22. mai 2017

Samleinnlegg: Vårlesing del 2

Eg les fortare enn eg skriv - og må nok ein gong ty til samleomtale. Eg har som mål å skriva litt om alle bøkene eg les, og då er samleinnlegg ein grei måte å presentera essensen i bøkene på.

Ekte amerikanske jeans av Jan Guillou
Vigmostad & Bjørke 2016
419 sider, lånt ebok eBokBib

Sjette avsnitt av Guillou sitt historiske verk om det 20. hundreåret. Dette er "tre ønsker på en gang"; familiedrama, historieundervisning og underhaldning.
Me er no komne til 1950-talet og ein ny generasjon Lauritzen overtek meir og meir av fokuset. Hovudperson og forteljarstemme i denne boka er Eric, som på ein måte er av ukjent opphav - men like fullt ein Lauritzen.
Guillou gir gode tidsbilete frå perioden. Bakteppet for handlinga i boka er ungdomskultur og ungdomsopprør, oppbygginga av velferdsstaten og utviklinga av den kalde krigen.

Eg likar denne serien godt og har alltid forventningar om gode lesestunder når det kjem ut ei ny bok. Eg tykkjer imidlertid at Guillou trekker fram ein del uinteressant stoff i denne boka, så difor får ikkje Ekte amerikanske jeans "meir" enn terningkast 4.



Naboparet av Shari Lapena
Lydbokforlaget 2017
Speletid 8:17, lytteeksemplar

Denne boka er eit eksempel på kor villeiande marknadsføring kan vera - for dette var tynne saker. Så oppkonstruert og lite truverdig at det aldri vert blir skikkeleg spennande. I reklamen vert det hevda at boka er "en psykologisk thriller, avhengighetsskapende og klaustrofobisk spennende". Det er eg ikkje enig i - her er for mykje som minner meg om "femikrim".
Med tanke på kor alvorleg sjølve saka er - kidnapping av ein baby - er det faktisk påfallande kor lite engasjerande historia er. Eg klarar ikkje å tru på at hovudpersonane - foreldra - kan oppføra seg slik som dei gjer i denne boka. Plottet er rett nok fiffig, men mot slutten vert det altfor mykje såpeopera og melodrama. Lydboka er godt opplest av Silje Storstein, men likevel: Terningkast 3.



Leon av Mons Kallentoft og Markus Lutteman
Lydbokforlaget 2016
Speletid 09:39, lytteeksemplar

Andre del i Herkules-serien og eit framhald av Zack. Dette er verkeleg typisk Nordic Noir: Velskrive, mørkt, sterkt og med eit interessant persongalleri. Så realistisk er det vel ikkje, men det fungerer og engasjerer. Leon er ei bok som tek tak i lesaren - som fengar - frå fyrste til siste side. Skal eg samanlikna skrivestilen og innhaldet med nokon, er Jo Nesbøs Harry Hole-bøker mest nærliggjande å tenkja på.

At handlinga er lagt til eit vinterleg og iskaldt Stockholm gir boka ein ekstra dimensjon. Det handlar om eit kaldt samfunn, om barnekidnapping, menneskehandel, narkotikabrotsverk - og ein sprøyte gal drapsperson. Alt fortalt med skiftande synsvinklar og i eit høgt tempo. Thorbjørn Harr les boka med riktig og ekte innleving. Terningkast 5.


Neptuns tenner av Fred Vargas
Aschehoug 2007
443 sider, biblioteklånt papirbok

Her handlar det også om ein sprøyte gal seriemordar, men stilmessig er dette heilt, heilt annleis. Dette er langsamt, finurleg, omstendeleg, elegant - og veldig fransk.

Persongalleriet er usedvanleg fargerikt - og hovudpersonen sjølv, politietterforskaren Jean-Beptiste Adamsberg - er både skrudd og skarp. Boka inneheld humoristiske skråblikk, absurde situasjonar, groteske drap og møysommeleg etterforsking. Her får ein også eit interessant møte mellom to ulike kulturar: Det franske og det kanadiske.

Dette er den tredje boka i serien om Adamsberg, men er mitt fyrste møte med mannen - og med den franske "krimdronninga" Fred Vargas. Det blir ikkje det siste, for dette var verkeleg underhaldande. Eg tykte fyrste del av boka var tung å komma gjennom; eg streva med å halda styr på dei franske namna - og eg skjønte ikkje humoren heilt heller. Etter kvart glei det lettare - og eg skal absolutt lesa fleire bøker i denne serien. Terningkast 5-.



Filledokka av Daniel Cole
Vigmostad & Bjørke 2017
429 sider, lånt eBokBib

Enno ein gal seriemordar - no i London - og denne tek verkeleg kaka. Dette er så motbydeleg og bestialsk at det nesten vert komisk - og det kan då ikkje vera hensikten? Her handlar det om eitt lik og seks ulike offer - fordi drapsmannen har sydd ulike likdeler saman til ei slags dokke. Det handlar også om ei liste over fleire kommande drap. Dermed vert denne boka ein spennande - men springande og rotete - kamp mot klokka.

Filledokka er likevel eit friskt pust og ein lovande debut. Vekselvis følgjer me ein kontroversiell etterforskar og kollegaene hans og på den andre sida; ein ærgjerrig journalist som "tilfeldigvis" er ekskona til fyrstnemnde. Handlinga er pakka inn i mørk humor og inneheld detaljerte skildringar - så boka passar truleg ikkje for sarte lesarar. Plottet er ekstremt utspekulert og drapsmetodane svært fantasifulle. Enkelte av handlingstrådane vert ikkje nøsta skikkeleg opp i, men det får me kanskje svar på i framtidige bøker frå denne forfattaren?

Det som trekker ned heilskapsinntrykket er at sceneskifta og perspektivskifta er uklåre og at dei ofte kjem brått på. Eg noterte meg undervegs at enkelte parti av boka er dårleg/merkeleg oversatt, så denne kunne hatt godt av ein ekstra runde med korrekturlesing. Terningkast 4-.

11 kommentarer:

  1. HAHA til femikrim. Jeg har adoptert ordet for evig og alltid :) Ellers har jeg ikke lest noen av bøkene dine, men ble fristet av Leon. Fant den på Storytel på svensk.. så jeg får se om det blir den første svenske lydboka ever på meg. Og, samlebokomtaler er undervurderte! ...sier jeg, som skrev om tjueto bøker i min egen...

    SvarSlett
    Svar
    1. Nei, kosekrim/damekrim/femikrim er ikkje noko for meg. Det er ikkje slik at eg MÅ ha action, blod og gørr heller, men dersom det er for mykje klisjear og daglegdagse trivialitetar, då steilar eg.
      Eg har prøvd meg på nokre svenske lydbøker - og det har vore tildels vellukka. Leon er så intens og bra at den truleg er "høyrbar". Det kjem an på opplesaren.

      Slett
  2. Jeg har lest fire av disse, og ser at vi har ganske sammenfallende meninger om bøkene. Naboparet synes jeg også var en hype. Leon var som du skriver en mørk og sterk Nordic Noir. Filledokka var jeg nok mer begeistret for enn deg. Men det jeg synes er morsomst å lese er din oppfatning av Fred Vargas. Hun er en av mine store favoritter, så stor favoritt at jeg måtte skrive et eget innlegg om henne på bloggen min. Finurlig og til dels humoristisk krim med ubetalelige karakterer. Skal bli spennende å høre når du leser flere av bøkene hennes.

    SvarSlett
    Svar
    1. Fred Vargas var eit hyggeleg "bekjentskap", så eg skjønnar at ho er ein favoritt. Eg likar at ho skriv så elegant og ironisk. No har eg vore på biblioteket og lånt den fyrste Adamsberg-boka og ser fram til å lesa den.

      Slett
  3. Jeg har lest en bok av Fred Vargas- Vampyrens hevn, som jeg synes var en nedtur. Forventet nok mye mer.. Mulig det var feil bok å starte med.
    Naboparet synes jeg var en veldig grei bok å lese på flyet hjem fra Gran Canaria her i vinter..lettfengelig til formålet, men enkel, ja..

    Elllers leste jeg Zack, men likte ikke den spesielt godt heller, så det ble med den i serien.. litt for hardcore miljø som jeg ikke liker og masete for meg..

    Samleinnlegg: veldig ok. Bruker det i blant når jeg ikke får skrevet unna bok for bok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det er mangt som spelar inn når ein skal vurdera ei leseoppleving: Tid og stad, smak og behag, form og format. Sjølv vart eg positivt overraska over Vargas, medan Lapena og Cole ikkje leverte mtp førehandsomtalar.

      Slett
    2. Helt klart.
      Ang Malin Fors-bøkene, så likte jeg Midtvinterblod veldig godt.. Jeg synes det var spennende med stemmen beyond life..
      Og historien var sterk og vond.
      Prøvde meg på Sommardøden en stund etter, men den fenget ikke like mye..

      (ser dere diskuterer Fors du og Inga)

      Slett
    3. Der ser du; tid og stad, smak og behag.. og eg har ein uvilje/skepsis til bøker der ikkje alt kan forklarast rasjonellt. (Murakami er unnataket)

      Slett
  4. Noterer meg Vargas (men starter selvfølgelig med begynnelsen). Ble også veldig interessert i Kallentoft. Har fremdeles ikke kommet igang med Malinbøkene, men følte at jeg mentalt la de på is nå, som jeg lærte, at det er en ny serie ute. Mye mer overkommelig med bare 2 bøker.
    Føler at jeg krim plutselig ble ekstremt interessant igjen. Sikkert fordi jeg har hatt pause og er (selv)pålagt å kun lese festivalforberedende fram til Lillehammer (ennå ikke kommet i gang). Har nå gått med Grytten under armea i flere uker, mens jeg egentlig lystleser på eBokBib.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg las den fyrste i Malin Fors-serien for mange år sidan - og, merkeleg nok, den likte eg ikkje. Eg meiner å hugsa at den døde hadde ei av forteljarstemmene - og slike "fenomen" er ikkje noko for meg. Zack og Leon er bra og heilt utan overnaturlege element.

      (Det høyres slitsomt ut å gå med Grytten under armen i lang tid)

      Slett