24. mai 2016

Bokomtale: Svenske gummistøvler av Henning Mankell

Lydbokforlaget 2016 
Speletid: 12:46
Opplesar: Ola Otnes
Kjelde: Lytteeksemplar


Det er ikkje naudsynt å lesa Italienske sko før ein les denne boka, men det er nok ein fordel. Då kjenner ein alt til den pensjonerte legen Fredrik Welin som har isolert seg på ei øy i den svenske skjærgården, historia om tabben han ein gong gjorde då han var kirurg, om ungdomskjæresten Harriet som han sveik og om dottera Louise som Fredrik ikkje visste om før ho var vaksen.

I Henning Mankells aller siste roman vert ein kjend med forhistoria i korte tilbakeblikk.
Svenske gummistøvler er ei langsam forteljing om livet og døden og om å bli gammal. Boka er til tider melankolsk og stemningsfull, men eg tykkjer det også er ein del tomprat og tåkeprat. Folk som kjenner forfattaren frå tidlegare merkar glimt av kriminalforfattaren Mankell - men også av kreftpasienten Mankell.

Fredrik Welin er blitt over 70 år og har altså busett seg på ei lita øy i huset han arva frå besteforeldra sine. Ei natt brenn huset ned til grunnen. Sjølv kjem han frå den dramatiske hendinga fysisk uskadd, men han mistar alt han eig. Også dei italienske skoa har gått tapt; det einaste han klarar å berga er to venstrestøvlar. Ei campingvogn, som dottera Louise lot stå igjen då ho og Harriet budde der ei tid, vert den provisoriske heimen hans. Eit båthus, ein båt og ei brygge finst også på staden, så tilværet til Fredrik er ikkje totalt øydelagt. Men som ein kan forstå: Fredrik befinn seg i ein krisesituasjon - og dette forverrar seg når han forstår at han vert mistenkt for å stå bak brannstiftinga og eit muleg forsøk på forsikringssvindel.

Fredrik tenkjer mykje tilbake på tida som var, han reflekterer over livet slik det vart og slik det kunne ha blitt. Samstundes prøver han å finna tilbake til kvardagen på øya, men er uroleg på grunn av at det truleg befinn seg ein pyroman ein eller annan plass i lokalsamfunnet. Den aldrande mannen får også andre ting å tenkja på når han får varme kjensler til ein kvinneleg journalist frå lokalavisa. Han får også besøk av dottera som han har eit litt komplisert forhold til. Etter kvart dreiar historia seg nesten like mykje om desse to kvinnene, dottera Louise og journalisten Lisa Modin, som forteljaren sjølv.

Spesielt ein scene mot slutten av boka var så fin, tykte eg: Som eit symbol på at Fredrik har forsona seg med fortida, grev han ned spenna frå den italienske skoen som ein grunnstein til det nye huset på øya. Han har ikkje bruk for slike sko lenger i og med at han omsider får tak i skikkelege svenske gummistøvlar.

Henning Mankell er for meg ein av dei aller største, så eg finn mange gullkorn i denne boka. Ein kjenner varmen og sjarmen trass i at sjukdom, aldring og død er sentrale tema. Tonen og stilen er vemodig og underfundig.
Eg tykkjer boka er veldig langsam; eg får konsentrasjonsvanskar når handlinga er såpass saktegåande. Det gjeld spesielt i avsnittet frå Paris som godt kunne ha vore kutta ned nokre titals sider. Trass i desse innvendingane har eg hatt ei fin leseoppleving og kan anbefala Svenske gummistøvler. Karakteren og konklusjonen blir for meg eit svakt terningkast 5.

Ola Otnes har ei stemme som kler forteljarstemma i boka. Han les av og til på ein litt nølande måte, men eg er likevel nøgd med innsatsen til opplesaren av lydboka.

8 kommentarer:

  1. Jeg er i innspurten her, og ikke helt overraskende er jeg helt enig i det du skriver- kanskje bortsett fra at Ola Otnes har ei stemme som kler boka- eller den gjør vel det, men jeg ville nok heller ha fortsatt med Yngve Berven som leste "Italienske sko", så hadde blant annet navna blitt lest likt. Det er en smakssak, men alt-i-alt, er jeg mer begeistra for de italienske skoene, selv om gummiser kanskje er mer anvendelig ;o)

    SvarSlett
    Svar
    1. Som sagt i ein tidlegare kommentar så hugsar eg ikkje så mykje av 'Italienske sko', heller ikkje at Yngve Berven var opplesar. Men eg er enig i at Berven er god!

      Slett
  2. Oy, jeg scrollet ned til terningen din, en sjelden 5`er, det er ikke verst. Hiver meg rundt og får den på øret med en gang. Har boken, men jeg har så mange bøker og så lite tid, så det får bli Ola Otnes denne gangen :)

    SvarSlett
  3. Jeg er enig med deg , boka var veldig bra! Synd vi ikke får mer fra den mannens hånd.

    SvarSlett
    Svar
    1. Ja. Men bøkene hans lever vidare..

      Slett
  4. Var i bursdag i helgen, og snakket med 2 personer (begge over 60, uten at jeg vet om dette har betydning?), helt uavhengig av hverandre som ikke fikk fullrost denne boka. Var selv skeptisk, siden begge svarte feil på kontrollspørsmålet (om de også likte Daisy Sisters), men kanskje var de inne på noe likevel??

    SvarSlett
    Svar
    1. Daisy Sisters vart utgitt fyrste gong i 1982, så eg ser ikkje på den som representativ for Mankell sitt forfattarskap.
      Eg har berre lest knappe halve. Byrja på lydboka for ei tid tilbake, men måtte avbryta fordi det var "feil" stemme, om du skjønnar..

      Det er (sjølvsagt) Kurt Wallander som er min favoritt Mankell-karakter, men eg har også stor sans for hovudpersonen i Italienske Sko og Svenske Gummistøvler. Eg trur han har svært mykje til felles med forfattaren sjølv.

      Slett