28. juni 2015

Bokomtale: Slik treet faller av Britt Karin Larsen

Cappelen Damm 2014
492 sider

Kjelde: Lånt privat

Britt Karin Larsen held framleis koken. Bok nummer seks i Finnskog-serien har tittelen Slik treet faller - og eg er stadig like fascinert av finnskogkulturen, av folka i dette miljøet og av forfattaren sin unike måte å formidla det heile på.

Dei såkalla skogfinnane stammar frå finske emigrantar som slo seg ned i granskogane på Finnskogen på 15- og 1600-talet. Den særprega finnskogkulturen - med sin eigen byggeskikk, sin eigen jordbruksmetode og sitt eige språk - finst ikkje lenger. Då er det fint at museum og andre kulturbærarar - som forfattaren Britt Karin Larsen - formidlar kulturen og historia til oss.
Handlinga i Finnskog-bøkene til Britt Karin Larsen er lagt til området mellom Hedmark i Noreg og Värmland i Sverige på midten av 1800-talet og framover. I denne sjette boka er me komne til omlag 1910-20-talet.

Me møter igjen folka på Valkola og Mostamägg, Grønnåsen og Lauvåsen. Etter kvart har dei opprinnelege personane, Lina og Taneli, fått mange etterkommarar. Enkelte held framleis til i Finnskogen, men nauda har gjort at mange har flytta til hovudstaden, - og somme har reist heilt til Amerika. Persongalleriet er veldig stort, men Larsen held liksom ei stø hand over dei alle, - så det er lett for lesaren å halda fokus og engasjement. Både natur og menneske vert skildra med varme og kjærleik.

Som så mange andre er eg betatt av språket i bøkene. Kvar einaste side inneheld ein setning eller ein formulering som er ein fryd og ein glede å lesa. Larsen har ein heilt eigen forteljarstil. Nesten kvart korte kapittel vert innleia med eit ettertenksamt, filosofisk og "universellt" overblikk i ein spørjande og undrande tone - før det igjen vert fokusert ned på individnivå. Dette forteljargrepet er effektfullt og stemningsskapande:
"Noen synes synd på mennesker som dør uten å ha sett annet landskap enn skogens, men hva hjelper det å ha sett hele verden den dagen en likevel skal dø?"
Det nest siste kapittelet vert innleia på denne måten:
"Klokskap og tålmodighet kan få mennesker til å vente, eller mangel på mot. Å vente kan være en stor kunst eller et stort feilgrep, svaret fås bare etterpå, om det noen gang fås." 
Eg som er så glad i bøker og bibliotek likte også godt denne innleiinga:
"Biblioteket er skogens søster, det finnes en ro der, man føler seg beskyttet, hyllene med bøker er som trestammer man går inn bak, i ly for andre blikk, og var det kanskje ikke trær de var, både hyllene og bøkene i dem, en gang for lenge siden?"
Slik treet faller bør lesast sakte, slik at ein verkeleg får med seg alle fine detaljar. Samstundes er boka spennande og underhaldande. Forteljinga er full av små og store dramatiske hendingar; sorger og gleder, slit og strev, liv og død. Den allvitande forteljarstemma er lun og intens - utan å vera sentimental. Dei finfine natur- og landskapsskildringane må òg nemnast.

I august kjem den sjuande og avsluttande romanen i serien. Den har tittelen Kaldere mot natten og handlinga er der lagt til tida rundt 2. verdenskrig. Den gledar eg meg til å lesa, for eg er svært begeistra for serien. Alle bøkene anbefalast varmt - til absolutt alle. Dei er lærerike, , ekte, gripande - ja, rett og slett kjempegode leseopplevingar. Det er ein fordel å lesa dei i rett rekkefølge, dvs. å starta med Det vokser et tre i Mostamägg.

Eg koblar denne bokomtalen som eit Smakebit på søndag-innlegg. Du finn mange ulike smakebitar og boktips på bloggen Flukten fra virkeligheten.

19. juni 2015

Biolesesirkel: Thor Heyerdahl - Mannen og havet av Ragnar Kvam

Gyldendal 2005
456 sider


Dersom det finst ein person som fortener ein biografi i heile tre bind, må det vera Thor Heyerdahl. Verdens mest kjende nordmann gjennom tidene. Eventyrar, etnograf, arkeolog, antropolog, miljøforkjempar, forfattar - og vitenskapsmann.

Eg har lest fyrste bind av Ragnar Kvam jr. sin biografi; Mannen og havet i samband med Moshonistas biografilesesirkel. Temaet denne gongen er "vitenskap" - og sidan eg likte så godt både Den tredje mann (Om Hjalmar Johansen) og Straffen (Om Knud Bull) av same forfattar, fann eg ut at eg like godt kunne halda meg til same biograf.

Men eg sleit litt med Kvam og Heyerdahl, skuffande nok. Kanskje var innhaldet og hovudpersonen for kjent på førehand? Kanskje har forfattaren gått litt vel grundig og detaljert til verks? Kanskje var det meg?

Vel - sjølv om det altså gjekk litt tregt og seigt (eg er fire dagar "for sein"); dette er så absolutt ein bra biografi. Boka er velskriven, illustrert med bilete, teikningar og kart, oversiktleg komponert og med gode skildringar av folk, stader og hendingar. Og det er den berømte, dristige og dramatiske Kon Tiki-ekspedisjonen som både startar og avsluttar boka.

Heime i barndomsheimen min hadde me Thor Heyerdahl si bok om Påskeøya-ekspedisjonen; Aku-Aku, Påskeøyas hemmelighet. Då eg var ein jentunge bladde og las eg i den boka mange, mange gonger - så eg har på ein måte vore fascinert av Heyerdahl i lang tid. Desse kjempedigre gamle statuane på Påskeøya var mystiske og spennande. Eg er også så gammal at eg hugsar godt Ra-ferdene og Tigris-ekspedisjonen.

Å lesa om barndommen og oppveksten til Thor Heyerdahl var interessant. Han vart fødd i Larvik i 1914 der han vaks opp i ein (beste)borgerleg heim. Som barn var han overbeskytta, bortskjemt og engsteleg, - ein einsam og skuleflink lesehest. Han var ganske sikkert prega av motsetnadene og kulden mellom foreldra sine. Mora og faren levde i eit merkeleg og kjenslekaldt ekteskap og sto for heilt forskjellige livssyn. Faren Thor senior var religiøs og lærte sonen fadervår - medan mora Alison var ateist og lærte han Darwins evolusjonslære. Det vert fortalt at Thor junior alt som smågut laga fantasifulle teikningar av sydhavsøyar og bestemte seg for å bli "oppdagelsesreisende" når han vart stor.

Etter fullført artium starta Thor opp med zoologi-, biologi- og geografistudiar ved Universitetet i Oslo. Thor fann seg ikkje heilt til rette på universitetet. Han mislikte å bli sett i bås, - han tenkte meir heilskapleg og ønskte at dei ulike faga kunne samarbeida meir. Men - han møter her fleire personar som skal bli viktige for han, mellom dei Norges fyrste kvinnelege professor Kristine Bonnevie (som du lesa meir om hos Groskro's verden). Ho inspirerte unge Heyerdahl til den fyrste reisa/ekspedisjonen til Polynesia. Han møter også studenten Liv Coucheron Torp - og fyrste gong dei møter kvarandre spør Thor henne om ho vil bli med han til ein plass utanfor sivilisasjonen. Ho svarar ja med ein gong. Dei gifter seg julafta 1936 og dagen etter dreg dei ut på ei lang reise.

Ragnar Kvam jr. brukar mykje plass i boka til den fyrste sydhavsekspedisjonen - fordi dette var så viktig for det seinare livet og virket hans. Den fyrste ekspedisjonen gjekk til øya Fatuhiva i Stillehavet i perioden 1937-38. Dei to nygifte har som mål med reisa å leva heilt i pakt med naturen - men heilt slik skal det ikkje gå. Dei finn seg ikkje til rette i paradiset; det viser seg å vera vanskeleg å leva som naturmenneske. Dei er ikkje førebudde på møtet med troperegn, sjukdom og fiendtleg innstilte "innfødde" - og returnerer til gamlelandet etter eitt år.

Verandalesing

Det som slår meg når eg les om Thor Heyerdahl er kor sta han var, kor egoistisk han var, kor nysgjerrig han var og kor naiv han var. Kvam får godt fram både desse og andre eigenskapar i boka. Forfattaren stiller m.a. spørsmål om Heyerdahl sine fordommar. Han var på den eine sida open og forekommande til andre kulturar, men i personlege brev frå tida for Fatuhiva-opphaldet viser han fram ei nesten rasistisk side.

Under opphaldet på Fatuhiva oppdaga Heyerdahl mykje som kunne tyda på at dei polynesiske øyane var blitt befolka frå aust (altså frå Amerika) og ikkje frå vest (frå Asia). Han fann både kulturelle, biologiske, lingvistiske, etnologiske og metereologiske teikn på dette. Gjennom seinare ekspedisjonar freista Heyerdahl som kjent å finna prov på dette. Heyerdahl hadde mesteparten av vitenskapen mot seg i teoriane sine - men han gjekk sin eigen veg. I boka vert det fortalt om dei mange praktiske og økonomiske utfordringane Heyerdahl og støttespelarane hans måtte gjennom før KonTiki-ekspedisjonen faktisk vart noko av. Men ferda vart, som me alle veit, vellukka - og Thor Heyerdahl vart med det verdenskjend.

I biografien vert det også fortalt om Heyerdahl sin innsats under krigen, om familien og ekteskapet - men fyrst og fremst handlar det om mannen som "tenkte store tankar"; som la ut på nye tokt, nye reiser og nye utgravingar heile livet - med minimal støtte frå etablerte fag-/forskingsmiljø. Mykje tyder i dag på at han tok feil i ein del av teoriane sine - men han hadde også rett i ein del.

Om eg kjem til å lesa dei to siste binda i biografitrilogien? Kanskje. Seinare ein gong. Eg er ikkje såå interessert i Thor Heyerdahl heller - og eg veit jo "korleis det går". Som sagt innleiingsvis er dette nokså omstendeleg lesing, så eg trur eg satsar på å berre bla litt i dei to andre bøkene.
Terningkast? Eg blir ikkje heilt enig med meg sjølv denne gongen og vaklar mellom ein sterk trear og ein svak firar. Ei midt på treet-leseoppleving, med andre ord.

Har du lyst til å lesa om eit variert utval vitenskapar, vitenskapsmenn og -kvinner?
Klikk deg inn i biografisirkelen!

16. juni 2015

Topp ti - Leseliste for sommaren


For meg passar det best å lesa etter innfallsmetoden, så eg har ikkje noko detaljert leseliste for sommaren. Men eg har jo ein del bøker liggjande på vent, i både papir-, ebok- og lydbokformat.

  1. Britt Karin Larsen - Før treet faller. Bok nummer 6 i den fantastisk fine serien om skogfinnane står i hylla og ventar.
  2. Kurt Aust - Dødt løp er alt lasta ned via eBokBib og skal lesast med det fyrste. Ser fram til Tour de France-krim!
  3. Ann Cleeves - Hvite netter. Denne Shetland-krimmen ligg og ventar på meg på hytta
  4. Ken Follett - I all evighet er ei bok eg grugledar meg til. Eg veit boka er god, men ho er på 1100 sider.
  5. Elena Ferrante - Mi briljante venninne. Kom ubedt i postkassen (noko eg mislikar sterkt; dei bøkene blir vekkprioriterte av meg) - men eg lurer; kva i alle dagar er så spesielt med denne boka?
  6. Roar Ræstad - Sovende hunder. Kriminalroman med ei parallellhistorie frå krigens dagar. Slike bøker pleier eg å lika.
  7. Christoffer Carlsson - Den usynlige mannen fra Salem. Svensk prisbelønt krim. Truleg midt i blinken for meg.
  8. Edmund de Waal - Haren med øyne av rav. Skal vera utruleg god. Det gjer meg spent og skeptisk.
  9. Gert Nygårdshaug - Himmelblomsttreet. Har stått på vent lenge. Det er på tide å henta fram att ein av favorittane mine.
  10. Kjell Ola Dahl - Lindemanns tivoli. Frittståande oppfølgjar til 'Lindemann og Sachs', som eg nettopp har lest - og likt.

Kva skal du lesa denne sommaren?

12. juni 2015

Sommarlesing: Krim. Eit samleinnlegg

Eg har sett sommarlesing som overskrift, men her på mine trakter har veret vore lite sommarleg til no. Sidan dette (veret) er noko som ein absolutt ikkje kan gjera noko med, gjer eg det beste ut av det: Krøllar meg saman i sofaen med ei bok.
Krim er så mangt. Eg tykkjer det er fascinerande at sjangeren er så mangfaldig - og det er ein av grunnane til at eg les masse krim. Her er korte omtalar av nokre svært forskjellige krimbøker eg har lest i det siste.


Den som reddes kan av Sophie Hannah
Cappelen Damm 2011
431 sider


Ei innfløkt, interessant og høgst uvanleg historie. Skrivestil og miljø minner om bøkene til Tana French. 'Den som reddes kan' er velskriven og elegant, men litt vanskeleg å komma inn i sidan dette er bok nummer tre i ein politikrimserie. Karakterane på etterforskarsida har sine fortider og historiar seg imellom - og akkurat det fann eg litt krevjande å finna ut av.
Forfattaren strør ut ei mengd trådar, spor og villspor. Fyrste halvdel av boka er saktegåande og litt forvirrande, medan andre del er meir actionfylt, nervepirrande og thrilleraktig.
Handlar om skakkøyrde ekteskap, dei heller mørke sidene ved morsrolla, falske identitetar og det som vert kalla familietragediar.
Boka gav meirsmak og anbefalast, men det er nok ein fordel å lesa 'For du stjal min lille venn' og 'Skyggenes time' før denne.
Terningkast 4.


Det perfekte mord av Peter James
Schibsted 2012
142 sider


Ei tynn bok og ei tynn historie, bokstaveleg talt. Lettlest, fortlest og fortgløymt.
Likevel; det er noko her - noko bissart, noko Roald Dahl'sk, som gjorde at eg fekk lyst til å lesa meir av denne forfattaren.
Handlar om eit middelaldrande barnlaust ektepar som ein gong elska kvarandre. Etter kvart har dette endra seg; dei er blitt så lei av kvarandre at dei kvar på si side har funne seg andre partnerar - og begge har planlagt å myrda den andre ektefellen.
Det store spørsmålet blir då; kven myrdar kven - fyrst? Og kva blir konsekvensane for den attlevande?
Handlinga er tragikomisk, hovudpersonane og etterforskarane er stereotype og løysinga finurleg - om enn noko forutsigbar.
Terningkast 3.



Rød sone av Asbjørn Jaklin
Vigmostad & Bjørke 2014
344 sider


Velskriven og velkomponert med verkelege hendingar som bakteppe. Boka vart nominert til Rivertonprisen i fjor - og er skremmande aktuell, no som me atter ein gong kjenner litt på gufset frå den kalde krigen.
Sentralt i handlinga er den kjende og mystiske flyulukka i Mehamn i 1982. Hovudpersonen, journalisten Alex Winther, med ei fortid i forsvaret, vert sett på saka om ein britisk tidlegare jagarpilot som vert funnen død under uklare omstendigheiter. Det viser seg at denne personen var ein av seks pilotar som deltok i den skvadronen som var mistenkte for å stå bak ulukka med Widerøe-flyet den gongen. Når det så skjer eit mordforsøk på ein journalistkollega, skjønnar Winther at einkvan vil gjera alt for å halda fortida hemmeleg. Boka er tidvis ganske spennande, og tidvis litt kjedeleg - det gjeld spesielt alt som vedkjem sjølve hovudpersonen. Det trøblete forholdet til kjæresten og angsten han slit med er så liksomdramatisk, tykkjer eg. Terningkast 4.



Merket for livet av Emelie Schepp
Gyldendal 2015
403 sider


Ei bok med uhygge, aktualitet, spenning og driv. Dette er forfattaren si debutbok som i utgangspunktet vart gitt ut på eige forlag - og som (likevel) vart ein suksess.
Hovudpersonen, statsadvokaten Jana Berzelius er ein uvanleg og interessant person med ein uklar bakgrunn. Saman med ei gruppe politietterforskararar har ho fått ei vanskeleg drapssak på bordet. Det einaste sporet ein kan finna etter at sjefen for Migrationsverket vert funnen myrda er etter eit barn. Og eit barn kan då ikkje stå bak eit drap - eller? Saka tek deretter ei uventa vending - og Jana vert personleg involvert.
Boka er lettlest og med eit originalt plott, men eg irriterte meg litt over alt pjattet; unødig detaljerte skildringar av karakterar og miljø - som ikkje har noko som helst å bety for handlinga. Likevel gir eg boka terningkast 4+ og ser fram til neste bok.



Hjemstavn av Arnaldur Indriðason
Cappelen Damm 2012
295 sider


Melankolsk og litt trist og tregt - men som alltid; svært velskrive frå denne islandske forfattaren.
Eit nytt møte med gjennomgangsfiguren Erlendur og behovet hans for å finna svar på gåter frå fortida. Han har heile livet kjent på saknet og skuldkjensla etter at broren forsvann i fjellet ved heimplassen - for over 40 år sidan. Medan han oppheld seg i det nedlagde og forfalne småbruket til familien dukkar det opp ei anna forsvinningssak frå den same tidsperioden. Erlendur startar si eiga etterforsking, nøstar langsamt og møysommeleg opp i den gamle saka - og drøymer samstundes om at trådane i hans eige liv også skal kunna nøstast opp.
Landskapet, veret og naturen er - som vanleg i romanar frå Island - effektfulle og viktige rammer for forteljinga.
Eg meiner dette er ei av dei beste bøkene til Indriðason. Terningkast 5-. 

1. juni 2015

Oppsummering mai

Påbyrja i april, fullført i mai: 
Tana French - Lik - Irsk krim - Papirbok lånt av mor
Arne Dahl - Elva - Svensk krim - Kjøpt lydfil
Merete Junker - Venuspassasjen - Norsk krim - Lånt ebok

Lest i mai:
Jakob Melander - Øyesten - Dansk krim - Papirbok lånt på biblioteket
Pierre Lemaitre - Alex - Fransk krim - Lytteeksemplar frå Lydbokforlaget
Levi Henriksen - Harpesang - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Edvard Hoem - Heimlandet. Barndom - Norsk roman/erindring - Lydbok lånt på biblioteket
Pedro Carmona-Alvarez - Og været skiftet og det ble sommer og så videre - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Hanne Kristin Rohde - Bare et barn - Norsk krim - Lånt ebok
Asbjørn Jaklin - De dødsdømte - Dokumentar, krigshistorisk - Kjøpt lydfil
Gitte Haug - Kvinner i krig - Erindring, krigshistorie - Lånt ebok
H. K. Fauskanger - Skamtegnet - Norsk historisk krim - Lånt ebok
Sophie Hannah - Den som reddes kan - Britisk krim - Papirbok lånt av mor
Vetle Lid Larssen - 1001 natt - Historisk dokumentarroman - Lydbok lånt på biblioteket
Peter James - Det perfekte mord - Britisk krim - Lånt ebok

Påbyrja i mai, fullførast i juni:
Ragnar Kvam jr. - Thor Heyerdal 1. Mannen og havet - Biografi - Papirbok lånt på biblioteket
Kjell Ola Dahl - Lindeman & Sachs - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket



For fyrste gong har eg lest fleire ebøker enn papirbøker i løpet av ein månad. Ebøker og ebokbib er heilt fantastisk genialt. Eit par klikk på mobilen eller nettbrettet - og vips så har ein ei bok i fanget, klar til lesing, heilt gratis. I mai las eg 5 ebøker, 6 lydbøker og berre 4 papirbøker. Heile 15 bøker til saman altså, men tre av bøkene er ekstra korte/tynne (Kvinner i krig 104 sider og Det perfekte mord 143 sider, samt lydboka Heimlandet. Barndom med ei speletid på berre 5:55)
Etter at fem månader av året har gått, ligg eg langt føre "skjema" og målsetjinga om 130 leste bøker i 2015. Hittil har eg lest 69 - så eg kan for så vidt ta ein heil lesefri månad (haha, det kjem sjølvsagt aldri til å skje) og likevel nå målet mitt. Eg  kjem ikkje til å justera måltalet mitt no - fordi eg har nokre "mursteinar" som skal lesast i løpet av sommaren. Så antal bøker lest pr. månad kjem til å gå ned dei neste par-tre månadene.
Trur eg..

Bloggmessig har eg hatt ein svak månad, og eventuelle lesarar av denne bloggen kan ikkje forventa at det vert store endringar framover heller. Eg har skrivetørke og er litt lei av blogginga, men kjem til å halda fram med å skriva blogginnlegg når eg føler for det; dvs at eg kjem til å satsa på samleinnlegg og samleomtalar.

25. mai 2015

Bokomtale: Skamtegnet av H. K. Fauskanger

Gyldendal forlag 2015
557 sider
Kjelde: Lånt ebok (ebokbib)


Handlinga i denne historiske kriminalromanen er lagt til Christiania år 1905. Dette er året for unionsoppløysinga frå Sverige, Christian Michelsen er statsminister og ved statsministerens kontor arbeider den unge og lovande Oskar Prods Brattenschlag - "vår mann" - som assistent for statsministerens sekretær Calmeyer.

Det er tydeleg at forfattaren har store bakgrunnskunnskapar om miljøet og tida som vert skildra - og han er klart inspirert av klassiske krimforteljingar. Fauskanger sin noko snirklete og gammalmodige skrivestil kan minna litt om Stein Riverton (Sven Elvestad) og Øvre Richter Frich. Når det gjeld tidsbileta har nok forfattaren også henta inspirasjon frå Sir Arthur Conan Doyle sine Sherlock Holmes-forteljingar.

Skamtegnet er den tredje historiske krimhistoria frå Fauskanger si side - og den fyrste eg har lest. Men boka gav absolutt meirsmak, så eg kjem nok til å lesa dei andre bøkene som har Oskar Brattenschlag som forteljarstemme. Forfattaren skriv godt og byr lesaren på originalitet, god underhaldning og spenning.

Handlinga startar i notid med at eit gammalt dokument vert opna på eit advokatkontor. Dokumentet viser seg å innehalda ei historie frå meir enn 100 år tilbake, nedskrive av embetsmannen Oskar Prods Brattenschlag. I 1905 var det krisestemning både politisk og diplomatisk - og Brattenschlag og hans næraste overordna Calmeyer er travelt opptekne med forhandlingar med svenske representantar. Dei får snart også andre ting å tenkja på og bekymra seg over.
Forteljinga til Brattenschlag startar med at ein ukjend og dødeleg såra mann dundrar på døra hans, leverer frå seg ein rull innehaldande eit pergament med ei mystisk og uskjøneleg tekst - før han teiknar eit svastikasymbol (hakekors) med sitt eige blod - og andar ut. Brattenschlag er brått og uforvarande involvert i eit skremmande og mystisk eventyr - og vert utsett for den eine påkjenninga etter den andre.

Skamtegnet handlar om  politikk, vitenskap, religion, overtru, teosofi, raseideologi, hemmelege manuskript, gamle språk og skjulte skattar. Mellom anna. Både i form og innhald minner boka meg om ein del av bøkene til Gert Nygårdshaug og Tom Egeland - men i tillegg har ho altså mykje til felles med enkelte klassiske kriminalromanar.
Eg likte boka. Ho inneheld mykje underfundig humor og har mange innfløkte og mangearta intrigar - men etter kvart som ein les vert alle trådar samla saman på ein elegant og logisk (om enn noko omstendeleg) måte.

Undervegs datt eg av lasset av og til, det må innrømmast. Eg klarte ikkje å halda interessa oppe gjennom absolutt heile denne tjukke boka. Det vart så vidløftig, så omstendeleg og så detaljert - men eg vurderte aldri å avbryta lesinga. For kvar gong eg mista litt konsentrasjon og vart litt lei, kom eg på sporet igjen. Forfattaren er dyktig på å henta seg inn att når han og karakterane hans bevegar seg alt for langt ute på viddene. Dermed landar også terningen på 5 og ikkje på 4.

22. mai 2015

Krig og fred og sånn

Sidan det i år er 75 år sidan okkupasjonen og 70 år sidan frigjeringa, vert det fokusert mykje på 2. verdenskrig - både skjønnlitterært og innan sakprosa for tida. Eg er også prega av dette og har det siste året lest ein heil del bøker som har krigen som tema. Dei to bøkene som har gjort aller størst inntrykk på meg var fjorårets sakprosabøker Morfar, Hitler og jeg av Ida Jackson og Den største forbrytelsen av Marthe Michelet. Begge desse anbefalast sterkt.
(Jackson si bok vert "samlest" no i mai i samband med Bokbloggerprisen 2014. Michelet si bok nådde dessverre ikkje opp i denne samanhengen.)

Gard Sveen sin dobbelt prisbelønte roman Den siste pilegrimen er ei anna bok eg gjerne anbefalar; dette er ein kriminalroman med krigshistorisk bakgrunn. At kriminalromanar inneheld parallellhistoriar frå krigens dagar er elles forholdsvis vanleg. Operasjon Siskin av Rune Timberlid og Rottejegeren av Chris Tvedt er to andre gode eksempel på at grepet med ei tilhøyrande forteljing frå krigen fungerer i moderne krimromanar. Svik, tap og hevn er jo ofte tema og motiv som går igjen innan krimsjangeren.

Fyrste bind i Jon Michelet sitt storslagne verk om krigsseglarane - En sjøens helt - Skogsmatrosen har eg også fått med meg. Det vart rett nok ikkje ei heilt vellukka leseoppleving, men eg trur at eg ein gong i framtida kjem til å halda fram med akkurat den serien.
Ein annan god - men spesiell - roman som har krigen som bakteppe er Alfabethuset av Jussi Adler-Olsen. Den berømte Saras nøkkel derimot, som eg las for ei tid tilbake - den bør ein styra unna. Det er rett og slett ei elendig bok.

- - - - - - - - - - - - - - - -

No i vår har eg fått med meg desse bøkene:


Krigens skugge av Ragnhild Kolden
Det norske samlaget 2012
174 sider


Handlinga er lagt til Gudbrandsdalen kort tid etter krigen. Kolden skriv jordnært og enkelt om skuggar frå krigen som legg seg over folk og hendingar i etterkrigstidas bygde-Noreg. Sentralt i denne forteljinga er dei tre søstrene Dagny, Emma og Tea. Krigen førte til at dei tre unge kvinnene fekk heilt ulike lagnader då freden kom.
Boka fortel ei sterk historie og gjorde inntrykk. Eg fekk så inderleg vondt av stakkars Tea, ei av desse norske jentene som var romantisk involvert med tyske soldatar under krigen. "Tyskertøsene" vart straffa uforståeleg hardt - og uendeleg lenge. Ofte vart dei offer for hevn, mobbing og overgrep.
For Tea vart det ikkje fred i mai 1945; ho vart internert, tvangsklippa og fråteken barnet sitt. Når ho vert "fri" og flyttar til systera Dagny må ho - i tillegg til det berykta bygdedyret - hanskast med si eiga skamkjensle og hat og avsky frå nær familie. Terningkast 4.


Kvinner i krig av Gitte Haug
Oktober forlag 2014
104 sider


Ei tynn lita bok med eit sterkt innhald. Forfattaren debuterte med denne boka i fjor, 85 år gammal.
Dette er ei erindringsbok som handlar om Haug sjølv og mor hennar i dei siste månadene av andre verdenskrig og den fyrste tida i fredstid, på landsbygda i Tyskland. Ei augevitneskildring av ei tid fyllt med uvisse, kaos, tunge avskjedar, øydelagde landskap og ein traumatisert sivilbefolkning.
Boka virkar veldig ekte og nær, men ber preg av at forfattaren har bore med seg tankane og kjenslene sine i lang tid. Det er ungjenta på 15-16 år sine tankar - og ein 85-åring sine formuleringar. Språket er enkelt, naivt og merkeleg oppdelt - men akkurat dette "primitive" språket gjer boka enno meir gripande. Terningkast 4+.


De dødsdømte av Asbjørn Jaklin
Lydbokforlaget 2011
Speletid 10:07, opplesar Ivar Nergaard


Krigshistorisk dokumentar - som fungerer heilt fint i lydbokversjon. Boka handlar om 25 menn, 25 henrettingar og eit samfunn som har behov for oppgjer og hevn. Forfattaren har basert seg på skriftlege kjelder som politiavhøyr og rapportar - og har gått grundig og detaljert til verks.

For meg var mykje av innhaldet i denne boka nytt stoff og ny lærdom. Med unnatak av Quisling og Rinnan var alle dei andre ukjende. Eg var heller ikkje kjend med kor omdiskutert dette med dødsstraff (eller ikkje) var då, rett etter at krigen var slutt. Nær 70 år etter desse dramatiske hendingane sit ein med fasiten i handa og "veit korleis det går", - men boka er svært spennande likevel.
De dødsdømte er ei god bok - til ettertanke, skriven på ein nøktern, lettfatteleg og oversiktleg måte. Ein treng nokre gode pausar med anna og lystigare lesing medan ein les/lyttar til denne boka. Innhaldet er nemleg svært hard kost. Terningkast 4+.


Gjerningsmenn av Harald Welzer
Forlaget Press 2013
309 sider

Undertittel: hvordan helt vanlige mennesker blir massemordere.
Sakprosa frå den tyske sosialpsykologen Harald Welzer som handlar om jødeutryddingane og massedrapa under 2. verdenskrig. Soldatane som drap hundretusenvis av menneske var i liten grad kriminelle, skakkøyrde eller traumatiserte. Dei var heilt vanlege menn med normale bakgrunner - men manipulerte til å bli valdsmenn og drapsmaskiner. Ut frå den situasjonen dei befann seg i, vart det "logisk" å ta livet av "undermenneske" og "fiendar" av det tyske riket. Forfattaren samanliknar massedrapa i Babij Jar i 1941 med andre grufulle hendingar som My Lai-massakren i 1968, folkemordet i Rwanda i 1994 og massakren i Srebrenica i 1995. Han viser at dei same "mekanismane" gjorde seg gjeldande ved desse hendingane. 
Gjerningsmenn er interessant og skremmande lesing, men boka er skrive i eit altfor tungt, vanskeleg og omstendeleg språk. Eg er usikker på om dette er forfattaren eller oversetjaren sin "feil". Terningkast 3.

16. mai 2015

Samleinnlegg: Vårlesing del 3

Det har blitt sparsamt med blogginnlegg i det siste. Eg les jamnt og trutt, men skriv lite. Det har litt med skrivetørke å gjera, men skuldast fyrst og fremst at det no om våren er kjekkare å driva med andre aktivitetar enn å sitja framfor ein PC-skjerm.
For oversikten sin del - og for på ein måte å fullføra leseopplevingane mine: Her er ein ny samlepost med kjappkjappe omtalar.

Venuspassasjen av Merete Junker
Gyldendal 2014
336 sider


Junker har gitt NRK-journalist Mette Minde ein pause og gitt hovudrolla i denne boka til etterforskar Morten Vollan. Det var fornuftig. Vollan er ein meir interessant person - ikkje minst fordi me får møta han som unggut i enkelte avsnitt som omhandlar fortida.

Ein mann forsvinn sporlaust i 1968 og vert erklært død året etter. Men så vert han funnen, død, i det same området - i 2007 - men der har han vore i berre tre år. Kvar har mannen vore i alle desse åra? Kvifor har han halde seg i skul - i nærleiken av familien sin - men ikkje gitt seg til kjenne? Kven har drept han?
Tilfeldigvis er det oldebarnet til mannen som finn liket - og spora fører både saka, guten og Vollan til Danmark - og ei oppklaring.
Boka gir gode tidsbilete og har eit truverdig persongalleri.
Etter ein litt treg start vart dette ei lettlest og grei krimbok. Terningkast 4.


Bare et barn av Hanne Kristin Rohde
Kagge forlag 2015
351 sider


Forfattaren tek tak i eit viktig og vondt tema; nemleg alle asylbarna som forsvinn utan spor og utan at nokon saknar dei. Handlinga i boka startar med at to mindreårige utanlandske gutar vert funne døde - men på pressekonferansen om saka skjer det to andre drap: Ein politiadvokat og ein journalist vert skotne - så og seie "på direkten".
Men trass i eit aktuelt tema og ein dramatisk start på boka; dette vart ikkje særleg spennande. Hovudpersonen Wilma blir eg heller ikkje heilt klok på.
Altfor mange sider i boka vert brukte på møter, samtalar, vandring i korridorar, krangling, diskusjonar, heisturar, nytt møte, ny krangling, ny korridorvandring osv. osv. Det er sikkert ekte og autentisk - men høyrer ikkje heime i ein kriminalroman. Terningkast 3+.


Øyesten av Jakob Melander
Aschehoug 2014
377 sider


Eit positivt møte med ein for meg ukjend krimforfattar. Dette er dansk krim, ikkje på sitt beste, men ganske nær. Eg fall ganske så pladask for protagonisten, etterforskar Lars Winkler. Han er akkurat passe rufsete - med sine private og profesjonelle vanskar/utfordringar.
Om ei drapssak, ei valdtektssak og om korleis ei rystande parallellhistorie frå fortida spelar inn. Andre tema som vert omhandla er trafficking og prostitusjon.
Persongalleriet er interessant og passe stort. Språket er flytande og friskt.
Boka har høgt tempo og er uhyre lettlest og spennande, men sjølve løysinga kan oppfattast som noko forutsigbar.
Tittelen "øyesten" har ei meir bisarr og konkret tyding enn ein kanskje skulle tru. Terningkast 4+.


Lik av Tana French
Cappelen Damm 2009
575 sider


Den engelske tittelen er Likeness - likskap - så boka handlar ikkje om lik i tydinga "døde personar". Det vil sei; historia startar med eit likfunn:
Ei ung kvinne som vert funnen knivdrept viser seg å vera dobbeltgjengaren til etterforskaren Cassie Maddox. På drapsofferet vert det funne eit ID-kort på Lexie Madison, - eit namn som Cassie sjølv har brukt tidlegare då ho jobba undercover. Etterforskarane må forhalda seg til to ulike problemstillingar: Kven drap denne kvinna - og kvifor? Og kven var ho - egentleg?
Cassie Maddox tek offeret sin plass i det miljøet ho levde i - og kjem etter kvart under huda på både "Lexie" og dei fire personane ho budde saman med. Samstundes jobbar sjefane og kollegaene hennar med å nøsta opp i det tidlegare livet til drapsofferet - før ho tok identiteten til Lexie Madison.
Boka er langsam og omstendeleg - her får lesaren følgja oppklaringa av ei heilt spesiell sak steg for steg, samtale for samtale, omtrent frå time til time.
Eg likar måten French skriv på, - ho har både psykologisk innsikt og intelligent humor. Lik er ei god og velskriven bok og ei historie med nerve - men ho er så innmari langdrøy. Det trekker ned helskapsinntrykket - og eg landar på terningkast 4.


Heimlandet. Barndom av Edvard Hoem
Karviland forlag 2006
Speletid 5:55, opplesar Edvard Hoem


Ei bok som kom ut fyrste gong i 1985. Eit nytt møte med familien til Edvard Hoem - som eg verkeleg er blitt godt kjend med dette året. Etter å ha lest om både tippoldemora, oldefaren og foreldra hans tidlegare i år, var det fint å møta barnet Edvard Hoem.
Han var nok eit spesielt barn; kunne lesa flytande som 4-åring, han var veslevaksen og uvanleg skarp - men også veldig einsam, trass i at søskenflokken var stor.
Som vaksen er han svært bevisst på kor spesiell han var.

I boka fortel han om seg sjølv i tredjeperson - og kallar seg sjølv for odelsguten. Alt som liten gut føler han på forventingane om å ta over garden - men var tidleg bestemt på at han ikkje kom til å bli bonde. Han var prega av det religiøse i barndomsheimen og drøymde om å bli prest eller misjonær.
Boka inneheld fine miljøskildringar og gir lesaren gode tidsbilete frå oppveksten på ein liten vestlandsgard på 1950-talet. Det var ei tid med ei omfattande samfunnsutvikling - forfattaren fortel t.d. om storhendinga då dei fekk straum i Karviland.
Å lytta til forfattaren si stemme er liksom prikken over i'en når det gjeld Hoem sine bøker. Akkurat denne lydboka hadde ikkje så god kvalitet - lyden var hul - omtrent som om opplesaren sat i eit digert rom med altfor mykje akustikk.
Eg vart ikkje fullt så gripen av denne forteljinga som av Mors og fars historie og Slåttekar frå himmelen - og eg trur det skuldast rekkefølga eg har lest bøkene på. Terningkast 5-.



Og været skiftet og det ble sommer og så videre av Pedro Carmona-Alvarez
Lydbokforlaget 2012
Speletid 5:48


Ikkje akkurat min tekopp dette, men av og til lyt ein prøva seg på lesing utanfor komfortsona si.
Boka handlar om ein familie før og etter ei tragisk hending - og om å veksa opp i og å ta tak i livet sitt etter ei slik hending. Ein spesiell skrivestil og ei noko uklar forteljarstemme gjorde at leseopplevinga mi vart berre sånn middels. Historia som vert fortalt greip meg heller ikkje noko særleg. Eg kjeda meg og opplevde det heile som irriterande sentimentalt, lite truverdig og kan ikkje forstå at mange tykkjer denne er så fantastisk god.
Opplesar Prange les tydeleg og greit, men litt seint. Terningkast 3-.


Harpesang av Levi Henriksen
Gyldendal 2014
321 sider


Sorgmuntert og ein smule sært, med eit ganske så spesielt persongalleri. Eg likar Levi Henriksen sin skrivestil og humra godt for meg sjølv fleire gonger medan eg las Harpesang.

Dette er ei koseleg bok om musikkprodusenten Jim som får ei heilt overjordisk oppleving når han for fyrste gong får han høyra De Tre Syngende Søsken Thorsen.
Boka har ei handling som slentrar av stad, i ein skrivestil som også er litt slentrande. Hovudpersonen og egpersonen Jim er ein kul fyr.
Forfattaren skildrar miljøet og dei nære (og sære) ting med varme og humor. Eg har brukt lang tid på boka fordi ho er så temposvak. Men eg likte boka ganske godt; ho har ein heilt annan stil enn dei bøkene eg vanlegvis les. Variasjon er bra.
Terningkast 4.

- - - - - - - - - - -

Fleire samleinnlegg:
Vårlesing del 1
Vårlesing del 2
Vinterlesing

8. mai 2015

Bokomtale: Alex av Pierre Lemaitre

Lydbokforlaget 2015
Speletid 12:27

Opplesar: Håkon Ramstad
Kjelde: Lytteeksemplar


Eg var i utgangspunktet både skeptisk til og nysgjerrig på denne boka som har blitt marknadsført så intenst denne vinteren/våren. Mange kritikarar, anmeldarar og bokbloggarar har vore svært så begeistra. Så eg undra meg: Kunne verkeleg boka vera sååå bra?

Vel - eg likte boka. Alex er underhaldande, barsk, uhyggeleg og - tidvis - neglebitande god. Dessutan er ho godt komponert og svært uforutsigbar. Persongalleriet er avgrensa og verkeleg interessant.
Fyrste del av boka er skikkeleg nervepirrande, del to har fortsatt ein heil del trøkk og driv - men så flatar spenningskurven ut i siste del av boka.

Vakre og gåtefulle Alex vert overfalt og bortført på open gate i Paris. Kidnapparen er svært brutal og fører henne til ein forlatt fabrikkbygning der ho vert utsett for grov vald og tortur. Det er skikkeleg ubehageleg og håra reiser seg på hovudet når ein les om kva Alex vert utsett for. Men - når ein som lesar har opplevd lidingane til Alex - gjer handlinga ein vri - og romanen går over i ein ny fase.

Politikommissær Camille Verhoeven vert sett på saka. Han er noko spesiell; kun 145 cm på strømpelesten og med eit komplisert kjensleliv og minnet om ei kone som sjølv vart kidnappa og myrda. Ved hjelp av systematisk arbeid, intuisjon og ein slump flaks, finn Camille og medarbeidarane hans fram til staden der Alex var fanga. Men Alex er vekke...
Så skjer det fleire uhyggelege drap.
Alex er ikkje lenger eit offer. Ho er ein gjerningsperson.
Og - det er ein grunn til at ho er det..

Eg må beundra forfattaren som har ein slik frodig og grotesk fantasi. Eg var førebudd på rottescenene, og dei var ekle - men varer ikkje så lenge, heldigvis. Alex er ei bok som overraskar og som er annleis enn dei fleste krimbøker eg har lest. Det er ei ganske så makaber historie - med eit vel gjennomtenkt plott. Avslutninga av boka sto ikkje heilt i stil med resten; den var litt tam, trass i overraskingsmomentet. Det er greitt å få nøsta opp alle lause trådar, men det vart unødig omstendeleg i tredje og siste del.
Konklusjon: Eg har vakla mellom terningkast 4 og 5, men landar på ein svak femmar på terningen.

Eg saknar litt engasjement i opplesinga til Håkon Ramstad, men lydboka fungerer elles OK.

3. mai 2015

Smakebit på søndag: Elva

Arne Dahl sin fantastiske krimserie om A-gruppen vart avslutta med bok nummer 10, Himmeløyet, der gruppa vart lagt ned og oppløyst. Men det finst ei ellevte bok - Elva (ikkje på norsk enno dessverre) - ein epilog til dei ti krimbøkene.
Eitt år etter nedlegginga får alle ti - Kerstin, Arto, Viggo, Lena, Sara, Gunnar, Jorge, Jon, Paul og Jan-Olof - følgjande invitasjon:

Ärade f.d. medlemmar av A-gruppen!
Mycket vatten har flutit under broarna sedan vi för mer än ett år sedan beslutade oss för att ses igen. Och även om vi har skingrats, rentav spritts för vinden, betvivlar jag att någon av oss har glömt vår överenskommelse. Tiden är mogen, på randen till övermogen, och ingen av oss blir yngre. Låt alltså dagen övergå i natt medan berättelserna sveper in oss i den magi som alltid är övergående men som också alltid går att återerövra, det stoff som drömmar vävs av. Låt oss förenas i ett samkväm som minner om fornstora dagar, dagar som kanske just därigenom kan återvända, med fördubblad kraft.
Arrangemangen är klara, ni behöver inte bekymra er om det minsta. Det är bara att bege sig till adressen som meddelas på baksidan av detta brev. Där finns också datum för evenemanget samt en fullständig vägbeskrivning. Kollektivtrafiken i området är ytterst rudimentär, varför samåkning förordas av miljöskäl. Detta brevs späckade baksida beskriver också vad som förväntas av er för att kvällen ska bli njutbar för alla och envar. Så njutbar som bara Rikskriminalpolisens speciella enhet för våldsbrott av internationell art kan göra den. Om den fortfarande hade funnits. Det ska bli fantastiskt roligt att ses igen.
Med stora förhoppningar...

På ein herregard i Roslagen nordaust for Stockholm møter dei opp, alle saman. Stemninga er litt uhyggeleg og mystisk, men alle er glade for å sjå kvarandre igjen etter eitt år. Paul Hjelm og Kerstin Holm har funne kvarandre og lever saman, Lena Lindberg er tilbake som gatebetjent og Viggo Norlander er mirakuløst nok blitt frisk av kreftsjukdommen. På herregarden har arrangøren tenkt på absolutt alt; den over to meter lange Jon Andersson har fått ei heilt perfekt lang seng - og pensjonisten Jan-Olov Hultin, plaga med inkontinens, har blitt tildelt eit heilt eige toalett i tilknytning til rommet sitt.

Kven har så arrangert dette treffet? Alle mistenker alle og gjettar på alle: Er det Arto Söderstedt som står bak? Eller kanskje ekteparet Sara Svendhagen og Jorge Shavez? Kva med Gunnar Nyberg - som er blitt forfattar?

Det blir servert ein sær, men utsøkt 1700-tals middag. Medan måltidet går sin gang vert det fortalt - og innimellom kommentert - historiar.
På dette viset får forfattaren fortalt ti anektotar - eller noveller - som går over i ei ellevte.. 
Ringen blir slutta - samstundes som det blir ei ny byrjing..
Dei ulike historiane er sære, elegante og mystiske - og har lite til felles med dei ti føregåande bøkene i serien om A-gruppen.

Eg har "lest" Elva som lydbok, opplest (på svensk) av Torsten Wahlund. Eg tykkjer det er lettare å forstå svensk når eg lyttar - og ikkje les sjølv - men dette har absolutt vore ei utfordrande leseoppleving. Eg forsto innhaldet, men har ei kjensle av at enkelte detaljar/nyansar har gått meg "hus forbi" sidan eg ikkje forsto alt 100%. Eg er nøgd med boka og kjem til å lesa ho på nytt dersom/når ho vert utgitt på norsk.

Fleire smakebitar denne søndagen - på både norsk og svensk - finn du på bloggen Flukten fra virkeligheten.