433 sider
Boka med den avkappa fingeren på omslaget har vorte liggjande på vent ei tid, sjølv om ei bok med eit slikt bilete på er fristande for meg - som har sans for det makabre.
Dette er debutboka til Helge Thime-Iversen, men det skulle ein nesten ikkje tru. Språk og skrivestil er rett nok tidvis litt haltande og karakterane er noko "uferdige" - men boka har eit originalt plott og er både lesverdig og spennande. Det vert interessant å følgja forfattaren - og hovudpersonen Njaal Natland - vidare.
Ein dag finn Kripos-etterforskar Natland ein anonym konvolutt heime hos seg sjølv i Oslo. I konvolutten er eit ark med ein sangtekst skriven med gotisk skrift, eit bilete av eit insekt og signaturen X. I ein bustad i Bergen vert det funne nokre innvolar av eit menneske, ein avkappa finger og eit ark med eit ord - SPIS - i gotisk skrift. I heimen til ei kvinne som vert meld sakna finn politiet også ein finger og eit nytt ord: ET.
Liknande hendingar skjer ulike andre stader i landet, i Vardø, i Bodø og i Haugesund. Ofra er i alle aldrar og av begge kjønn og ser ikkje ut til å ha noko med kvarandre å gjera. Kva har dei felles? Kva er det som er ulikt?
Etterforskarane slit. Driv gjerningspersonen og leikar med dei? Kva tyder X? Er det X i tydinga "den ukjende"? Romartal X? Eller X som ein kors?
Boka X er litt lang, men har korte kapittel og er lettlest. Eg fekk litt Criminal Minds-kjensle sidan historia er både grøssande, uverkeleg og underhaldande. Ein annan assosiasjon eg fekk var til filmen Seven, der Brad Pitt spelar etterforskar på jakt etter ein "moralsk" seriemordar. I X handlar det om ein skrudd og utspekulert seriemordar som har rettferdigheit som motiv og som fartar landet rundt og let etter seg mystiske kodar og avkappa fingrar.
Eg føler at forfattaren får litt problem når han skal nøste opp i alle trådane på slutten. Eg får ikkje alt til å gå opp, - til å henge på greip, på ein måte, - men eg ser på X som ei grei og lovande krimbok.
Takk til Juritzen for leseeksemplaret.
Fin og grundig anmeldelse Berit. Selv har jeg sett frem til å lese denne boka- og gjør det fortsatt. Vi tåler litt halting av en debutant.;)
SvarSlettNettopp! Det er dei færraste som finn "sin eigen stil" og lukkast i alt i fyrste forsøk.
SlettJeg turte ikke lese for nøye, siden jeg fremdeles har denne på vent. Blir med på første mulige ferietur :)
SvarSlettGrei ferielektyre :)
Slett