1. mars 2018

Oppsummering februar 2018

Påbyrja i januar, fullført i februar:
Gert Nygårdshaug - Afrodites basseng - Norsk roman - Kjøpt pocket (OTS)
Roar Sørensen - Mørkets blod - Norsk krim - Kjøpt ebok

Lest i februar:
Jonas Bonnier - Helikopterranet - Svensk dokumentarkrim - Lånt lydbok biblioteket
Graeme Macrae Burnet - Med blodig forsett - Britisk historisk krim - eBokBib
Bernt Roughtvedt - Saken mot Abelone - Norsk historisk/dokumentarisk biografi - Storytel
Jens Lapidus - Top Dogg - Svensk krim - Lånt papirbok biblioteket
Anders de la Motte - Sensommer - Svensk krim - Lånt papirbok privat

Påbyrja i februar, fullførast i mars:
Bernard Minier - Hvis helvete var av is - Fransk krim - Kjøpt lydfil
Malin Persson Giolito - Størst av alt - Svensk krim - Lånt papirbok privat



  • 3 papir, 2 lyd, 2 ebøker
  • 4 lånt, 2 kjøpt, 1 abonnement
  • 5 krim/thriller, 1 roman, 1 bio/dok
  • 3 norske, 3 svenske, 1 britisk
  • 0 kvinner, 7 menn
  • "Nye" forfattarar: Bonnier, Burnet
Ein heilt grei lesemånad prega av lystlesing. Ikkje så mange bøker, noko som skuldast at eg har vore opptatt med andre ting. Er mest nøgd med at eg har gjennomført leseutfordringane biolesesirkel og bokhyllelesing.
Februar betyr Mammutsal for mange bokelskarar, men sjølv har eg ikkje eingong vurdert å kjøpa noko. Eg brukar verken tid eller pengar på denne kampanjen.

Elles noterer eg meg at eg bør passa på å lesa bøker av kvinnelege forfattarar i mars..

Langlesing:
Eg har gitt opp Sapiens - En innføring i menneskehetens historie - israelske Yuval Noah Harari si suksessbok som eg byrja på i november i fjor. Eg har lest vel halvparten av dei 440 sidene, men når boka no forsvant frå eBokBib for fjerde gong - så innser eg at ho ikkje har fenga meg nok. Neste langlesingsprosjekt framover vert Grensen av Erika Fatland. Den er så langt (50 sider lest) veldig veldig bra.
Det går mykje i svensk krim for tida


Lesemål - så langt i år:

14/100 bøker totalt
1/8 mursteinar (over 600 s.)
0/25 norske utgitt 2018
1/12 utgitt før 2000
2/10 biografiar
0/15 annan sakprosa
1/6 frå bokhylla
7/40 bokomtalar
3/30 "nye" forfattarar
1/20 Storytel

2 kommentarer:

  1. Bra det her Berit! Mye bra svensk også. Er nysgjerrig på Motte og Person.
    Skulle ha lest resten av Mino-bøkene før den nye kommer- Zoo Europa. Har bare lest Mengele Zoo, men har både Afrodite, Himmelblomstreet og Chimera i hylla.
    God lesemars:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Hadde ikkje høyrt om den nye Mino-boka - så det måtte eg sjekka opp. Og sanneleg; den kjem visst i løpet av året. Gler meg til den!

      Slett