272 sider
Lånt på biblioteket
Jordtårer er den frittståande oppfølgjaren til kriminalromanane Hemmeligheten og Frostrøyk. Eg har ikkje lese desse to, men starta rett på bok nummer tre.
Tittelen er fin og spennande og det startar utruleg fengande:
"Han børstet vekk jord og småstein, tok med seg klumpen opp av hullet og satte seg på gresset for å se på den.
Det var ikke gull.
Hodeskallen gliste mot ham, med to tomme øyne. Mørk jord laget skitne streker på det hvite. Det var akkurat som om skallen gråt.
Jordtårer."
Ein unggut som grev opp gamle menneskeknoklar, ein prest som ber på gamle mørke familiehemmelegheiter, ein bonde som vert drept, ei gammal nabodame som ikkje fortel alt ho veit. Samt ein politimann som strevar med eks'en sin og ein nysgjerrig journalist med ein enno meir nysgjerrig kjæreste. Dette er nokre av personane og hendingane lesaren vert presentert for.
Her er ingen einsam krimhelt i hovudrolla. Eg-person og forteljar er journalisten Oskar Myhre, men også to andre personar er med på å løysa mysteria; kjæresten Jessica og kompisen og politimannen Eddi Stubb. Forfattaren skiftar stadig perspektiv mellom desse og andre aktørar i boka. Han legg ut mange lause trådar, skapar ei litt uhyggeleg og mørk stemning, byggjer opp spenning og alt legg til rette for ei slukebok for ein krimelskar.
Men midtvegs i boka "stoppar det opp" for denne lesaren. Dessverre.
Spoiler-advarsel!
Resten av denne omtalen inneheld ting som avslører sentrale deler av handlinga.
Det kjem nemleg enno eit par lause trådar - som berre vagt og glimtvis har noko med dei andre sakene å gjera. I all kriminallitteratur finst eit par viktige moment: Til slutt skal alt henga saman - gjerne på ein finurleg måte, og alle trådane skal samlast slik at lesaren ser ei løysing og ei oppklaring. Saka med det kidnappa barnet og dei hjelpelause tenåringsforeldra er etter mi meining berre eit irriterande sidespor.
Løysinga og oppklaringa av det gamle mysteriet er forferdeleg og grusomt. Så skrekkeleg at det vert for mykje. Så redselsfullt at eg rett og slett ikkje trur på historia lenger. Forskrudd religiøsitet som motiv har vore brukt i mange kriminalromanar tidlegare, men her vert det dradd vel langt. Ei anna innvending mot innhaldet i boka er det praktiske, polititekniske og -taktiske. Sidan det er lagt opp til ei "realistisk" krimbok, virkar det litt rart at kun to politifolk etterforskar desse grove brotsverka.
Dei to sentrale personane i etterforskinga, Eddi og Oskar, er sympatiske og normale, - så normale at dei er utan personlegheit og sjarm - og dermed lette å gløyma. (Det er mykje lettare å lika og hugsa ein litt sprø og eksentrisk krimhelt!)Når det gjeld skildringa av den tilbakeståande guten er forfattaren derimot veldig bra. Her syner Eie Larsen varme, innsikt og innleving.
Jordtårer er lettlest og fortlest. Eg har ingenting å innvenda når det gjeld språkflyt og komposisjon. På det feltet er forfattaren dyktig og har gjort eit grundig arbeid. Det er sjølve krimforteljinga og den uforløyste spenninga eg ikkje klarar å lika. Eg likar - som sagt i innleiinga - veldig godt fyrste del av boka, men tykkjer at andre og siste del ikkje står i stil. Eg får ikkje det som det vert lagt opp til, det eg hadde forventa.













