinne i det som har vore sett på som ei bilulukke, - kvinna hadde falske id-papir og køyrde leigebil. Kven var den kvinna? Finst det ein samanheng med dei døde i fjellet?

I ei parallellhistorie møter me ein journalist som jobbar med ei sak om to afghanske familiefedre som forsvann i 2003. Denne forsvinninga har blitt forklart med at dei var asylsøkarar og held seg skjult for å unngå returnering til heimlandet. Kona til den eine av dei har kontakta journalisten fordi mannen hennar aldri ville ha forlate familien sin. Når journalisten så startar å grava i saka, vert det klart at Säpo har vore innblanda i etterforskinga og at saka er hemmelegstempla på grunn av "rikets sikkerhet". Kvifor har Säpo vore innblanda i noko så trivielt som ei asylsak?

Persongalleriet i Riksmord er det same som i dei føregåande bøkene, og denne gongen får me bli enno meir kjende med dei og forholda dei har og har hatt til kvarandre. Sebastian Bergman er psykologen og profileraren i gruppa. Tidlegare har han brukt forføring, kvinner og sex som terapi for sin eigen del, no har han skifta fokus litt, - men han er framleis kynisk, egoistisk og usympatisk. I Mannen som ikke var morder vart me kjende med at Sebastian er den biologiske faren til Vanja Lithner, som også jobbar i Riksmord. Dette ønskjer han ikkje å avsløra for nokon, men han føler veldig ansvar og kartlegg henne og familien hennar og "jobbar seg innpå henne" i Dødens disippel og i Fjellgraven. Dette sideplottet gjer serien ekstra spennande.

Eg gler meg til neste bok om drittsekken Sebastian og dei andre i Riksmordkommisjonen. Cliffhangeren på slutten var av det uuthaldelege slaget.



Fabelaktige Rolf Lassgård spelar Sebastian Bergman i mini-TVserien basert på dei to fyrste bøkene:


29. oktober 2013

Bok på vent: Det finnes ingen helhet

Eg likte veldig godt lydbokversjonane av Helga Flatland sine bøker Bli hvis du kan. Reis hvis du må og Alle vil hjem. Ingen vil tilbake. Det fungerer veldig godt med ulike opplesarar for dei forskjellige forteljar-stemmene.

Verdens finaste pus poserer med boka.
No har eg lånt den tredje og avsluttande (lyd)boka Det finnes ingen helhet på biblioteket. I denne boka har det gått fem år sidan tre unge menn frå den same vesle bygda vart drepne av ei vegbombe i Afghanistan. Det finnes ingen helhet har fått strålande mottaking og gode omtalar frå alle hald. Eg ser fram til ei ny fin lyttestund.

Omtale frå forlaget:
Helga Flatland har begeistret kritikere og lesere. Nå fullfører hun sin trilogi om den lille bygda som mistet tre gutter på oppdrag i Afghanistan.Det er fem år siden Tarjei, Trygve og Kristian ble drept. Ragnhild, bygdas lege, vet mye om hva som fikk guttene til å reise, og hva dødsfallene har gjort med dem som ble igjen. Gjennom hennes blikk ser vi hvor ulikt menneskene forholder seg til tap, erkjennelse og overlevelse. Hennes fortelling viser også hvordan hjelperen selv kan bli avhengig av de som skal hjelpes."Det finnes ingen helhet" er en roman om forsoning, om veien videre etter en stor katastrofe og en stor sorg.
Her snakkar Helga Flatland litt om boka si:



Beathe arrangerer "Boken på vent" for siste gong i dag. 

27. oktober 2013

Bokomtale: Før jeg forlater deg av Alexandra Bockfeldt

Juritzen 2013
302 sider

Både Helena og Aurèlie er vel etablerte, har velordna liv og er gift med kvar sin kjekke mann. Så møtest dei - og vert momentant forelska i kvarandre. Dei oppheld seg ei veke i den norske fjellheimen - ei veke fyllt med lidenskap og kjærleik - men vert enige om at dei aldri skal møta kvarandre igjen. Nokon gong. Dei vel å venda tilbake til det livet dei har; Helena til London, jobben som flyvertinne og professorektemann og Aurèlie til Paris, fotokunstkarriere og legeektemann.

Det har gått åtte år etter denne "kjærleiksveka" når handlinga i boka egentleg startar. Verken Helena eller Aurèlie har klart å gløyma det vakre og store dei opplevde den gongen, men har ikkje hatt kontakt med kvarandre. Dei to kvinnene har opplevd Den Store Kjærleiken - som ingen andre kjenner til - og lengtar seg sjuke etter kvarandre. Så skjer noko dramatisk i begge kvinnene sitt liv...

Før jeg forlater deg er ein kjærleiksroman, den minner mykje om desse følgjetongane som eg av og til skummer gjennom dersom eg blar i eit vekeblad. Men her handlar det altså om lesbisk kjærleik, så ein kan sei at dette er ein alternativ kjærleiksroman.

Eg vil gjerne presisera at eg er ein veldig uromantisk person som nesten aldri les bøker av den romantiske typen. Så eg tykte boka var ganske kjedeleg, med mykje repitisjonar om stooore kjensler, denne stooore kjærleiken, begjæret, lidenskapen og lengselen. Eg opplevde mykje av dette som liksomdramatisk og eg vart ikkje så veldig engasjert i handlinga. Men boka er ikkje fullt så sentimental og klissete som eg ofte opplever at slike bøker er. Ho er veldig lettlest og fortlest - og slutten er bra og spennande - om enn noko patetisk.

Før jeg forlater deg er debutromanen til Alexandra Bockfeldt. Du kan lesa meir om forfattaren på nettsidene til Juritzen forlag.

Andre bokbloggarar om boka:
Tine og Åshild - som er meir positive enn meg...
og den andre Berit - som "ikkje er overbevist" - men ho påpeikar det fine omslaget. Og akkurat det kan eg sei meg enig i.

Takk til Juritzen for leseeksemplar.

24. oktober 2013

Bokvanespørsmål

er artig. Eller, det er vel alle dei ulike svara som er artigast.
Via Siljes skriblerier via Glamourbibliotekaren.

Sist kjøpte innbundne bok:
'Lobotomisten' av Eirik Husby Sæther, kjøpt for kr 39 i den lokale Notabene-butikken. Eg fekk tilsendt oppfølgjaren 'Heksedoktoren', og fann ut at eg måtte lesa bok nummer ein fyrst. Begge er fortsatt på vent.

Sist kjøpte pocketbok:
'Fjellgraven' av Hjorth & Rosenfeldt, kjøpt på den lokale Rimi-butikken! - og som eg les i akkurat no. Svensk kvalitetskrim.

Favorittsjanger:
Krim og spenning.

Favorittbokhandel:
Har både Libris-, Ark- og Notabene-bokhandlel i nærmiljøet - og dei er greie nok. Brukar likevel mest nettet og lydbokforlaget.no og haugenbok.no.

Favorittbibliotek:
Har to bibliotek som eg brukar og dei utfyller kvarandre, og saman fyller dei mitt behov. Er det bøker dei ikkje har, etterspør eg desse og biblioteket skaffar dei. Enkelt og greit. Det eine ligg der eg bur og det andre der eg jobbar.

Favorittleseplass hjemme:
Godstolen, sofaen, senga. Terrassen om veret er brukbart. Dersom eg les lydbok: Alle stader.

Favorittleseplass utenfor hjemmet:
På bussen. Med lydbok.

Fem forfattere du alltid kjøper i innbundet format:
Ingen. Eg er fyrst og fremst ein lånar, ikkje ein kjøpar.

Beste lese-snacket:
Sjokolade, chips, frukt.

Beste lesedrikke:
Kaffi. Svart og sterk!
Eller Olden med sitronsmak dersom væskebalansen tilseier det.

Beste bakgrunnsstøyen:
Kvardagslydar. TV, radio, prat, musikk. Eg vil ikkje ha det heilt stille.

Når på døgnet leser du helst?
Seint om kvelden og natta. Eg treng lite søvn.

Beste bakfyll-lesing:
Uhyggeleg sjeldan at eg er full og bakfull. Dersom det skulle henda vert eg veeeeldig sjuk og ute av stand til å lesa.

Beste kollektivtrafikklesestoff:
Lydbok.

------------------------------

Blir du med på utfordringa? Kva svarar du?

Sjå kva andre har svart her:
Heidi - Stjernekast
Beathes bokhylle
Anita - Artemisias verden
Pias kulturkrok

22. oktober 2013

Elendig oversetjing - manglande språkvask

Eg har kjempa meg gjennom ei krimbok. Det er heilt uvanleg at eg gjer det, men denne gongen irriterte eg meg så over skrivefeil, dårleg språk og elendig oversetjing at det gjekk ut over leseopplevinga. Boka var De dødes måned (An air that kills) av den britiske forfattaren Andrew Taylor.

Oversetjinga er så dårleg at det er pinleg. Eg vert flau på både oversetjaren og forlaget sine vegne. De dødes måned er ein krimroman med handling frå 1950-talet, i eit "Med hjartet på rette staden"-miljø. Sjølve boka er slett ikkje så dårleg, - men som sagt; det dårlege språket øydela. Eg hadde mest lyst til å finna fram ein raudblyant og senda boka attende til forlaget.

Her er nokre eksempel. Eg har utheva det eg meiner er feil og rart:
Vinden hadde blåst bort mange av skyene og avdekket en blå himmel, og solen var ute. Det var forbløffende hvordan litt solskinn kunne muntre opp en mann. Han lot et par dråper optimisme sive inn i sjelen: Med tiden var alle ting mulig..
Med plutselig hast åpnet han klaffen på skatollet..
Gloria var ingen steder å se. Av skuffelsen innså han hvor sikkert han hadde regnet med å se henne..
Hun var mer enn en antydning lubben over midjen og hoftene. Kjolen virket oppstrammende på kjøttet under.. 
Har du sett på maken?!

Eg vil ikkje leggje all skuld på (og ansvaret for) det dårlege språket på oversetjaren. Kan hende er noko forfattaren sin feil, men Mr. Taylor har vunne ein del prisar i løpet av forfattarskapet sitt, så eg kan ikkje tru at han er dårleg. (For ordens skuld: Eg har aldri lest noko av denne forfattaren før) Oversetjaren har muligens gjort jobben sin - men på den lange vegen frå forfattar via oversetjar - språkvaskar - konsulent - forlag osv. til lesar har noko svikta i dette tilfellet.

Å vera oversetjar er nok ein krevjande jobb. Det held ikkje å bruka Google translate, for å sei det slik. Dersom jobben er gjort på ein tilfredsstillande måte, legg ein ikkje merke til oversetjaren. I motsett tilfelle - om oversetjaren har gjort ein dårleg jobb - legg ein altfor mykje merke til - nettopp, den dårlege oversetjinga. Eg vert stadig vekk forundra og skuffa over at enkelte forlag ikkje prioriterar korrekturlesing og språkvask meir enn dei gjer. Er oversetjarane for dårlege? Er det mangel på ressursar som er problemet? Er det dårlege rutinar? Forlaga har då vel folk som les bøkene før dei går i trykken?

Forfattarar, oversetjarar, forlag og korrekturlesarar har betalt for å levera ei feilfri vare. Bøker som inneheld skrivefeil og dårleg språk er ei vare det er grunn til å klaga på, meiner eg.

Dessverre virkar det som om det er ei litt likegyldig haldning til dette problemet, også blant lesarar. Det er sjeldan at dårleg oversetjing vert noka stor sak.
Kva meiner andre bloggarar? Har du synspunkt på dette?
Det hadde vore interessant/artig om ein eller annan frå forlagsbransjen eller oversetjarmiljøet kunne ha komme med ein uttale!

20. oktober 2013

Vi ses i morgen - ein musikalsk smakebit

I skrivande stund lyttar eg til Tore Renberg som les frå si eiga bok Vi ses i morgen. Eg tykkjer Renberg er ein særprega og storarta forfattar, og at han er ein god opplesar til sine eigne bøker. Eg har høyrt han lesa Charlotte Isabel HansenDette er mine gamle dager og Farmor har kabel-TV/Videogutten tidlegare.

Såg du Lindmo den 28. september? Viss ikkje, kan du sjå heile programmet på NRK nett-TV. I det programmet hadde Anne Lindmo besøk av mange spennande gjester, m.a. dei to glimrande hovudrolleinnehavarane i den glimrande dansk-svenske krimserien Broen; Kim Bodnia og Sofia Helin. Janove Ottesen og Tore Renberg var også gjester, i samband med utgjevinga av Vi ses i morgen fortalde dei om samarbeidet om eit booktrack til boka.

Programmet vart avrunda med den nydelege sangen Vi ses i morgen, framført av Janove Ottesen, Christel Alsos og Real Ones. Musikk er viktig for Renberg og for romanskikkelsane hans. Høyr booktracket her:


Tekst: Tore Renberg - Musikk: Janove Ottesen
Sangteksten kan du finna på http://www.torerenberg.no/

Smakebit på søndag er boktema hos Mari og Flukten fra virkeligheten.

-----------------------

Oppdatering 24.10.13:


18. oktober 2013

Bokomtale: Før jeg brenner ned av Gaute Heivoll

Tiden 2010
302 sider

Kjelde: Kjøpt e-bok

Gaute Heivoll byggjer boka si på verkelege hendingar og har også skrive seg sjølv inn i romanen. Ein pyroman herja i heimbygda til forfattaren i 1978, det året han vart fødd - og gjennom heile oppveksten har han høyrt forteljingar om brannane og om pyromanen. I vaksen alder fortel så Heivoll om desse hendingane frå 1978 og parallellt fortel han om sitt eige liv og om korleis han vart forfattar.

Før jeg brenner ned er ei forteljing om to unge menn som strevar med å finna "meininga med livet". Pyromanen og forteljaren sine historiar kryssar kvarandre på fleire plan. Begge er som barn snille, ordentlege og flinke. Kva er det som gjer at den eine av dei "tippar over"? Er det berre tilfeldig? Kva skjedde egentleg med pyromanen medan han var i militæret? Kvifor fekk han ikkje hjelp?

Forfattaren har sett seg inn i tankane til brannstiftaren, han har snakka med gamle sambygdingar som hugsar pyromanen og ofra hans, samstundes som han tenkjer tilbake på sin eigen oppvekst og om korleis han er blitt den han er blitt.

Eg skulle gjerne ha likt denne boka. Eg skjønnar at Heivoll er ein dyktig forfattar, at språket hans er presist, og at historia kan vera interessant, - men ho passa ikkje for meg. Eg fann ho verken rystande eller gripande, berre irriterande trist. Faktisk kjende eg ingenting, - berre eit visst medynk med foreldra til pyromanen.

Eg var mest letta då boka endeleg var utlest. Før jeg brenner ned sette meg i dårleg stemning. Boka liknar på ein thriller, men finst ikkje spennande. Så - det er vel meg det er noko "feil" med? Forfattaren vart då tildelt Bragepris og greier...

- eller er Roar Sørensen inne på noko i sitt krasse og etter kvart berømte debattinnlegg "So you think you can write?" der han - for å sei det pent - slaktar heile boka?