8. oktober 2013

Det store århundret

Jan Oscar Sverre Lucien Henri Guillou (!) er godt i gang med sitt livs mest omfattande bokprosjekt; ein historisk romanserie i mange bind som skal omhandla heile det 20. hundreåret; "Det stora århundradet". Gjennom å følgja livet til brødrene Lauritzen frå Osterøy og verkelege historiske hendingar får lesaren eit grundig, levande og interessant tidsbilete av fleire omskiftelege periodar. Bok nummer tre Mellom rødt og svart kjem ut på norsk seinare i haust og er mitt bidrag til Boken på vent hos Beathe denne gongen.

Eg har lest dei to fyrste bøkene i serien, Brobyggerne og Dandy, med stor interesse. Ikkje alt er like bra, men Jan Guillou skal ha ros for det ambisiøse prosjektet sitt. Historiske tema som industri- og jernbaneutbygging, arbeidarrørsle, kvinnekamp, kulturpolitikk, imperialisme og kolonialisme vert skildra gjennom augene til dei tre fiskarsønene Lauritz, Oscar og Sverre Lauritzen. Forfattaren har lagt ned eit grundig og imponerande stykke research-arbeid.

Forteljinga startar altså med dei tre farlause brødrene som takka vere kapitalsterke og velmeinande personar får utdanna seg til diplomingeniørar ved universitetet i Dresden. På den tida vart Tyskland sett på som den leiande nasjonen med alt som hadde med teknikk og ingeniørutdanning å gjera. Brødrene tek eksamen ved starten av hundreåret, i 1901, og deretter dreg dei kvar sin veg, av ulike årsaker. Lauritz vender tilbake til gamlelandet, Oscar reiser til Afrika og Sverre reiser til England.

I den fyrste boka, Brobyggerne, handlar det om dei to eldste brødrene og deira opplevingar i tida 1901 - 1919: Det vert fortalt om store teknologiske og tekniske nyvinningar, bygginga av Bergensbanen, kolonialisme i Afrika og framveksten av fyrste verdskrig. I bok nummer to, Dandy, er det homofile Sverre som er hovudperson, - lesaren får følgja han og kjærasten hans, lord Albert, og opplevingane deira.

I den boka vender forfattaren tilbake til 1901; Dandy handlar om det same tidsrommet som Brobyggerne, - men frå eit anna perspektiv. Her vert det fokusert på den kunstnarlege, kulturelle og ideologiske utviklinga i perioden og på motsetningane mellom det gamle victorianske levesettet og "den nye tida". Sverre og "Albie" lever i starten eit priviligert liv på eit gods. I bekjentskapskretsen deira finst radikale, bohemar, kunstnarar, kunstkritikarar, forfattarar og kvinnesaksaktivistar. Guillou har skrive fleire historiske personar inn i handlinga.

I byrjinga av 1900-talet trudde ein at dei teknologiske framstega ville gjera krigar umulege og unødvendige, men som me alle veit: Fyrste verdskrig bryt ut i 1914, trass i alle store tankar og all framgang og optimisme. Livet vert omsnudd for Sverre - og for Lauritz og for Oscar. Dandy sluttar der Brobyggerne også sluttar; i Berlin i 1919 - og med at dei tre brødrene møter kvarandre att.

Jan Guillou er ein glimrande historieforteljar, så eg ser fram til neste "historieleksjon" og til å lesa vidare om brødrene Lauritzen og familiane deira: Mellom rødt og svart handlar om mellomkrigstida og framveksten av nazismen.

18 kommentarer:

  1. Så flott innlegg om bøkene, har hatt lenge lyst å begynne på disse, men av en eller annen grunn så greier jeg ikke å starte opp med dem. Det er jo tykke bøker, sikkert det som skremmer meg. det gjør de også tidskrevende:) Kanskje tar mot til meg en gang, for de hører veldig interessante ut:) Kos deg masse med den nye boken!:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Den fyrste, Brobyggerne, er på godt over 500 sider, og ja - eg er enig i at det er eit ork å starta opp med ei såpass tjukk bok. Men det gjekk jo veldig greit når eg fyrst hadde byrja lesinga. Dandy har vel 300 sider.

      Slett
  2. Kjempebra innlegg om disse bøkene. Jeg har Brobyggerne stående i bokhylla, ulest. Må nok ta den fram en dag, skjønner jeg. Men som vanlig er boklista mi lang, og de bøkene jeg sjøl eier blir ofte stående der, til jeg en dag ikke har noe annet å lese. (Når blir det?)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja, sei det :) Eg hadde Brobyggerne ståande ulest i eit år, tenkjer eg, - og fekk stadig nye ventebøker, - men så fekk eg ferie - og då vart ho lest. Eg er imponert over Guillou som har eit slikt omfattande prosjekt på gang.

      Slett
  3. Enig med Isabella! Flott innlegg om bøkene som jeg ennå ikke har fått lest, men de virker veldig interessante så det blir vel til at jeg tar fatt på de en gang. Kos deg med boken når det blir dens tur til å bli lest.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dei er verkeleg veldig interessante. Anbefalast.

      Slett
  4. Virker spennende, jeg har hittil ikke lest noe av Guillou, mulig jeg må gjøre noe med det snart :)

    HA en fin tirsdag

    SvarSlett
    Svar
    1. Anbefalar Arn-trilogien: Veien til Jerusalem, Tempelridderen og Riket ved veiens ende. Historiske romanar med handling frå 1200-talet. Veldig bra.

      Slett
  5. Det var et flott innlegg om disse bøkene. Jeg har Dandy hjemme, men har ikke lest om den og visste ikke at den var del av et så stort bokprosjekt. Det er fint alt det en lærer ved å besøke bokkblogger :-) Ønsker deg en fin tirsdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er ofte nyttig å lesa bokbloggar! Brobyggerne bør lesast fyrst.

      Slett
  6. Ikke lest noen av disse, men bør kanskje ta en nærmere titt. Kun lest en bok av denne forfatteren. Arn eller noe het den

    SvarSlett
    Svar
    1. Nettopp. Sjå svaret til Bea over.

      Slett
  7. Jeg har lest de to første, og viste ikke at nummer 3 var kommet ut. Likte nummer 1 godt, den handlet jo mye om Bergensbanen. Nummer to var ikke så god, men jeg håper på et oppsving nå med nummer tre. Denne SKAL jeg lese :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig, eg likte også den fyrste best. Ser på nummer to som eit slags "mellomspel" til neste bok, på ein måte.

      Slett
  8. Eg slår følgje; takk for strålande innlegg. Desse bøkene har eg "sett", men aldri funne ut kva type bøker det er. Spennande prosjekt av Guillou - gler meg til din neste omtale :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for det. Av og til føler eg for å skriva "grundige" innlegg.

      Slett
  9. Disse har jeg også vurdert.. så da får vi se. Bra innlegg..:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hadde sikkert vore interessant lesing for ein globetrotter som deg. Det er handling frå utruleg mange land og stader.

      Slett