6. november 2014

Bokomtale: Innsirkling 3 av Carl Frode Tiller

Lydbokforlaget 2014
Speletid: 16:20
Opplesarar: Ola G. Furuseth, Charlotte Frogner og Niklas Gundersen

Fyrst av alt: Eg tilhøyrer ikkje "fanklubben" eller "menigheten" til Carl-Frode Tiller. Eg har på ingen måte venta med lengsel og smerte på at denne avsluttande boka i trilogien skulle komma ut. Egentleg tykkjer eg vel at forfattaren har fått i overkant mykje skryt for bøkene sine. Eg er litt kjend med forfattarskapet til Tiller frå tidlegare i og med at eg har lest både Skråninga og Innsirkling 1 og Innsirkling 2. Eg vart ikkje overbegeistra for nokon av dei, men dei fenga meg såpass at eg tok med meg Innsirkling 3 som lydbok då denne var ledig på biblioteket.

Eg tykkjer at Tiller skriv ubehageleg godt og tett innpå karakterane, - det skal han ha. Men elles finn eg desse Innsirkling-bøkene noko kjedelege og langdryge og med altfor mykje fokus på det negative og på vanskelege samspel og relasjonar. Eg klarar ikkje å tru på alle desse dysfunksjonelle familiane og dei destruktive forholda deira. Det vert rett og slett for mykje.

Utgangspunktet for historia er spennande: David som har mista hukommelsen og ei avis oppfordrar folk som han ein gong kjende om å skriva brev for å få han til å hugsa. Slik vert lesaren kjend med ulike menneske som opp gjennom åra har hatt eit eller anna forhold til David. Dei kjem til orde gjennom brevskriving og gjennom deira eigne - delvis kryssande - forteljingar.

Desse forteljingane er prega av gjentakingar og håplause og endelause dialogar. Ein får liksom ei kjensle av å aldri komma vidare. Daglegdagse alminnelege utfordringar vert sett på som katastrofale. Meiningslause kranglar. Unødvendige løgner. Handlingar og utsegner vert tolka, feiltolka eller overtolka. Alt er liksom så vanskeleg, så bedrøveleg, så audmjukande. Det heile er merkeleg og patetisk. Personane er oftast usympatiske, ynkelege og ikkje heilt i balanse.
Men folk ler, flirer og smiler. Smiler med "harde smil". Flirer med "kalde flir" og "stramme flir". "Ler ein liten latter." Forfattaren legg inn stadige (og for meg uskjønelege) pausar: "Det går eit lite sekund."  "Det går eit par-tre sekund." Alle desse sekunda som går er slitsame å lesa om, men slik er altså Carl Frode Tiller sin skrivestil.

Obs! Obs! Spoileradvarsel! Nedanfor vert det avslørt vesentlege deler av handlinga.

David er passiv hovudperson gjennom to og to tredjedels bok, men til slutt i denne boka, etter at åtte andre personar har fortalt om sine liv og sitt forhold til David, får lesaren "treffa" sjølve hovudpersonen. Innsirklinga er i ferd med å bli fullført. Og - omsider! - tek det til å bli litt interessant. Møtet med David er overraskande og ganske ubehageleg. Han er ingen sjarmerande karakter, for å sei det slik.

Innsirkling 3 har, som dei to føregåande bøkene, gode skildringar av sosiale og kulturelle motsetnader. Forfattaren har psykologisk innsikt og imponerande mykje menneskekunnskap, men for meg er ikkje dette spesielt fascinerande litteratur. Eg tykkjer dette på den eine sida er tung og trasig lesnad, deprimerande og repeterande, - men - på den andre sida får lesaren ei vanvittig kjenslemessig "reise" på vegen til å finna sanninga om David, - så eg må likevel ta av meg den hatten som eg ikkje har. Eg vart - litt motvillig, for eg hadde irritert meg over så mange ting medan eg las - gradvis meir og meir engasjert i historia.

Eg hadde forventa ein heilt annan (kanskje ein meir uavklart?) avslutning av trilogien enn det me fekk, og er litt usikker på kva eg tykkjer om lukkelege, nesten romantiske, avrundinga av denne romanen. Då eg hadde lytta ferdig hadde eg ei kjensle av at slutten var eit antiklimaks, men etter å ha tenkt meg om, kom eg fram til at det ikkje er så viktig; det er uansett forfattaren som bestemmer. Og Carl Frode Tiller har altså bestemt at historia om David skal avsluttast slik som ho blir.

Lydbokversjonane av Innsirkling-trilogien er snedig laga ved at det er ulike opplesarar til dei forskjellige forteljarstemmene, slik som i Helga Flatland sin trilogi. Eg skulle likevel ønska meg enkelte andre opplesarar. Nynorsk med austlandstonefall er kræsj i mine (vestlandske) øyre. Men Niklas Gundersen, som framfører David si "rolle", er veldig flink.

Eg forstår at boka er velskriven og skjønnar at Carl Frode Tiller er ein dyktig forfattar, men mi leseoppleving var ikkje heilt på topp. Er eg det einaste mennesket i universet som ikkje fann heilt ut av det med denne boka?

12 kommentarer:

  1. Ja, du er nok det Berit.;)
    Neida,---- Jeg synes du har skrevet en velbregrunnet anmeldelse av boka. Den er sikkert annerledes å lytte til enn å lese. Jeg startet med lyd på nr.en, men måtte raskt gå over til papirversjonen. Men du er nok mer dreven på lyboklytting enn meg. Og jeg er en fan av bøkene.:) Selv om jeg er enig i mye av det du skriver (det er dysfunksjonellt, og det er slitsom til tider å lese om disse mørke karakterene og situasjonene)- men det er bare det at han gjør det så godt, og så ser jeg humoren under, etterhvert i alle fall, i bok tre. Når jeg hørte Tiller snakke om at han har brukt både thriller-elementer og elementer fra såpeopera og filmer som von Triers og Tarantinos, skjønner jeg godt slutten.. Grande finale, liksom.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Interessant det du skriv om dei ulike "elementa" Tiller seier han har brukt. Eg skjønte ikkje det, før no. Ikkje skjønte eg humoren heller ;-) Er det verkeleg humor der?

      Slett
    2. Ja, en lun humor, som jeg synes kommer frem i denne boka nr tre- jeg humert godt noen ganger ja. .. Men nå er jeg nordtrønder, selv født i Namsos, så det er sikkert lettere for meg å se den..

      Slett
  2. Jeg har ikke lest noen av bøkene, men lest mye om dem. Og som du skriver; masse godord. Jeg leste en som skrev om sin leseopplevelse på Bokelskere.no for noen dager siden. Jeg fikk lyst til å lese om dem pga det han skriver der. Etter å ha lest det du skriver ble jeg enda mer nysgjerrig. Jeg synes det er søren så godt å lese at du ikke er i fanklubben. Jeg blir veldig skeptisk til bøker som alle er overbegeistret for. Det er for godt for å være sant liksom. Men så er det vel slik at de som begynner på en bok og gir seg; de skriver sjelden om det. Uansett; veldig bra skrevet som vanlig.

    SvarSlett
    Svar
    1. Jeg mente at jeg fikk lyst til å lese dem - ikke om dem.

      Slett
    2. Takk for det, eg har skrive mi ærleg meining, som vanleg. Eg pleier òg å vera skeptisk til bøker som "alle" likar. Pleier nemleg ofte å bli skuffa over dei. Når det gjeld denne boka, hadde eg jo ein viss peiling til kva som kom - sidan eg hadde lest dei to fyrste.
      Eg har googla og leita etter negative anmeldelsar og kritiske blikk på Tiller sine bøker, men det fann eg ikkje. Så eg føler meg litt åleine, her utanfor fanklubben.

      Slett
  3. Hm... Først bestemte jeg meg for at mange fortellere og en hovedperson som ikke kommer på banen blir for drøyt for meg. I tillegg var det på nynorsk, og dette var før jeg knakk koden. Etter å ha sett og hørt Tiller på Oslo Bokfestival sammen med Anita, bestemte jeg meg for å kaste meg over hele trilogien. Må innrømme at jeg ikke har fått fingeren ut enda, og har roet ned iveren. Derfor leste jeg videre da du alarmerte en spoiler og er for tiden fornøyd med det. (Forventer en streng pekefinger fra Anita nå...)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg forstår at du hadde lyst til å kasta deg over bøkene etter å ha opplevd Tiller (og Anita), men har full forståing for at ivreren har dabba..
      Eg likar veldig godt at du har knekt nynorsk-koden, forresten :-)

      Slett
  4. Ai ai ai.
    (, og så fniste jeg godt til at du trekker fram alle disse smil og latterne, han slo seg virkelig løs på ansiktsmimikken denne gangen -))

    Jeg er blodfan. Alt det du ikke liker synes jeg er supert. Gjentakelsene. Rytmen. Sekundene. Flirene. Kranglinga. Jeg har hørt alle tre på lyd, og akkurat som med Renberg (selv om han stiller i egen lese-klasse) skjønner jeg ikke de som går for papirvarianten. Når det er sagt har jeg småting og utsette denne gange som jeg ikke hadde på de to første, - men det får vente til jeg har strukurert tankene, eller skriver eget innlegg.

    Fornøyelig: Du er nå kun den andre jeg vet om som ikke er fan.
    (Solgunn er nr. 1, men hun har fobi -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hehe. Eg må le av at du ler av at eg ikkje likar det du likar. Om du skjønnar..
      Er enig i det du seier om lyd vs papir, sjølv om eg innimellom vrei meg av ubehag. Det vart for mykje slikt kunstig rart Det Norske Teater- nynorsk.

      Slett
  5. Jeg også henger meg veldig opp i flirene. Det kan bli litt vel mye av det gode (unnskyld, Tiller), men så har de jo helt klart en misjon også.
    Anyho', jeg kjenner meg ikke igjen i din leseopplevelse - jeg forguder disse bøkene, men det var faktisk befriende å lese mer negativ kritikk. Bra!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fin tilbakemelding - sidan du likar bøkene godt og likevel meiner at denne omtalen var befriande. Det betyr vel at eg har fått fram det vesentlege i mi leseoppleving.

      Slett