20. mai 2016

Samleinnlegg: vårlesing 2016

Den syvende demonen av Øistein Borge
Font 2016
317 sider, eBokBib


Handlinga er lagt til Rivieraen i miljøet til dei vakre og rike. Når ein velståande eldre norsk mann vert funnen drept og mishandla i det staselege huset sitt, vert Bogart Bull, "vår mann", sendt avgarde for å bistå det lokale politiet. Drapet vert etter kvart sett i samanheng med hendingar som fann stad under 2. verdenskrig. Det har også ei viss tilknytning til ei spesiell kunstnargruppe på 1910-talet. Og det skal komma til å bli utført fleire drap..

Bull er ein sympatisk type som eg godt kan tenkja meg å lesa meir om i framtidige bøker.
Boka er ikkje så aller verst, men ho ber tydeleg preg av at forfattaren har vore overambisiøs og av at han vil sei så veldig mykje. For mykje. For springande handling, for mange personar, for like namn, for ulike perspektiv. Perspektivskifta og tidsskifta er dessutan uklare, noko som gjer at boka vert opplevd som rotete. Terningkast 4-.


Everest av Odd Harald Hauge
Kagge 2016
310 sider, eBokBib

Ein skulle tru at ein Mount Everest-ekspedisjon var eit perfekt utgangspunkt for ein thriller. Bakteppet er svimlande høgder, ekstreme vertilhøve og mistenkelege ekspedisjonsmedlemer. Og det blir spennande - til slutt. Men fyrst må ein gjennom eit par hundre sider med preik og pjatt.

Skildringane av ver, utstyr, natur, rasfare, ventetid, høgdesjuke og klatring er gode og - sikkert - realistiske. Personskildringane derimot er vage, lite truverdige og eindimensjonale. Eg trur ikkje, verken på hovudpersonen eller dei andre deltakarane av ekspedisjonen. Eg finn det lite sannsynleg at medlemer av ein ekspedisjon til verdas høgaste fjell viser så lite samarbeidsvilje og -evne som det desse har.

Siste fjerdedel av boka er til å få sug i magen og å bli andpusten av; den er superspennande og hevar leseopplevinga til eit terningkast 4.



Når noen bare forsvinner av Harlan Coben
Cappelen Damm 2007
Lydbok Storytel, speletid 12:03


Coben leverer - som alltid. Dette vart til slutt ei svært bra leseoppleving, men undervegs var eg ein smule forvirra og frustrert. Plottet er komplekst, trådane mange og i fyrste del av boka er handlinga nokså treg. Det er også mange namn og karakterar å halda styr på.
Som vanleg i Coben sine bøker er handlinga lagt til eit middelklasse/ forstadsmiljø. Hovudpersonen, Grace Lawson, ei ganske så vanleg kvinne, finn - ikkje heilt tilfeldig - eit omlag tjue år gammalt foto av fem personar. Fire av dei er ukjente for henne, men den femte er Jack, ektemannen hennar. Jack reagerer sterkt på biletet, men seier ingenting - og i løpet av den påfølgjande natta forsvinn han. Har han reist av eigen fri vilje? Kven er dei andre personane på biletet? Kva er det Jack har halde skjult for henne i alle år? Til meir informasjon Grace klarar å grava fram, til fleire spørsmål stiller ho seg.
Duc Mai-The er ein flink opplesar, men lydkvaliteten i Storytel er ikkje heilt på topp her. Terningkast 4+.



Hvem drepte Birgitte Tengs? av Bjørn Olav Jahr
Gyldendal 2015
398 sider, eBokBib


Sidan eg er så interessert i oppdikta kriminalforteljingar har eg også ei viss interesse av verkeleg krim; såkalla True Crime. Men eg kjenner at slike bøker/saker grip tak i meg på ein heilt annan måte. For dette er ei verkeleg gåte, med eit verkeleg drapsoffer, ein verkeleg gjerningsperson og verkelege pårørande. Samt ei verkeleg, men hårreisande dårleg og skandaløs etterforsking - dersom ein skal tru forfattaren av denne boka. Jahr viser korleis sentrale polititenestemenn og etterforskarar gjorde grove tabbar og feilvurderingar.
Eg får så vondt av Birgitte sine foreldre, av fetteren, av fetteren sin familie - ja, av heile dette lokalsamfunnet, som enno - 21 år etter drapet - er prega av det som hende.

Boka er oversiktleg og velskriven, grundig og sakleg, med mange tilhøyrande fotnotar. Lesinga gjorde meg opprørt, engasjert og sliten, så eg måtte ha rikeleg med pausar og god tid for å klara å fullføra. Det er spesielt politiet sine manipuleringar og den meiningslause tilståinga til fetteren som set meg ut. Eg tykkjer boka er ubehageleg detaljert og til tider noko grafsande i høve privatliva til sentrale personar. Men forfattaren handsamar stort sett dei involverte i saka med respekt. Eit samandrag av boka kan lesast her.
Jahr peikar ut ein sannsynleg gjerningsperson i boka si. Det er grunn til å tru at det framleis finst tekniske spor som kan granskast og analyserast vidare og at sentrale vitner i saka kan avhøyrast på nytt. Dessutan er teknologien annleis og analysemetodane betre i dag enn i 1995-96-97. Eg håpar denne boka kan bidra til at "Birgitte-saken" får ei oppklaring. Terningkast 4+.

5 kommentarer:

  1. Enig ang Borges og Jahrs bøker, selv om jeg nok likte Jahrs bok enda bedre enn deg jft terningkastet.
    Everest likt jeg nok også mye beder, jeg synes den var spennende hele veien.

    SvarSlett
    Svar
    1. Everest var treig i starten, tykte eg. Dessutan trudde eg at det var ei krimbok, så eg forventa noko anna enn det eg fekk.
      Men eg er djupt fascinert av høge fjelltoppar og av at folk frivillig utset seg for slike ekstreme påkjenningar som t.d. ein Everest-ekspedisjon.

      Slett
    2. Ok, da var jo forventingene litt feil. Det påvirker som regel lesingen .
      Enig ang fjelltopper og slike eksepdisjoner.:)

      Slett
  2. Bare firere denne gangen :) Du får hive deg over Jørgen Jæger sin siste, er spent på om den scorer høyere hos deg. Everest ga jeg full pott, skjønner ikke at du ikke syntes den var spennende i begynnelsen, det gjorde jeg. Hilste på Mats Steinsland i dag, vår personlige Everest helt som kom tilbake til Bergen onsdag denne uken, etter sin ekspedisjon til dette fjellet. Du skulle sett så smal han hadde blitt, nesten som en flis å regne :) Bedre lykke med de neste bøkene Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Jægers siste skal eg nok få lest ein gong, etter at eg har fått lest den nest siste. For etter 'Stemmen' har det ikkje blitt meir Jæger og Ole Vik på meg, - då var eg på ein måte "mett". Men eg har merka meg rosen som gjeld den siste boka hans.

      Eg har lest i nettaviser om denne Steinsland, som visstnok er den fyrste bergensaren på toppen av Mount Everest. Og i dag las eg om Siv Harstad som nådde toppen på torsdag - og som vart snøblind. No skal ho vera på trygg grunn etter det som må ha vore ein strabasiøs nedovertur - i blinde!

      Slett