22. oktober 2013

Elendig oversetjing - manglande språkvask

Eg har kjempa meg gjennom ei krimbok. Det er heilt uvanleg at eg gjer det, men denne gongen irriterte eg meg så over skrivefeil, dårleg språk og elendig oversetjing at det gjekk ut over leseopplevinga. Boka var De dødes måned (An air that kills) av den britiske forfattaren Andrew Taylor.

Oversetjinga er så dårleg at det er pinleg. Eg vert flau på både oversetjaren og forlaget sine vegne. De dødes måned er ein krimroman med handling frå 1950-talet, i eit "Med hjartet på rette staden"-miljø. Sjølve boka er slett ikkje så dårleg, - men som sagt; det dårlege språket øydela. Eg hadde mest lyst til å finna fram ein raudblyant og senda boka attende til forlaget.

Her er nokre eksempel. Eg har utheva det eg meiner er feil og rart:
Vinden hadde blåst bort mange av skyene og avdekket en blå himmel, og solen var ute. Det var forbløffende hvordan litt solskinn kunne muntre opp en mann. Han lot et par dråper optimisme sive inn i sjelen: Med tiden var alle ting mulig..
Med plutselig hast åpnet han klaffen på skatollet..
Gloria var ingen steder å se. Av skuffelsen innså han hvor sikkert han hadde regnet med å se henne..
Hun var mer enn en antydning lubben over midjen og hoftene. Kjolen virket oppstrammende på kjøttet under.. 
Har du sett på maken?!

Eg vil ikkje leggje all skuld på (og ansvaret for) det dårlege språket på oversetjaren. Kan hende er noko forfattaren sin feil, men Mr. Taylor har vunne ein del prisar i løpet av forfattarskapet sitt, så eg kan ikkje tru at han er dårleg. (For ordens skuld: Eg har aldri lest noko av denne forfattaren før) Oversetjaren har muligens gjort jobben sin - men på den lange vegen frå forfattar via oversetjar - språkvaskar - konsulent - forlag osv. til lesar har noko svikta i dette tilfellet.

Å vera oversetjar er nok ein krevjande jobb. Det held ikkje å bruka Google translate, for å sei det slik. Dersom jobben er gjort på ein tilfredsstillande måte, legg ein ikkje merke til oversetjaren. I motsett tilfelle - om oversetjaren har gjort ein dårleg jobb - legg ein altfor mykje merke til - nettopp, den dårlege oversetjinga. Eg vert stadig vekk forundra og skuffa over at enkelte forlag ikkje prioriterar korrekturlesing og språkvask meir enn dei gjer. Er oversetjarane for dårlege? Er det mangel på ressursar som er problemet? Er det dårlege rutinar? Forlaga har då vel folk som les bøkene før dei går i trykken?

Forfattarar, oversetjarar, forlag og korrekturlesarar har betalt for å levera ei feilfri vare. Bøker som inneheld skrivefeil og dårleg språk er ei vare det er grunn til å klaga på, meiner eg.

Dessverre virkar det som om det er ei litt likegyldig haldning til dette problemet, også blant lesarar. Det er sjeldan at dårleg oversetjing vert noka stor sak.
Kva meiner andre bloggarar? Har du synspunkt på dette?
Det hadde vore interessant/artig om ein eller annan frå forlagsbransjen eller oversetjarmiljøet kunne ha komme med ein uttale!

5 kommentarer:

  1. Det er så irriterande når du les og kjenner at språket er ikkje slik at det flyter. Flytande språk er viktig og forlaget har ein stor jobb. I dette tilfellet er det ikkje nødvendigvis orda som er skreve galt, men heller flyten og setningane som eg fant merkelige.

    Kven er det som har oversatt?

    SvarSlett
    Svar
    1. Språkflyt er superviktig. Det er ikkje så mange rettskrivingsfeil i akkurat denne boka, og ingen i dei eksempla eg namner. Men språket er jo håplaust. Ein kan/bør t.d. ikkje skriva "med plutselig hast". Ein skriv "fort" eller "raskt", rett og slett.

      Eg namngir ikkje oversetjaren her, men det kan enkelt googlast. Vedkommande har også oversett "Blomstenes hemmelige språk" til norsk. Eg har absolutt ikkje lyst til å lesa den boka.

      Slett
    2. Stemmer. Eg har lest Blomstenes hemmelige språk, men eg kan ikkje huske at eg reagerte på språkflyten i den oversettelsen.

      Slett
  2. Så rart, jeg måtte søke opp hvem som var oversetteren (velger å ikke legge ut navnet)... Jeg har lest flere bøker som h*n har oversatt, og jeg har aldri lagt merke til at det tidligere har vært spesielt dårlig... Nå fikk jeg jo lyst til å lese boka bare fordi du skrev dette innlegget ;-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Vedkommande kan ha hatt ein dårleg dag på jobben - men då burde det ringa nokre bjeller hos den/dei som er ansvarleg for utgivinga..
      Kanskje det er berre meg det er noko "gale" med?? Det hadde vore artig om du hadde lest boka. Då kunne eg fått stadfesta (eller avkrefta) mi oppleving av det elendige språket.

      Slett