8. november 2015

Kort om: Djevelens giftering av Vidar Sundstøl

Juritzen 2015
308 sider
Lånt ebok (eBokBib)

Tidlegare har eg lest både Minnesota-trilogien og Besettelsen - og eg hadde difor store forventningar til denne nye krimboka til Vidar Sundstøl. Dessverre vart ikkje desse forventningane innfridde. Eg vart skuffa over Djevelens giftering.

Boka har fått ei viss merksemd som "verdens fyrste stavkyrkjekrim", og det høyrest sprekt og friskt ut - men handlinga er lite original. Det kjennest som om ein har lest boka før.
Handlinga er lagt til forfattaren sine heimtrakter i Telemark. Sentralt er Eidsborg stavkyrkje, ein gammal helgenfigur og eit eldgammalt hemmeleg rituale.
Det handlar også om to ulike forsvinningar; ei jente som forsvann eit år før handlinga i boka startar og ein mann som forsvann 30 år før.

Hovudpersonen er Max Fjellanger, utvandra frå Noreg og busett i USA i fleire år der han har jobba som privatetterforskar. Han er forholdsvis fersk enkemann når han kjem heim til gamlelandet for å delta i gravferda til ein tidlegare ven og kollega. Han får greie på at det kan vera enkelte uklare omstendigheiter rundt dødsfallet til denne venen og bestemmer seg for å grava i saka. Saman med den venlege og ivrige bibliotekaren Tirill grev han då også fram mykje grums. Gjennom etterforskinga kjem dei på sporet av gamle og nyare mystiske hendingar, - og etter kvart blir det både skremmande og farleg. Saka/sakene vert enno meir kompliserte av at den lokale lensmannen truleg har sine svin på skogen - og av at Max (klisjéaktig nok) innleier eit forhold til ein av dei involverte. (Ein har lest det før, som sagt..)

Boka har brukbart driv og inneheld fine skildringar av natur og stemningar, men for meg vart det for heile for enkelt, det vart for lite spenning og for få overraskingar. Dessutan er eg ikkje spesielt interessert i spøkelsar, myter, segner, tru og overtru.

Djevelens giftering får karakteren 4 for stil og 2 for innhald.

6 kommentarer:

  1. Synd denne ikke falt mer i smak, jeg liket den nok bedre, men så liker jeg sånne innslag av gamle sagn , myter, litt spooky greier også da.. Spent på hvordan du liker Requiem. Ser du lytter til den nå, det gjør også jeg. Greide nesten ikke legge fra meg headsettet i ettermiddag. Startet å lytte til den på en jobbreise i dag, og fortsatte da jeg kom hjem. Har hørt litt over tre timer.. det er litt problemet med krim på lyd, jeg vil jo helst høre den ferdig så fort som råd er, men det går jo ikke, da jeg har annet å gjøre.. Er jo en spinnvill bok, mer morsom en skummel, men den har jo driv og spenning tross alt.. (den scenen på kirkegården feks..en koffert, en kiste.. bare såååå overdrevet, but who cares så lenge det funker i settingen)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hadde forventa meg noko meir utfordrande frå Sundtøl si side, og vart difor skuffa denne gongen.
      Har høyrt ferdig Rekviem for nokre minuttar sidan, og har framleis høg puls..!! Så ja, det vart ei ny stor leseoppleving, til terningkast 5. Sjølvsagt er det overdrive og lite truverdig - men som du seier; det funkar!

      Slett
  2. Jeg leste denne først og Minnesota-trilogien etterpå. Jeg tror kanskje jeg likte Djevelens giftering litt bedre enn deg og at det var grunnen til at jeg plukket med med Minnesota-trilogien. Den stod nemlig i en bokhylle på et hotell jeg var på i Hellas. Jeg likte Djevelens giftering bedre en Minnesota-trilogien. Det skjedde jo egentlig ingenting i den siste, det var bare hovedpersonens tanker vi fulgte hele tiden. Så 5 til Djevelens giftering og 4 til Minnesota-trilogien :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Interessant. Er det ikkje rart korleis dei same bøkene fører til totalt ulike leseopplevingar?

      Slett
  3. Jeg ser vi har gitt samme terningkast:) Jeg savnet mer uhygge. Begynnelsen var bra, men så dalte det og uhyggen og spenningen forsvant. Det ble for forutsigbart for meg:/

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg ser at me er enige om akkurat denne boka, og at andre (som Astrid Terese i sin kommentar over) har hatt ei heilt anna leseoppleving. Heldigvis finst det ikkje noko fasitsvar på dette.

      Slett