17. januar 2018

Shetland-serien av Ann Cleeves

Ann Cleeves er ein særdeles produktiv krimforfattar. Ho har faktisk gitt ut 30 bøker på 30 år - og det er imponerande. Ho vart då også tildelt The Diamond Dagger of the Crime Writers' Association i fjor; ein heiderspris for "livslangt kriminallitterært forfattarskap av særleg høg kvalitet". Bøkene i Shetland-serien og serien om Vera har ført til at Cleeves er blitt populær verda over sidan bøkene også har blitt til populære TV-seriar.

TV-seriar og filmar er ikkje noko for meg, heller ikkje om dei byggjer på kriminalromanar som eg har likt. Eg har nett gløtta på Shetland-serien, men ga opp etter kort tid. På same måte som Krister Henriksson er "feil" Kurt Wallander og Bjørn Sundquist er "feil" Konrad Sejer, er Douglas Henshall heilt "feil" Jimmy Perez - for meg. Eg skapar alltid mine eigne bilete av folk og omgjevnader inne i hovudet mitt når eg les - og det blir gjerne fullstendig kræsj når eg ser kva bilete andre har laga.

Eg har for lengst lagt min elsk på krimbøker/-seriar med handling frå små øysamfunn og andre grisgrendte og rurale strøk - og er fascinert av Shetland. Som vestlending føler eg meg litt i slekt med shetlendarane og historisk sett har då også Noreg og Shetlandsøyane hatt mykje samkvem.

Så langt har eg lest seks av Cleeves sine Shetland-bøker. Bøkene er rolege, logiske og velskrivne og inneheld særeigne kultur-, natur- og miljøskildringar, samt truverdige karakterar. Du finn heller ikkje unaturleg oppkonstruerte plott, unødvendig detaljerte valdsskildringar eller sprøyte gale seriemordarar i Ann Cleeves sine bøker. Hovudpersonen Jimmy Perez er introvert, men dyktig og sympatisk. Etterforskaren har sydlandsk utsjånad og muligens spanske anar, noko som i så fall skuldast at eit skip frå den spanske armadaen forliste utanfor Fair Isle i 1588. Utover i serien får Perez store utfordringar, både fagleg og personleg.


Bøkene vert ofte omtala som Shetland-kvartetten, og eg trudde lenge at det då handla om fire bøker. Men det viser seg at det er snakk om to kvartettar og til saman åtte bøker. Dei fire bøkene i den fyrste kvartetten har alle blitt omtalt her på bloggen i samleomtalar: Svart som ravnenHvite netter, Røde knokler og Blått lyn. Tema er fire fargar og fire årstider (som i Johan Theorin sin Øland-serie).

I kvartett nummer to er tema dei fire elementa; vatn, luft, jord og ild - og eg har nettopp lest dei to fyrste (dvs. nummer fem og seks i serien): Dødvann og I løse luften. Cold Earth er enno ikkje oversatt til norsk og den aller siste, som får tittelen Wild Fire, skal etter planen komma ut i 2018. Så det går enno eit par år før eg får fullført heile serien. Det er OK, eg har rikeleg med lesestoff i mellomtida.


Dødvann
Vigmostad Bjørke 2013
346 sider, lånt papirbok biblioteket

Etter dei dramatiske og traumatiske hendingane i Blått lyn, er det på mange måtar ein heilt annan Jimmy Perez me møter i Dødvann. Han har då også ei tilbaketrekt rolle i etterforskinga av drapssaka det vert fortalt om i denne boka.

Cleeves tek opp aktuelle problemstillingar; ein del av handlinga knyter seg til motsetningane mellom dei som ynskjer å ta vare på lokale tradisjonar og dei som søkjer nye tider, nye skikkar og ny teknologi.

Ny etterforskingsleiar og ny interessant karakter er Willow Reeves. Saman med betjent Sandy Wilson og med uformell assistanse frå den sjukmelde Jimmy, skal ho prøva å nøsta opp i ei tragisk og sensasjonsprega sak. Kan drapet på ein ung journalist skuldast opplysningar han har fått tak i - eller er det noko personleg? Talet på gjerningspersonar er avgrensa, og spenning omkring kven den skuldige er - den held seg til siste slutt.


I løse luften
Vigmostad Bjørke 2016
391 sider, lånt ebok eBokBib

I likskap med Dødvann er dette ei stødig og truverdig krimbok. Det er ikkje superspennande, men nervepirrande på ein litt Agatha Christie-aktig måte.

Her er handlinga lagt til Unst, den nordlegaste av Shetlandsøyane og det særprega landskapet ein finn der. Jimmy Perez er back on track, men han treng på nytt assistanse frå Willow Reeves - og ein anar ein viss spenning/tiltrekning mellom desse to. Og unge Sandy, som ikkje er fullt så usikker og hjelpelaus som tidlegare - får han seg dame? Privatliv og kjærleiksliv krydrar ein serie som dette, dersom det då ikkje blir for mykje av det.

Sentralt i handlinga er ei "spøkelsehistorie" som handlar om at ei lita jente "viser seg" for enkelte personar ved enkelte høve. Spøkelsar er ikkje akkurat mi greie, så eg stolar på at Ann Cleeves har ei fornuftig og rasjonell forklaring. Det har ho - og eg vart svært overraska over løysinga på dette mysteriet. Det kan eg lika.

6 kommentarer:

  1. Det er I Løse luften jeg ha på vent i hylla mi.
    Btw- Perez i TV-serien er i alle fall ikke sydlandsk av utseende. Jeg har sett flere av episodene, men har ikke snøre på hvilke bøker som er filmet og hva jeg har sett av det..
    Takk for fin oppsummering:)

    SvarSlett
    Svar
    1. I løse luften kan lesast for seg, men då går du glipp av mykje. Cleeves fortel i fleire av bøkene at han har svart hår og ser ut som ein spanjol. Det gjer ikkje den skodespelaren, så han må ha fått rolla av andre grunnar enn utsjånaden.
      Eg har vore litt forvirra av rekkefølge og framdrift når det gjeld denne serien, så difor laga eg den oversikten som eg sjølv har sakna😊

      Slett
    2. Hvor bør jeg starte da? Helt fra starten, eller på den andre kvartetten? Og med hvilken da? Kan jo låne på bib, eller kjøpe pocket.

      Han, Perez, er en god skuespiller, men han ser veldig sånn Øy-ish ut også, eller keltisk-ginger..

      Slett
    3. Det luraste er vel å starta med Svart som ravnen. Sjølv las eg fyrst bok nummer to Hvite netter og deretter nummer ein.

      Slett
  2. Ann Cleeves berga påska 2021, først ei Verabok, og så tre bøker av Shetlandsserien. Herleg! Liker også Peter May frå Hebridane. Huska onkelen min som var fiskar og kom heim og fortalde at "dei hadde vore bortonde Råkkåll dinnja turen" Og så har eg vore på Shetland 2 gonger. Alle bøker og seriar som handlar om avblesne bergnabbar og skeive tre er heilt facinerande.Ønske meg til Hebridane med Sommarakademiet så snart coronaen er forbi

    SvarSlett
    Svar
    1. Både Shetland og Hebridene er fascinerande stader som egnar seg som bakgrunnskulissar til kriminalforteljingar. Eit forblåst og aude landskap passar liksom så godt til sjangeren.

      Eg likar også Peter May, i alle fall Svarthuset-trilogien. Ann Cleeves sin Veraserie har eg ikkje lest.

      Slett