15. juni 2014

Bokomtale: Den 13. disippel av Tom Egeland

Aschehoug 2014
486 sider
Kjelde: Lånt privat


Tom Egeland si femte bok om arkeologen og albinoen Bjørn Beltø har som forventa fått god mottaking av lesarar og gode kritikkar frå anmeldarar. Denne boka har mykje mindre actionpreg og er på alle måtar meir stillfarande enn Paktens voktere, Lucifers evangelium og Nostradamus' testamente - men er slett ikkje utan driv og nerve. Den 13. disippel har same tematikk og mykje av den same forteljarstilen som den fyrste boka i serien; Sirkelens ende. 

I opningsscenen sit Bjørn Beltø på dødsleiet til ein kollega, Victoria. Ho prøver å formidla noko til han - og etter kvart forstår han at det handlar om ein arkeologisk utgraving som fann stad i Israel i 1978. I samband med utgravinga fann ein kjend israelsk arkeolog, Moshe Mendelssohn, eit gravkammer - og kort tid etter forsvann han.

Kvar vart han av? Kva var det han fann? Korleis var forholdet mellom Mendelssohn og Victoria? Kvifor overtok det israelske militæret utgravingsområdet?

I det som ser ut som eit innbrot vert ektemannen til Victoria drept og sonen hardt skada. Beltø trur dette har samanheng med det som skjedde i Israel i 1978. Saman med Rebecca, Mendelssohn si dotter, prøver Bjørn Beltø å nøsta i mange ulike trådar - og dette fører dei både til Kapernaum, Jerusalem, Firenze og London - og med israelsk, britisk og amerikansk etterretning i hælane.

Eg har stor sans for krimhelten Bjørn Beltø. Han er eit friskt pust innan norsk kriminallitteratur - med sine sære nerdeinteresser, med sine skeive blikk på omgivelsane og med sine sarkasmar og nevrosar. I denne boka forelskar han seg - som vanleg - men denne gongen forstår ein at det er djupare og meir inderleg enn før.

Egeland skriv lett og ledig og er ein dyktig historieforteljar. Han utfordrar lesaren med intrikate plott, gammal mystikk, historiske fakta og innfløkte teologiske teoriar. Etter mi meining gjer han dette på ein framifrå måte. Den 13. disippel er velskriven, godt komponert og svært interessant.

3 kommentarer: