13. november 2015

Kort om: Rekviem av Øystein Wiik

Lydbokforlaget 2015
Speletid 12:25
Opplesar: Øystein Wiik
Kjelde: Lytteeksemplar

Jepp, Øystein Wiik har gjort det igjen. Han har atter produsert ein kriminalroman full av spenning, bestialitetar og snert. Ein underhaldningsroman som ikkje har noko anna mål enn akkurat dette; å underhalda lesaren. Wiik er etter kvart blitt ein stilsikker og original kriminalforfattar som hentar inspirasjon frå uvande (krim)miljø. I bok nummer fem i Tom Hartmann-serien står stadig musikken sentralt, men no er fokuset flytta frå operaverda til Black Metal-miljøet.

Det tidlegare ekteparet Tom Hartmann og Cathrine Price er fortvila: Dottera Cecilie er sporlaust vekke og vert meldt sakna. Ho vart sist sett på ein konsert med det populære svartmetal-bandet WWW.
WWW-vokalist Wotan Wagner vaknar opp etter den same konserten med ein død person liggjande ved sidan av seg. Han har fullstendig blackout og ber manageren sin ta seg av saka. Det gjer han - men både tilfeldigheiter og andre ting gjer at både Wotan og medhjelparen rotar seg opp i ekstreme situasjonar.
Det syner seg at det er ein person frå fortida som søkjer hevn - både over Black Metal-artisten Wotan Wagner - og politietterforskaren Cathrine Price.

Øystein Wiik sine kriminalromanar er prega av forteljarglede, dramaturgi og spenningsoppbygging. Wiik har etter kvart funne si eiga "nisje" i krimlitteraturen; her er underhaldning og fantasi viktigast. Realisme og truverdigheit er det lagt mindre vekt på. Karakterane er lett karikerte, brotsverka spektakulære og handlingstrådane enkle å følgja.

Prikken over i'en er forfattaren si eiga opplesing av lydboka. Men - midtveges i lyttinga av denne boka trudde eg ei stund at Wiik var blitt erstatta av ein annan person. Plutseleg var stemma blitt så annleis. Truleg har Wiik fått eit halsonde av noko slag - eller kanskje synginga av uvande sjangrar i Stjernekamp førte til at stemma hans vart noko ukjenneleg - kva veit eg?
Etter kvart vart stemma og framføringa til Øystein Wiik gjenkjenneleg igjen - så eg anbefalar så sterkt eg kan at du lyttar til Rekviem og dei føregåande bøkene i serien!

6 kommentarer:

  1. Hehe, dette innlegget kunne jeg ha kopiert. Ble ferdig med boka for en halvtime siden, måtte bare lytte den ferdig. Utrolig god til å lese han Wiik, altså. Og boka er gjennomført til fingerspissene. I motsetning til Uglen av Bjørk, så godtar jeg klisjebruken og overdrivelsene her, fordi de henger sånn sammen på en måte. Kanskje fordi klisjeene er så overdrevne/karikerte? Og så er det originalt gjennomført . Wiik har peiling på det han skriver om, han har kunnskapene i bunn og så fantaserer han og tøyer det grenseløst..(om musikken bl.a.) Og så er det en del å le av oppi alt det bestiale.. Tom på slutten utenfor gården til Somby feks, der han ligger på bakken.. Kisten og kofferten som jeg har nevnt før.. say no more. Det som trekker litt ned for meg er de groteske og makabre detaljene, jeg liker jo ikke sånt som flåing av hud, mus stappet gjennom spiserør og sånt..

    SvarSlett
    Svar
    1. Vel - han er drøy i skildringane sine, - noko som fyller meg med skrekkblanda fryd. Grunnen til at det vert "spiseleg" trass alt er at det er så overdrive og karikert, - så ja, eg er heilt enig med deg altså.

      Slett
  2. Forrykende herlig omtale av boken. Hadde ikke tenkt å høre/lese denne, men kanskje jeg må revurdere etter å ha lest din og Anita sine ord. Det eneste jeg stusset ved er at politietterforskeren blir dradd inn i handlingen som et offer, sånt irriterer meg alltid.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skjønnar kva du meiner, men det er jo mannen hennar Tom Hartmann som har hovudrolla - og han får fleire funksjonar i denne boka.

      Eg ville ha venta med denne boka akkurat no, med tanke på det som skjedde i Paris i går kveld og natt. Boka kan oppfattast som ekstra usmakeleg fordi det her handlar om ein gisselsituasjon under ein rockekonsert. Verkelegheita er meir grusom enn sjølv Øystein Wiik sin fantasi kan fatta.

      Slett
    2. Berit: Jeg tenkte faktisk på denne boka etter terrordramaet i går.. Så nært det plutselig ble. Er enig med deg i at denne kan godt vente nå.. Jeg synes osgå det blir litt vanskelig å skrive om denne nå, - det vil bli en annen omtale enn jeg hadde tenkt,,

      Slett
    3. Anita: Det er forståeleg. Alt til si tid.

      Slett