31. august 2015

August 2015 - ein annleis månadsoppsummering

Påbyrja i juli, fullført i august:
Jan Guillou - Ikke ville se - Svensk roman - Papirbok lånt på biblioteket

Lest i august:
Ann Cleeves - Hvite netter - Britisk krim - Kjøpt pocketbok
Jens Lapidus - VIP-rommet - Svensk krim - Lånt ebok
Jan Mehlum - Din eneste venn - Norsk krim - Kjøpt pocketbok
Leif GW Persson - Gutten til Gustav - Sjølvbiografi - Papirbok lånt på biblioteket
Lene Lauritsen Kjølner - Høyt henger de - Norsk krim - Papirbok fått av forfattaren
Paula Hawkins - Piken på toget - Britisk thriller - Lånt ebok

Påbyrja, men utsett til eit seinare høve:
Eirik Husby Sæther - Judaskysset - Norsk krim - Papirbok lånt på biblioteket

Påbyrja i august, fullførast i september:
Kathryn Stocket - Barnepiken - Amerikansk roman - Lånt lydbok
Gert Nygårdshaug - Himmelblomsttreet - Norsk roman - Kjøpt pocket


- - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Dette har vore ein svært spesiell månad for meg og mine, noko som også har gitt seg utslag reint lesemessig. Det kjem klårt fram når eg no oppsummerer lesemånaden august.
Dei to-tre fyrste vekene var det ferie, reise og avkobling. Og lesing av greie bøker innimellom. Ikkje spesielt godt vêr, men greit nok. Då eg skulle attende på jobb -  kom sommaren og finvêret, endeleg.
Me fekk nokre strålande solfylte dagar - fram til om morgonen fredag 21. august - då endra alt seg:

Det kom melding om eit brått og uventa dødsfall.
Eit ungt familemedlem er borte.

Nevøen min - snille og stillferdige Kristoffer - valde å forlata livet.
Tilbake sit foreldre, søsken, besteforeldre - samt øvrige famile og vener - i sjokk, sorg og sakn - men òg med mange fine minne om ein god gut.
Kristoffer vart berre 18 og eit halvt år gammal.

Vêret vart med eitt heilt uviktig.
Det same vart bøkene eg las.

Livet vert sett i ventemodus for ein periode.
Det er tid for ettertanke og refleksjon.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - 

11 kommentarer:

  1. Så trist med din nevø. Skjønte det var noe utfra noe på facebook. Alltid veldig trist når så unge ikke orker mer.. * blomster og klem fra meg*

    Skjønner godt at lesing da kommer i andre rekke..
    Har kun lest Piken på toget av dine.
    Ha en fin kveld..:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for støtta, Anita. Det er ei ufatteleg vondt og trist tid.
      Men livet MÅ jo gå vidare..

      Slett
  2. Det var trist, Berit!
    Slike ting setter øyeblikkelig perspektiv på tilværelsen.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det har du heilt rett i, Ingalill.

      Slett
  3. Det skjærer i hjertet mitt.
    Hold om og hold av...

    SvarSlett
  4. Varme tanker til deg og dine. Vær og bøker er ingenting mot livet, og de ting som setter det i perspektiv.

    SvarSlett
  5. Kondolerer så mye. Vet ikke hva jeg skal si, men kondolerer så mye igjen:/

    SvarSlett
  6. Vanlegvis er eg ikkje så personleg på bloggen som i dette tilfellet. Eg meiner; sjølv om bokbloggen min i høgste grad er personleg vinkla, er eg lite privat. Eg skriv til vanleg ikkje om familien min og andre ting i livet mitt.
    Det einaste unnataket var då eg vart bestemor for to år sidan – den gongen var eg så glad at eg berre måtte dela det med blogglesarane mine.
    Denne gongen er det motsett.

    Nok ein gong; takk for medkjensle, støtte og gode ord.

    SvarSlett