18. august 2015

Biolesesirkel: Gutten til Gustav av Leif GW Persson

Schibsted forlag 2013
375 sider
Originaltittel: Gustavs grabb
Kjelde: Papirbok lånt på biblioteket

Forfattarar er tema for Moshonista sin biolesesirkel i august. Valet mitt sto mellom Claire Tomalins Charles Dickens-biografi (som eg faktisk vann av den same Moshonista i samband med ein annan biosirkelrunde) og Leif GW Persson sin sjølvbiografi Gutten til Gustav. Det vart til at eg las sistnemnde denne gongen - og Dickens vert utsett til eit seinare høve.

Og lat meg berre slå fast med ein gong: Dette er ein ualminneleg lesverdig, interessant og - så langt eg kan bedømma - ærleg sjølvbiografi. At Leif GW Persson kan skriva visste eg på førehand - eg har lest dei fleste kriminalromanane hans - men at han skulle by på seg sjølv på denne måten, i historia om sitt eige liv - ja, det var overraskande - og positivt.

Her i landet er GW Persson mest kjend som forfattar, men i heimlandet er han nok fyrst og fremst eit populært TV-tryne; "krimorakel" og "kjendispolitiprofessor". Gutten til Gustav er, etter det forfattaren sjølv seier, ein sjølvbiografisk roman. Han strekar fleire gonger under at det er ikkje sikkert at alt han skriv er sant, men at dette er historia hans - slik han hugsar det.

Boka har undertittelen Fortellingen om en klassereise - og det er ei ganske formidabel reise Leif Gustav Willy Persson har gjort. Vesle Leif vaks opp i ganske enkle kår i Stockholm; eit arbeiderbarn som via eit middelklassemiljø vart professor og rikskjendis - og rik og berømt. Faren var anleggsarbeidar og mora jobba med reinhald og var "hemmafru" - men ho var stadig "sjuk". Gjennom heile boka føler ein den sterke kjærleiken forfattaren har til far sin - og på den andre sida; det mildt sagt kompliserte forholdet til mora. Då pappa Gustav vart utsett for ei arbeidsulukke medan sonen var i tenåra, vart tryggleiken i livet brått borte.

                                     Pappa Gustav                                                         Gustavs grabb

Leif GW Persson fortel på ein fascinerande måte om barndom, oppvekst og skuletid og om korleis han vart den personen han vart. Samstundes gir han eit godt tidsbilete av det svenske samfunnet på 1950 og -60-talet. Det er den delen av boka eg likar best, men det er også interessant å lesa om arbeidet hans som kriminolog, professor, sakkyndig og etter kvart; forfattar. Han var og er ein kontroversiell mann. Han er i denne boka også brutalt ærleg med personlege forhold som alkoholmisbruk, utruskap og periodar med angst og depresjon. Persson er i dag gift for tredje gong, har fire barn, to bonusbarn og fleire barnebarn.

Gutten til Gustav er ei skikkeleg god bok som eg anbefalar varmt!

I samband med at denne sjølvbiografien kom ut, stilte forfattaren opp til eit intervju som du kan sjå og høyra her.

Fleire forfattarbiografiar kan du finna på bloggen til Ingalill her.

8 kommentarer:

  1. Denne hadde jeg nok ikke kommet på å lese sånn helt av meg selv, men etter din omtale frister det veldig å bli kjent med denne forfatteren :) Takk for supert lesetips, jeg leser alt for få biografier.

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fin tilbakemelding, Tine.

      Slett
  2. Interessant. Han har en del til felles med min biokandidat, Dag Solstad : Alkoholproblemer, tre ekteskap, vanskelig forhold til sin mor/vs en far som betydde mye. Uten at jeg kjenner Persson for godt, så har jeg også inntrykk av at han er ganske radikal , kritisk av natur..politisk. Men ellers skriver de nok veldig forskjellige bøker..
    Har forresten ikke lest noen av Perssons bøker, men har tenkt det ofte..

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig, det var interessant - og litt pussig.

      Persson sine krimromanar er grundige, velskrivne, samfunnskritiske og sarkastiske. Og spesielt kritiske til måten politiet er organisert på.
      Biografien er naturleg nok i ein heilt annan stil.

      Slett
  3. Som Tine hadde jeg nok heller aldri kommet til å plukket opp denne helt av meg selv, men dette var et godt boktips. Har ikke lest noen av bøkene hans, men jeg kjenner flere som skryter veldig av de.

    Og rart det der at forfattere drikker så mye, har lest om flere i denne runden som skriver om forfattere som må ty til store mengder alkohol.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det blir av og til hevda at enkelte kunstnarar må ha ein rus for å bli kreative (nok). Eg veit ikkje heilt, eg er ingen psykolog. Men det er jo eit faktum at fleire fine låtar er blitt laga i narkorus..
      Denne sjølvbiografien er veldig god - men er naturleg nok ekstra interessant om ein har lest dei andre bøkene hans.

      Slett
  4. Jeg har faktisk lest han - ei krimbok med så langt tittel at jeg ikke husker i øyeblikket. Likte den bare sånn passe, men tror det var fordi det var førstbok i en serie som bygde på ei anna bok (serie) jeg, at the time, ikke visste om. Interessant dette med dårlig forhold til mor - men godt til far - det virker ofte som om det i tidligere generasjoner er motsatt? Men når Anita skriver at også Solstad sleit med mora - er jeg muligens helt på jordet....

    Gode selvbiografier noteres, som alltid, ned, til senere bruk!

    SvarSlett
    Svar
    1. Ah, du har sikkert lest 'Mellom sommerens lengsel og vinterens kulde'? Det var også mitt fyrste møte med han - og akkurat den boka likte/skjønte eg ikkje. Men den siste krimmen hans 'Den døende detektiven' - den er finfin.

      Litt spesielt at dei to forfattarane her har det same motsetnadsfylte forholdet til foreldra sine. Trur det er tilfeldig.

      Slett