4. juni 2014

Sommarlesing

I gårsdagens Boken på vent-spalte hos Beathes bokhylle vart ein invitert til blogghopp og om å fortelja om årets planlagde sommarlektyre. Sjølv likar eg ikkje å ha altfor fastspikra planar verken for lesing eller andre ting, men her er ein liten presentasjon av nokre av bøkene eg har på vent pr. i dag. For dei som kjenner meg og bloggen min er det ikkje noko bombe at ventebunken inneheld mest krim og spenning, og ikkje noko særleg av romantikk, sentimentalitet og føleri.

Dei varme forsommardagane me har no (her på Vestlandet) egnar seg ikkje for tung litteratur, men eg vil heller ikkje ha det altfor tanketomt og "lettbeint" når eg sit meg ned med ei bok. Eg les for tida m.a. den siste Bjørn Beltø-boka - Den 13. disippel - og storkosar meg med den.

Ut frå omslaget og tittelen på boka skulle ein nesten tru at Gard Sveen befinn seg litt i den same litterære gata som Tom Egeland. Eg har i alle fall tenkt å lesa Sveen si Rivertonpris-bok Den siste pilegrimen i nær framtid. Det er imponerande og spennande at ein debutant stikk av med den gjeve prisen Den gyldne revolver.

Historisk krim er ein sjanger eg likar svært godt, sidan eg ved å lesa desse bøkene kan få kombinert interessa mi for historie og samfunnsutvikling med spenning, grøss og gru. Difor ser eg fram til å få stifta bekjentskap med forfattaren C. J. Sansom. Han har fått fleire prisar og gode kritikkar for dei historiske romanane sine. Boka eg har på vent er Oppløsning (frå 2003, på norsk i 2008) Handlinga er lagt til England på 1500-talet og hovudpersonen er, bissart nok, ein pukkelrygga advokat.

Hendelser ved vann av Kerstin Ekman (frå 1993, på norsk 1994) er ei anna krimbok som ligg og ventar. Det er nesten flaut at eg ikkje har fått lest denne enno, så kriminallitteratur-fiksert som eg er.. Boka er sett på som ei av dei beste bøkene frå 1990-talet, og forfattaren mottok m.a. Nordisk råds litteraturpris for nettopp denne boka.

Andre forfattarar eg har tenkt å tilbringa ein del tid i lag med til sommaren er Eirik Husby Sæther, Jorun Thørring, Arne Dahl, Mo Hayder, Roy Jakobsen, Harlan Coben, Jan Mehlum, Anna Gavalda, Haruki Murakami og Jens Bjørneboe. Kanskje også Jørgen Brekke, Jamie Ford og Jeffrey Deaver. Og muligens Ingvar Ambjørnsen og Khaled Hosseini.

Hugs på at lesing fint kan kombinerast med fysisk aktivitet. Eg oppfordrar difor alle bokblogglesarar, lesehestar og bokormar til å lasta ned ei lydbok eller tre på telefonen sin! Ha ein fin lesesommar! 

6 kommentarer:

  1. Jeg leser altfor lite krim, jeg bare hamstrer den ene serien etter den andre men kommer jo aldri skikkelig i gang med de. Egentlig litt rart at jeg leser så pass lite krim som jeg gjør for jeg elsker å se på krim på tv. Jeg setter gjerne opp en leseplan men sjelden det blir fulgt til punkt og prikke,det beste er vel å lese det en vil der og da. Det virker som du har mye bra på vent og endel navn jeg må notere meg ser jeg. Ha en fin ettermiddag og vi får bare nyte finværet! :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Godveret må nytast medan me har det - absolutt! Før me veit ordet av det pøsregnar og blæs det igjen...
      Det er greit å ha bittelitt planar, men stort sett les eg òg bøker slik som det "faller seg".

      Slett
  2. "Den siste pilegrimen" høres veldig spennende ut! Ellers liker jeg godt Kerstin Ekman og "Hendelser ved vann" har jeg også på vent :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Har høge forventningar og gledar meg til desse! :)

      Slett
  3. Her var det mange gode lesetips, var mye her jeg ikke hadde lest:) Liker også krim og spenning, og må ha det litt imellom de andre bøkene:) Haruki Murakami , skulle jeg ha lest noe mer av. C. J. Sansom og Mo Hayder skulle jeg ha blitt mer kjent med. Ser det ikke blir en kjedelig lesesommer på deg ihvertfall. Kos deg masse med bøkene!

    SvarSlett
    Svar
    1. Det skal eg - og eg kjedar meg aldri - det er vel noko eg har til felles med alle som likar å lese bøker.. Det er alltid ei bok eller ti som skal lesast! :)

      Slett