10. august 2015

Sommarlesing - del 3: Ymse veranda- og sofalesing

(Dette er innlegg nummer 300 på denne bloggen)


Hvite netter av Ann Cleeves
Vigmostad & Bjørke 2010
365 sider (kjøpt papirbok)

Denne puslespelkrimmen likte eg godt. Eit nærast klassisk britisk krimdrama som minner om noko som Agatha Christie og P.D. James kunne ha skrive i lag, på ein måte - om det hadde vore muleg.

Hvite netter er bok nummer to i Shetlandskvartetten. Eg skal definitivt lesa dei andre tre. Her er storslagen natur og eit særprega miljø, ein hovudperson/etterforskar med hovudsakleg sympatiske trekk, samt fleire interessante bipersonar.
Blod, gørr og neglebitande spenning er det lite av. Lesaren får i staden - gradvis og lagvis - i eit bedageleg tempo - fleire og fleire brikker som passar inn i "puslespelet". Avslutninga; eit oppgjer og ei tilståing på kanten av klippene der ute på den forblåste Shetlandskysten er skrekkeleg klisjeaktig - men samstundes veldig riktig til handlinga i denne boka. Terningkast 4.


Nattevandreren av Tore Aurstad og 
Carina Westberg
Kagge 2015
350 sider 
(lånt ebok)

Forfattarparet Aurstad/Westberg er mest kjende for fleire barne- og ungdomsbøker. Dette er den andre vaksenromanen dei har skrive saman. Nattevandreren er historisk krim med handling lagt til Kristiania ca. år 1900. Glitrande miljøskildringar. Groteske mord. Grusomme straffemetodar. Gåtefulle karakterar. Grøssande stemningsfullt. Men dessverre: For lite spenning og for dårleg framdrift. Historia tek ikkje av, og eg vart ikkje skikkeleg engasjert. Muligens var det ein tabbe at eg ikkje las Blodpenger fyrst; eg trengde nemleg ein del tid her på å få hovudpersonane og miljøet rundt dei "på plass". For meg er det som handlar om "synske" og "medium" berre tåpeleg. Men trass alt: Forfattarane samlar alle trådar etter kvart og landar historia på ein avklarande måte. Terningkast 3.


Lotus Blues av Kristina Ohlsson
Gyldendal 2015
425 sider 
(lånt ebok)

Ei ganske fengande forteljing, som lesar blir ein nysgjerrig og spent alt frå fyrste side.
Forteljarstemme er advokaten Martin Brenner som tek på seg eit heilt spesielt oppdrag; å finna ut kva som skjedde då Sara "Texas" Bell vart kjend skuldig i - og tilsto - fem drap. Samt å finna ut kvar det vart av sonen hennar, vesle Mio, som forsvann same dag som Sara døydde. Tok ho livet av seg eller vart ho drept? Og: Var Sara skuldig eller uskuldig i drapa ho vart dømt for?
Ting heng ikkje heilt på greip - og etter kvart blir det farleg for advokat Brenner. Han og samarbeidspartneren/elskerinna hans Lucy får ein stri jobb med å få Sara frikjend posthumt.
Lotus Blues er ei underhaldande og lettlest bok, skriven i ein avslappa og klassisk hardkokt stil, - og inneheld ein dramatisk avslutning/cliffhanger. Terningkast 4.


Bare en ond handling av Elizabeth George
Pantagruel 2015
758 sider 
(kjøpt bok)

Ei bok mest for Lynley & Havers-fansen. Bok nummer 18 i serien om desse Scotland Yard-etterforskarane er grueleg lang og omstendeleg - men sidan eg har følgd denne serien i lang tid vart boka sjølvsagt fullført, utan skumlesing.
Eg har litt sans for EG sin omstendelege og detaljerte skrivestil, og boka har absolutt driv og nerve, med skiftande perspektivskift og korte kapittel - men tempoet er litt svakt for denne type bok.
Det er Barbara og naboen/venen hennar Azhar som er mest i fokus i denne boka. Sjølve kriminalgåta er tynn og havnar etter kvart litt i bakgrunnen. Lesaren møter m.a. med ei gal nonne, ein gal politisjef, ein suspekt journalist, ein nyforelska Lynley og ein usedvanleg engasjert og desperat Havers. Stikkord for handlinga elles er kidnapping, språkforvirring og mord. Handlinga er delvis lagt til Italia, så forfattaren har difor strødd omkring seg med italienske glosar. Det var berre irriterande. Terningkast 4.


Straffen av Jan Mehlum
Publicom 2011
365 sider 
(kjøpt bok)

Eg er veldig glad i Svend Foyn-skikkelsen, men likevel gløymde eg at eg hadde denne ståande ulest i hylla. Slik kan det gå når ein har mange bøker å halda styr på.
Bok nummer 12 i serien om den godhjerta og nysgjerrige advokaten likte eg veldig godt.
Som alltid rotar Foyn seg inn i ei sak og - ikkje overraskande  - kjem han på kant med både politi, påtalemyndigheit og andre innan advokatstanden. Som alltid har han Hulda (hunden) og Jaguaren (bilen) med seg der han ferdast. Som alltid har Mehlum teke tak i fleire aktuelle problemstillingar og tema.
Bøkene i serien er frittståande og treng ikkje lesast kronologisk. Sjølv har eg lest dei i heilt tilfeldig rekkefølge.
Lesaren kan alltid stola på at Mehlum "leverer varene". Straffen er ei stilsikker, velskriven, tankevekkjande, spennande og engasjerande bok. Terningkast 5.


Britt-Marie var her av Fredrik Backman
Cappelen Damm 2015
335 sider 
(lånt privat)

Ei grei sommarbok som passar godt som verandalektyre. Eg har hatt boka som "attåtbok" og lest ho innimellom andre bøker.
Hovudpersonen Britt-Marie har mykje til felles med Ove frå den fyrste boka til Backman, En mann med navn Ove. Også dette er ein feelgood-roman med hjertevarme og ein pussig hovudkarakter. På og mellom linjene finn ein både komikk og alvor.
Britt-Marie er sær, med dårleg utvikla sosiale antenner. Gradvis vert det avslørt for lesaren korleis og kvifor ho har blitt som ho har blitt. Det viser seg at ho har forlate ektefellen sin og at ho også ber på ei stor sorg. Boka byr på artige karakterar, forviklingar og hysteriske situasjonar - men er også til ettertanke. Latteren vert ofte ståande fast i halsen.
Stilen er underfundig, språket er naivt og lettlest.
Terningkast 4.


Jeg tror bestemor lå med Frank Zappa
av Tine J. Sir

Kvalshaug forlag 2014
90 sider 
(lånt papirbok)

Overraskande bra. Ut frå tittelen og formatet på boka forventa eg ei syltynn og morosam historie, men eg fekk noko anna. Dette er ei gjennomtenkt og grei bok om kjærleik og om å høyra til.
Bakteppet for boka er konserten Frank Zappa heldt på Kalvøya-festivalen i 1973.

Ein kan kalla boka ein kortroman eller ei langnovelle. Berre 90 sider, men forfattaren maktar likevel å fortelja mykje om livet generelt og om livet til bestemor spesielt. Om valet bestemor tok då ho var i ei slags midtlivskrise, den gongen på syttitalet.
Historia er enkel og fortalt på ein stillferdig, men treffande måte. Avslutninga er fin.
Terningkast 4.


Monika-saken av Robin Schaefer
Vigmostad & Bjørke 2015
258 sider
(lånt ebok)

Leiinga ved Hordaland politidistrikt handterte denne varslingssaka på ein særdeles dårleg og uverdig måte. Alt tyder i dag på at Schaefer hadde rett då han varsla om at Monika-saka burde takast opp igjen. Men han fekk mykje motstand då han "blanda seg inn" i ei henlagt sak - ei sak han ikkje hadde noko med å gjera. I løyndom og via bistandsadvokaten til mor til Monika vart det teke kontakt med Kripos-etterforskar - og saka hamna på framsidene av alle store aviser. Fyrst då vart det fortgang i saka.
Sjølve boka er ikkje spesielt god. Det er ei samling dagboksnotatar, sende og mottekne epostar, samt nokre refleksjonar og synspunkt på Monika-saka og varslingssaka. Det meste av det som kjem fram i boka er kjend frå tidlegare, men eg skjønnar godt at Schaefer - varslaren - har hatt behov for å formidla heile si historie. Terningkast 3. (Meir om sakene her)


Fleire samleinnlegg med sommarlesing:

3 kommentarer:

  1. Det må en si, mange omtaler på en gang, rene godteposen for leseglade :) Må bare si jeg synes du er streng med terningkastene, men da lytter vi vel desto mer hvis du flesker til med en 5 eller 6 på terningen. Jeg har gitt opp George, etter å ha lest hennes to siste (bortsett fra denne) på rappen, lovet jeg meg selv at dette blir siste gang. Kos deg med Shetlandskvartetten så lenge den varer, det hun har skrevet etterpå er ikke like stemningsfullt og spennende. Ønsker deg en fortsatt fin august!

    SvarSlett
    Svar
    1. Du har heilt rett Tine; eg er streng med terningkasta mine. Eg er kresen, spesielt når det gjeld kriminalromanar. Eg har kanskje ofte (for) høge forventningar - og det kjem til uttrykk gjennom "karakteren" eg set til bøkene eg les.
      Eg merkar meg synspunkta dine når det gjeld Cleeves sine øvrige bøker.

      Slett
  2. Mye variert her! Britt-Marie var her hørte jeg som svensk lydbok tidligere i sommer, g den likte jeg veldig godt! Svenske lydbøker har vært en slager her i sommer, med tid og stunder skal jeg prøve å skrive et blogginnlegg i sakens anledning ;o)
    (Forresten: samleinnlegg ser også ut til å bli en slager ;o)

    SvarSlett