5. mai 2013

Smakebit på søndag: 1Q84

En smakebit på søndag
Ny søndag, nytt boktema, ny smakebit - og denne gongen i "ny" blogg. Kvar søndag fristar Mari frå Flukten fra virkeligheten oss med litterære smakebitar. Her kan ein dele nokre linjer frå ei bok (eller noko anna bokrelatert) med andre. Slik kan ein sjølv kanskje få gode bok- og bokbloggtips.

Eg les siste del av Haruki Murakami sitt store verk, 1Q84 bok 3, og er både betatt og bergtatt av boka. Det er ei absurd verd Murakami fortel om; ein må berre lena seg tilbake og ta inn over seg at forfattaren snur opp ned på tid, rom og verkelegheit. Eg vil gjerne dela ein liten smakebit av 1Q84, og har valt å gjera det med nokre videoklipp.

Det finst eit utal videoar om (og til) 1Q84 på Youtube. Boktrailers, bokomtalar, hyllestar, musikk frå bøkene (t. d. Janáceks Sinfonietta, som er med i opningsscenen i bok 1), intervju med forfattaren og mykje mykje meir, på mange ulike språk.

Her er ein fin boktrailer som skildrar stemningen i bøkene ganske godt:



1Q84 handlar om så mangt, og ein kan sei at kjærleik og einsemd er sentralt i handlinga.
Akkurat slik som i videoen nedanfor ser eg føre meg den eine hovudpersonen, Aomame.
Denne scenen er frå slutten av bok 2, og ein liknande scene vert det òg fortalt om i bok 3:



I denne videoen kan ein sjå ein presentasjon av forhistoria og fleire av personane som er sentrale i 1Q84:



Eg er veldig glad for at eg bestemde meg for å prøva meg på "fantasy for vaksne" og 1Q84. Eg var redd dette vart for sært og rart, men eg tykkjer bøkene er fengande og fengslande, handlinga er spennande og uforutseieleg. Murakami blandar saman austleg og vestleg mystikk på ein fascinerande måte, og eg har dessutan stor sans for den sære humoren hans. No er eg spent på slutten; eg har inga aning om kvar historia om Tengo og Aomame endar.

Lydbokversjonen anbefalast varmt, Duc Mai The er ein glitrande opplesar!

26 kommentarer:

  1. Jeg synes dette var fantastiske bøker.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Og det er eg heilt enig i :)

      Slett
  2. Jeg har lest den første boken, men var nok litt for forundret til at jeg ville lese oppfølgeren. Etter å ha hørt Frode Gryttens Murakamiforedrag for noen uker siden, bestemte jeg meg for å ta fatt på del 3 også. http://tinesundal.blogspot.no/2013/04/mte-med-frode-grytten-og-den-bermte.html
    Takk for utrolig spennende smakebitinnslag, må ta et dypdykk i dette etter min lille ferie, og før jeg setter i gang med boken. - God søndag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe, "litt for forundret", - ja, eg skjønnar kva du meiner. For det ER ganske spesielle bøker, med sære hovudpersonar og fantasifulle og overjordiske hendingar.. - men eg tykkjer det er så spennande!

      Slett
  3. Murakami har jag fortfarande inte läst något av, men det kommer :)

    SvarSlett
  4. Nydelige smakebiter. Jeg som ikke leser fantacy og sciense fiction bør kankje prøve meg på denne?

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, det bør du, prøve i alle fall. Eg les heller ikkje fantasy og sci-fi vanlegvis, likevel falt eg for desse bøkene.

      Slett
  5. Murakami fikk jeg sansen for da jeg leste "Kafka på stranden", så 1Q84 skal også leses. Spennende med de videoene!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg har kun lese 1Q84, men "Kafka på stranden" - og fleire andre av Murakami - skal lesast seinare.

      Slett
  6. Morsom vri på ukens smakebit, og ganske så spennende også :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk, eg likar godt å lage "vri" :)

      Slett
  7. Har inte läst något av Murakami, men någon gång kanske... :)

    SvarSlett
  8. Fine smakebiter! :-) Jeg har tatt med meg hjem lydboken til 1 og 2 og har tenkt å prøve ut lydbok med Murakami som forfatter. (Det er lydboken jeg skal prøveut, ikke Murakami :-)) Jeg er spent på hvordan det vil bli, og om jeg klarer ta meg tid til å lytte i hverdagen.
    Ha en riktig fin dag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Lukke til med utprøving ;)
      Det er nok ikkje alle som klarer å lytte i kvardagen, men for meg går det greitt. Eg sit ikkje i ro i sofaen og lyttar, men lyttar medan eg gjer husarbeid, går tur, og medan eg køyrer buss på veg til og frå jobb.
      1Q84 bok 1, 2 og 3 som lydbok betyr ca. 48 timars lytting til saman. Dersom opplesaren ikkje hadde 'fungert', hadde det ikkje gått bra, - men Duc Mai The gjer ein formidabel innsats og syter for ei fin leseoppleving.

      Slett
  9. Fine smakebiter:) denne boken skal jeg få lest, men vet ikke når. Ha en fin dag!

    SvarSlett
  10. Kul med videor också. Tack för smakebiten

    SvarSlett
  11. Tack för den annorlunda smakbiten. Har läst en Murakami och var rätt besviken men det kanske inte var någon av hans bästa...

    SvarSlett
    Svar
    1. Murakami er spesiell og passar ikkje for alle. Kanskje du bør forsøke på nytt seinare?

      Slett
  12. Jag har de två första böckerna i serien hemma, men har ännu inte läst någon..

    SvarSlett
  13. 1Q84 er en helt fantastisk roman! Men Murakamis univers er kanskje ikke for alle? Man må lese bøkene på dens egne premisser og la seg sluke av historien. Da er man garantert en god leseopplevelse. Liker du denne kan jeg garantere at du vil like kafka på stranden! :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i at desse bøkene ikkje er for alle. Ser fram til Kafka på stranden.

      Slett