9. januar 2018

Bokomtale: Ulven av Mo Hayder

Gyldendal 2017
424 sider
Kjøpt pocketbok

Då eg starta på denne boka heilt på tampen av 2017 kjende eg meg viss på at dette óg kom til å bli mi fyrste ferdigleste i 2018. Det går nemleg ikkje an å ta pause frå Mo Hayder sine bøker; dei er så fulle av spenning, driv og uventa vendingar at sidene berre snur seg sjølv. 

Også Ulven - bok nummer 7 i Jack Caffery-serien - er ein slik sidevendar. Spenninga er til tider heilt uuthaldeleg, ein vert driven frå skanse til skanse og får den eine overraskinga etter den andre. Sidan eg har lest alt av det Mo Hayder har gitt ut, vart eg ikkje sjokkert over handlinga i denne boka. Det vart eg - til dei grader - av den fyrste boka i serien, Fuglemannen - men på ein positiv måte. Hayder utfordrar lesaren, skriv utruleg direkte om ubehagelege og tabubelagte tema, og ho skriv godt. Ho har også eit godt grep på dette med timing: Perspektiva skiftar ofte; mellom offer, gjerningspersonar, etterforskar og ei allvitande forteljarstemme - på akkurat passande tidspunkt. Kapitla er passe korte slik at tempoet automatisk vert høgt. 

Sidan tittelen på boka er Ulven forestilte eg meg at det kunne handla om ein forbrytar som brukte ein utsulta ulv som drapsvåpen/torturredskap på dei stakkars ofra sine. Det stemde ikkje. Tittelen har ein noko meir finurleg forklaring.

Storparten av handlinga skildrar ein gisselsituasjon; ein familie på tre; mor, far og ei vaksen dotter, som vert haldne fastlåste og innesperra av to gisseltakarar i eit stort gammalt dystert hus på landsbygda i Somerset, England.
Kva er motivet for ei slik handling? Handlar dei på oppdrag eller er det noko personleg? Kvifor har dei gjort seg så "flid" med å laga det ekstra uhyggeleg i og rundt huset på førehand? Familien er ganske rik, men huset er nedslitt og både far og dotter har helseutfordringar, kvar på sin måte. Forholda mellom familemedlemmene og mellom gisseltakarane endrar seg etter som tida går. Alt er ikkje slik som det ser ut frå byrjinga av. Mora sørger for at hunden i familien kjem seg vekk frå huset. Kan den desperate beskjeden ho har festa til halsbandet komma fram slik at dei får hjelp?
Like i nærleiken skjedde det eit bestialsk dobbeltdrap for fjorten år sidan og ein skjønnar at gisseltakinga kan ha samanheng med den ugjerninga. Men korleis? Gjerningsmannen frå den gongen vart tatt, tilsto, vart dømd og sit innesperra. Eller?

Og Jack Caffery - kvar er han? Jo, han er like i nærleiken, utan at han kjenner til dramaet som utspelar seg i nabolaget. Jack har oppsøkt sin (og vår) gamle kjenning Vandremannen, som me har møtt i tidlegare bøker i serien. Dei to har funne kvarandre i og med at begge har mista nære familiemedlemer i uhyrlege forbrytelsar. No påstår Vandremannen at han har opplysningar i høve Jack sin bror, men han har eit vilkår; fyrst må Jack finna ut kven som eig ein liten hund som Vandremannen har fått hand om. Å følgja Jack si møysommelege etterforsking er utruleg nervepirrande sidan me som lesarar kjenner til (ein del av) svaret.

Eg saknar Caffery sin kollega Flea Marley i denne boka. Tøffe, kule og sårbare Flea vert berre kort nemnd, og det tykkjer eg er pussig - men kanskje både forfattar, lesarar og Caffery treng ein pause frå henne? Eg tykkjer det spesielle forholdet mellom Jack og Flea og alle hemmelegheitene dei deler har vore noko av det mest interessante i Jack Caffery- og Walking Man-serien. Eg tippar at Flea dukkar opp ved eit seinare høve.

Mo Hayder brukar effektive og intense skrekk og gru-verkemiddel som gjer at merksemda til lesaren vert halden ved like gjennom heile boka. Ein veit heller aldri kva Mo Hayder sine karakterar kan finna på og kva som kan skje med dei, og dette vert eit ekstra spenningsmoment. At boka er skriven i presensform gjer at ein som lesar er meir tilstades i det som skjer når det skjer.

Det er ikkje alt som heng på greip, men medan "det står på" - medan ein les - godtek ein det utan å blunka. I ettertid ser ein at det er ein del som skurrar; det er liksom ikkje måte på flaks og "tilfeldigheiter", samt nye spor, gamle spor - og villspor - som "tilfeldigvis" får sine forklaringar. Eg har dessutan vanskeleg for å sjå kva som egentleg er Vandremannen si rolle oppi det heile. Han er ein fascinerande og spesiell karakter og møta med han er stemningsfulle og gåtefulle, men eg kjøper ikkje dei overnaturlege eigenskapane hans. Eg ser også på det nærast telepatiske forholdet mellom Jack og Vandremannen som rimeleg lite truverdig.

Men når det gjeld sjølve hovudhandlinga i denne boka; gisseltakinga og den grusomme og utspekulerte valden dei vert utsette for - det er dessverre ikkje heilt utruleg. Det som skjer i den verkelege verda er gjerne mykje verre enn det ein kan lesa om i ein spenningsroman.

Trass i litt "småplukk" nøler eg ikkje med å anbefala boka og bokserien - men berre til dei som tåler å lesa om tortur, blod og gørr. Det er tidvis ganske sterk kost det som vert skildra.
For meg vart det ei ny storarta leseoppleving - fordi handverket, komposisjonen, skildringane og sjølve forteljinga er så bra. Leseåret 2018 har byrja på ein upåklageleg måte.

Andre bloggmeiningar:
Bjørnebok, Tine sin blogg, Stjernekast

7 kommentarer:

  1. " som tåler å lesa om tortur, blod og gørr. Det er tidvis ganske sterk kost det"

    Ja, nettopp, det var det som ante meg.. ikke greia for meg.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tykkjer det er greit å seia det slik som det er sidan enkelte er nærtakande for slikt. Du hadde nok "tålt" boka, det er trass alt ei oppdikta historie.

      (Sjølv tåler eg ikkje blod, i real life. Besvimer og greier..)

      Slett
    2. Ja, det synes jeg er bra, men jeg er fortsatt ikke overbevist om at det er bra for meg å lese Hayder..

      Slett
  2. Hurra for oss Mo Hayder-fans :-)
    Og takk for link!

    SvarSlett
    Svar
    1. He-he. Det virkar som om det er anten-eller med Mo Hayder. Anten klarar ein ikkje å lesa bøkene hennar - eller ein er overbegeistra. Du og eg tilhøyrer den siste gruppa.

      Slett
  3. Sjå her :-) Jeg har nettopp startet på Tokyo, duelig bra! Nå må jeg bare få tid til å sette meg ned og lytte. Sålangt, 1 time inn i boka, er den SUPER!!!

    SvarSlett