Eg startar opp ein
ny fast spalte på denne bloggen, inspirert av Hedda og bloggen hennar
Boktanker. Hedda har forlengst gått alfabetisk gjennom
favorittforfattarane sine og er i gang med favorittbøkene. Eg har lenge sysla med tanken om å gå gjennom mine eigne favorittar på tilsvarande måte - og med dette er eg i gang. Me har alle våre eigne preferansar og mine favorittar er nok heilt andre enn dei Hedda har.
I dag startar eg opp med to favorittforfattarar på bokstaven A - og så vil tida/skrivelysta vise kor ofte denne spalten blir oppdatert - ein gong i månaden kanskje? Eg tek utgangspunkt i
førenamna på forfattarane, men reknar med at dette kanskje må endrast på undervegs for å få det til å "gå opp" og passa inn i heilskapen. Eg kjem til å plukka ut eit par forfattarar pr. bokstav og i tillegg kort nemna andre forfattarar som eg set pris på. Somme bokstavar kjem til å bli vanskelege, andre kjem til å bli enkle: Eg ser alt at bokstaven B kjem til å bli meir utfordrande enn A'en. Dersom andre bokbloggarar har lyst til å henga seg på ein alfabetisk favorittgjennomgang, er det fritt fram for det.
Eg byrjar med "svensken med det norske namnet". Arne Dahl er pseudonym for Jan Arnald - og for mine eventuelt faste lesarar burde han vera velkjend, for eg har brukt ein del energi og
mange blogginnlegg på å framsnakka denne eminente forfattaren. Her kjem ei ny påminning om at Arne Dahl er mellom Skandinavias mest dyktige innan krimsjangeren - noko som ikkje seier så lite, for det finst mange dyktige norske, svenske og danske kriminal- og spenningsforfattar.
Jan Lennart Arnald (f. 1963) er forfattar, kritikar og litteraturvitar og Arne Dahl er krimforfattar-namnet hans. For dei fleste er han mest kjend for
serien om A-gruppen; "Rikskriminalens specialenhet för våldsbrott av internationell art" (10 bøker og ein
epilog). Dette er ein serie eg anbefalar alle krimelskarar - på det varmaste. Intrikate plott, elegant språkføring, intelligent humor, samfunnsaktuelle tema og truverdige karakterar er stikkord for desse bøkene.
Kronologien er vesentleg for leseopplevinga, den kan du finna i
dette innlegget. Har du lyst til å lesa meir om Arne Dahl og forfattarskapet hans kan du klikka deg inn på
denne nettsida.
Eg har eit sterkt ynskje om at
OpCop-serien skal bli oversatt og utgitt på norsk, men det ser ut til at me som er Arne Dahl-fans må venta lenge på det. Men - ifølge
sikre kjelder skal den aller nyaste og kritikerroste boka hans, Utmarker, komma på norsk i forholdsvis nær framtid. Det gledar eg meg til!
Agatha Christie
Agatha Mary Clarissa Miller Christie Mallowan, britisk kriminalforfattar (1890 - 1976).
Det er sjeldan eg les bøker av Agatha Christie no for tida, men altså; ingen over, ingen ved sidan. Rett som det er ser ein at kvinnelege krimforfattarar vert marknadsført som "krimdronningar", men ingen fortener den tittelen så mykje som det
dame Agatha gjer.
Kva Agatha Christie har betydd for fleire generasjonar krimforfattarar og krimlesarar er ikkje målbart, men ein kan kort oppsummera med at ho skreiv eit hundretals kriminalromanar, noveller og skodespel, er blitt oversatt til omlag 150 språk og at bøkene hennar er blitt selde i ufattelege to milliardar eksemplarar.
Den enorme populariteten kan forklarast med utspekulerte plott, elegante framføringar, overraskande avslutningar, knusktørr humor og framifrå erkebritiske miljøskildringar. Samt i karakterane Miss Marple og Hercule Poirot som me alle er glade i og kjenner så godt frå utallige bøker, filmar og TV-seriar. Dersom eg skal plukka ut mine favorittbøker, må eg nemna 'Mord på Orientekspressen', 'Ti små negerbarn' (som i seinare tid har fått den meir politisk korrekte tittelen 'Og dermed var det ingen'), 'Doktoren mister en pasient' og 'Mord etter alfabetet'.
- - - - - - - - - -
På kvar sin måte er
Arne Dahl og
Agatha Christie representative for leseinteressa og boksmaken min sidan eg i årevis har hatt ei grunnleggjande interesse for både svensk seriekrim og britisk klassisk krim. Dahl står for den moderne, mørke, samfunnsaktuelle kriminallitteraturen - den som gjerne blir kalla
nordic noir. Christie sine bøker er underhaldande og spennande puslespelkrim. I ei tid der kriminallitteraturen "fløymer over" av blod, gørr og bestialitetar, kan det vera kjekt å berre kunna lena seg tilbake og nyta eit skikkeleg Agatha Christie-mysterium.
Av andre personlege favorittar på bokstaven A kan nemnast
- den kanadiske nobelprisvinnaren og "novelledronninga"
Alice Munro
- den islandske kriminalforfattaren
Arnaldur Indridason
- den danske forfattarduoen
A.J. Kazinski
- ordkunstnaren, poeten og kriminalforfattaren
André Bjerke
Eg oppdaga - medan eg tenkte gjennom kva og kven eg skulle skriva om i dette innlegget - at det finst uendeleg mange kjende forfattarar på A.
Kven er dine favorittar?
Arto Paasilinna eller Anna Gavalda? Agnes Ravatn eller Anne Karin Elstad?
Eller har du kanskje meir sans for spenning og Alistair MacLean - eller Anne Holt?
Barndommens forteljingar frå Astrid Lindgren og Alf Prøysen?
Klassikarane Amalie Skram og Alexander Kielland?
Eller kanskje Aksel Sandemose og Agnar Mykle?