6. mars 2018

Vinterlesing del 2: Svensk krim

Det er på tide å skriva ein rask samleomtale av nokre bøker eg har lest i det siste - før dei havnar i gløymeboka. Alle tre kan karakteriserast som svensk kvalitetskrim. Eg legg merke til at alle omslagsbileta er av eit delvis skyggelagt kvinneansikt. Er det tilfeldig eller er det ein trend?


Top dogg av Jens Lapidus

Cappelen Damm 2017
456 sider, papirbok lånt på biblioteket

Framhald av VIP-rommet og Sthlm delete og den tredje og avsluttande(?) boka om Emilie og Teddy.

Dette er verkeleg kvalitet og originalitet. Lapidus sine bøker er truverdige, ekte og velskrivne. Forfattaren har faktisk skapt sitt eige språklege uttrykk. Skikkeleg nordic noir; samfunnsaktuelt, røft, tøft og urbant. Handlingsrikt, ordrikt og perspektivrikt og med to hovudpersonar som ein etter kvart vert godt kjende med. Top dogg har nerve, driv og spenning heilt til siste slutt.

Advokaten Emilie og eks-kriminelle Teddy er eit høgst umake par, men dei har funne kvarandre - og denne gongen på enno fleire plan.

Top dogg kan lesast som ein frittståande roman, men for å få fullt utbytte av serien bør dei føregåande lesast fyrst. Terningkast 5.


Sensommer av Anders de la Motte

Aschehoug 2018
397 sider, papirbok lånt privat

Dette er ein stemningsfull psykologisk thriller som handlar om ein familie som vart heilt øydelagd då ein liten gut forsvann for fleire år sidan. Hovudpersonen Veronica er storesystera til guten som vart vekke og me møter ho att som vaksen - etter at ho har utdanna seg til psykolog og terapeut. Det viser seg at ho sjølv har problem og utfordringar, og dette utviklar seg vidare når ho møter ein person som truleg har opplysningar om den forsvunne veslebroren.

MemoRandom og UltiMatum, de la Motte sine to tidlegare kriminalromanar, er tempo- og actionfylte. Sensommer er heilt annleis. Denne er langsam og har eit meir avgrensa persongalleri - men er vel så god som dei fyrstnemnde. Det vert skifta greit og forståeleg mellom to ulike tidsplan, og det er ei ganske så spennande forteljing. Dessverre flatar historia noko ut mot slutten. Terningkast 4.


Størst av alt av Malin Persson Giolito

Cappelen Damm 2017
446 sider, papirbok lånt privat

Brukbart fengslande, gode skildringar og eit svært aktuelt tema. Det handlar om skuleskyting og om den sikta 17 år gamle Maja si tid i varetektsfengsel og i rettssalen, samt om det som førte til at ho havna i ein slik situasjon.

Hovudspørsmålet i rettsaka og i boka er; Handla Maja med overlegg då ho skaut besteveninna si og kjærasten sin? Var det planlagt? Er Maja skuldig i det ho er tiltalt for - eller handla ho i nødverge?

Boka fortel om eit overklasse- og ungdomsmiljø der alle mulege grenser vert sprengt. Historia vert kun fortalt ut frå Maja sin synsvinkel. Måten ho uttrykker seg på er kynisk - og truverdig. Gradvis vert biletet klårare for lesaren, men ein vert halden i uvissa heilt til det siste.

Størst av alt er mellom dei nominerte til Gullkulen 2018. For meg vart det ei bra leseoppleving, men eg hadde nok litt for høge forventningar og kan difor ikkje gå høgre enn Terningkast 4+.

1 kommentar: