23. januar 2018

Bokomtale: Engelen på det sjuende trinn av Frank McCourt

Lydbokforlaget 2006
Speletid 15:01
Opplesar: Lasse Kolsrud
Originaltittel: Angela's Ashes
Kjøpt lydfil

Frank McCourt vart fødd i New York i 1930, men vaks opp i slumstrøket i den irske byen Limerick. Som nittenåring flytta han attende til USA der han skaffa seg utdanning og arbeidde som lærar i mange år. Han var pensjonist då han debuterte som forfattar med denne boka i 1996. Boka vart ein suksess; McCourt vart tildelt både National Book Critics Circle Award og Pulitzerprisen. 

Engelen på det sjuende trinn er ein biografisk roman der McCourt skildrar ein vanskeleg oppvekst i ein lutfattig heim i det lutfattige Limerick. I 1999 kom oppfølgjaren Ja så menn ('Tis) som handlar om livet hans etter at han flytta til USA og i 2005 kom den tredje boka Lærer'n (Teacher man) som handlar om yrkeslivet hans.
Frank McCourt døydde i 2009.

Boka er visstnok kjent, men sjølv hadde eg aldri høyrt om verken boka eller forfattaren før eg tilfeldigvis kom over lydboka i romjula. Ein kjapp titt på forlaget sin omtale gjorde meg nysgjerrig og forventningsfull - og det er altså litt av ei forteljing. Engelen på det sjuende trinn er nok ei av dei mest hjerteskjerande, lærerike, underhaldande og fengslande erindringsbøkene eg nokon gong har lest.
Selvfølgelig var det en ulykkelig barndom: Lykkelige barndommer er ikke mye å samle på. Verre enn normalt ulykkelig barndom er en ulykkelig irsk barndom, og enda verre en ulykkelig irsk-katolsk barndom.
Slik innleier McCourt forteljinga om barndommen sin - og ein skjønnar at humoren - eller rettare sagt galgenhumoren - er ganske vesentleg i denne forteljinga. Forteljarstemma er naiv og direkte sidan me ser det heile frå barnet Frank sitt perspektiv. Alt som fireåring må Frank, den eldste i søskenflokken, ta ansvar for yngre søsken. Han opplever at tre småsøsken døyr av sjukdom og feilernæring. Dette vert det fortalt om på den same undrande og naive måten som i resten av boka - og det er ein effektiv forteljarteknikk.

Tilværet i familien McCourt var på 1930- og 40-talet prega av fattigdom, alkoholmisbruk, elendige butilhøve, arbeidsledigheit, spebarnsdød og all anna elendigheit: Faren drikk opp lønna/trygda og mora strevar med å skaffa barneflokken nok mat. Det som ein gong fantest av kjærleik og omsorg ser ut til å fordufta etter kvart som tida går og ein ikkje ser noko lyspunkt eller framtidstru. Borna er ofte både skitne, svoltne og frosne. Foreldra har ei viss omsut for borna sine, men Frank og brødrene går ofte for lut og kaldt vatn. Det er difor rørande å lesa om den omsorga brødrene har for kvarandre. Det er også rørande når Frank fortel om kor lukkeleg han er når faren er edru og fortel sine fantastiske historiar om ulike irske heltar.

Frank og søskena gjekk på skule, og som for så mange born i Irland; den katolske kyrkja spelte ei stor rolle i liva deira. Begge desse institusjonane var prega av streng disiplin, harde straffer og "høg" moral. Å vera fattig vart sett på som ei skam. Å vera fattig og i tillegg ha ein arbeidsledig og alkoholisert far var enno meir skambelagt. Frå han er 13 år gammal forsørger Frank seg sjølv med ymse strøjobbar, og etter nokre år har han spart opp såpass mykje at han har pengar til båtbilletten til framtida - til USA.

Engelen på det sjuende trinn er ei bok som gjer inntrykk. Ho er både trist og morosam og det er på alle måtar ei heilt utruleg forteljing. Det er utruleg at Frank og brødrene overlevde og vaks opp. Det er ufatteleg at det er berre 70-80 år sidan dette hende. Og det er ufatteleg at det rundt omkring i verda i dag lever ungar som har det like ille som McCourt-brødrene hadde det den gongen.

Andre bloggmeiningar:
Sidan boka ikkje er av ny dato, har eg ikkje funne så mange bloggomtalar av denne, men les gjerne omtalane til Betraktninger fra en veranda og Buskerud leser.

11 kommentarer:

  1. Takk for påminnelsen. Denne har jeg jo i hylla. Når skal jeg lese alt som står der? Godt at du hjelper meg å få noen av dem frem i lyset. Virker som en sterk bok.

    SvarSlett
    Svar
    1. Då bør du ta boka fram og leggja ho lett tilgjengeleg. Veldig bra bok og ei sterk historie. Pluss ein god porsjon humor og optimisme - i kontrast til alt det sørgelege.

      Slett
    2. Ja, det burde jeg nok, men den prioriterte lesehaugen min er full ut februar- Boka er forøvrig lett tilgjengelig i hylla midt-i-mot, så glemt blir den ikke. Det er værre med de som ligger i esker i kjelleren... ;)
      Godt det er humor der også.

      Slett
  2. Så fint at du drar frem denne forfatteren! Selv har jeg bare lest Lærer'n, en bok jeg både lo og gråt av. Vel verdt å lese! Når loppemarkedene popper opp til våren skal jeg definitivt ha Engelen på det sjuende trinn i minne.

    (http://ellikkensbokhylle.blogspot.no/2011/09/lest-i-2011-55-lrern.html)

    SvarSlett
    Svar
    1. Las omtalen din av Lærer'n og skal nok lesa både den og Ja så menn med tid og stunder. Engelen på det sjuende trinn finst i eBobkBib (hos meg i alle fall)

      Slett
  3. Dette er en fantastisk historie, tenk for en forferdelig oppvekst. Det er mange år siden jeg leste den, men den sitter fast i hjernen enda. Godt å se at gamle gode bøker taes frem igjen og ikke blir glemt!

    SvarSlett
    Svar
    1. Gode bøker går ikkje ut på dato - og bra er det.

      Slett
  4. Jeg begynte på denne men klarte ikke fullføre den. Historien i Engelen på det sjuende trinn er mildt sagt hjerteskjærende og jeg syntes det ble for tøft.

    SvarSlett
    Svar
    1. Det kan eg forstå, historia ER sterk. Men for meg hjalp det at forfattaren nyttar (galgen)humor heile vegen.

      Slett
  5. Svoren McCourtfan over here. Filmen er også bra, og Lærer'n, som Ellikken sier. (Nå skal jeg oppdatere meg på hva du har lest i jan/feb).

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette vart eit svært interessant og verdifullt forfattarbekjentskap. Synd han berre rakk tre bøker.

      Slett