13. oktober 2018

Haustlesing - Svensk seriekrim

Ein bokbloggar ikkje skriva om alle bøkene ho les, men for meg er det blitt slik at leseopplevinga ikkje er heilt ferdig før eg har skrive nokre ord om boka. Difor ein ny samleomtale; denne gongen to svenske kvinnelege forfattarar av seriekrim. Det er nokre veker sidan eg las desse bøkene, så dette er kortfatta og noko overfladisk.

Det handlar om forsvunne barn i begge desse bøkene, eit tema som er velbrukt i krimromansamanheng. Og det er vel slik at me alle kan leva oss inn i dei kjenslene som dei involverte i slike saker går gjennom.


Pappas gutt av Emelie Schepp

Lydbokforlaget 2018
Speletid 10:31, lånt lyd
bok biblioteket

Schepp kom som eit friskt pust med Merket for livet der me vart presentert for ein særdeles interessant hovudperson; Jana Berzelius - profilert jurist og statsadvokat - med ein heilt spesiell bakgrunn.

Pappas gutt er bok nummer fire i serien, og Jana vert stadig påminna om fortida si. Sjølv om barndomsvenen/fienden hennar Danilo sit bak lås og slå er han i stand til å gjera livet surt for andre - og særleg for Jana. Sidan det er så viktig for Jana å halda bakgrunnen sin hemmeleg, vert hennar kamp for å skjula kven ho egentleg er, eit ekstra spenningsmoment i serien. I tillegg til Jana vert me godt kjent med kriminalbetjenten Mia Bolander. Ho er truverdig, har personlegheit og er ein skarp kontrast til Jana. Sjølve kriminalgåta i Pappas gutt er så spennande at det er nesten umuleg å leggja frå seg boka. Lydboka er glimrande lest av Anne Ryg. Terningkast 5.


Heksen av Camilla Läckberg

Gyldendal 2017
649 sider, lånt 
papirbok privat

I den 10. boka i Fjällbackaserien brukar Läckberg same oppskrift som ho har nytta før. Det er greit nok, for denne oppskrifta har jo gitt henne superstjernestatus og millioninntekter. Det handlar stort sett om at den prektige politimannen Patrick og den nysgjerrige forfattaren Erica løyser meir eller mindre kompliserte saker frå ulike kantar og innfallsvinklar, - samt trivialitetar, småbarnsliv og kvardagspludring.

Slik er det også i denne boka, og for oss som har følgd serien heile vegen vert handlinga i Heksen forutsigbar og kjedeleg. Eg vart aldri skikkeleg engasjert sjølv om dei to ulike sakene (som sjølvsagt heng saman på finurleg vis) egentleg er tragiske og opprørande.

Läckberg er ingen dårleg krimforfattar, og det er klart boka har kvalitetar - men for meg er det negativt at ho gjentek seg sjølv i kvar einaste bok. Denne boka er dessutan altfor lang. Bihistoria frå fortida kunne godt ha vore kutta ut, den har uansett ingen samanheng med sjølve hovudhistoria. Overtydelege spor og hint undervegs er også irritasjonsmoment for meg. Men det som irriterer aller mest er Patrick og Erica og deira kosemoseliv.

Smaken er som baken - og smaken utviklar seg etter kvart og over tid. For nokre år sidan var eg svært begeistra for Camilla Läckberg og Fjällbacka. No er eg lei. Heksen får terningkast 3.

8 kommentarer:

  1. Schepp skal jeg merke meg.
    Heksen av Lackberg la jeg fra meg etter 100 sider. Det ble alt for mye kosemoseliv der for meg også.. Jeg kjedet meg rett og slett..

    SvarSlett
    Svar
    1. PS. ser på flommen på nyhetene. Hvordan går det hos deg?

      Slett
    2. Elevane er flaumstore, men det er ikkje direkte truande her i bygda. I dei indre delene av kommunen er situasjonen meir dramatisk. Når slike flaumar oppstår er eg glad for at fleire av vassdrag er regulerte.

      Slett
    3. Håper det ikke gjør alt for mye skade..

      Slett
  2. Schepp har nesten tatt over for Lackberg, er enig med terningkastene dine. Nå er himmelen blå her i Bergen og jeg skal ut på fotoshoot til en bok jeg har lest i helgen. Ha en strålende mandag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig, Läckberg har stivna i sitt eige mønster sjølv om ho prøver å vera aktuell. Schepp er framleis frisk og nyskapande.

      Tegn til blå himmel i Sogn òg i dag. Fantastisk flott etter dei mange tunge regndagane me har hatt i det siste.

      Slett
  3. Eg har vore kjempeglad i Läckberg sine bøker, men Häxan tykte eg var platt og rotete. Veldig skuffa. Gir nok Läckberg ein ny sjanse ved neste bok, men zzz.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skjønnar kva du meiner. Eg likte veldig godt Isprinsessen, Tyskerungen og Steinhuggeren, men etter kvart har handlinga i bøkene blitt meir forutsigbare.

      Slett