11. januar 2019

Diktsamling i bokhandlardrama - Akkurat no i Mexico

Tema for Anita sin dikt-lesesirkel i januar er Humor og glede. Det treng me no i mørke januar, seier Anita, og det er eg absolutt enig i. Poesi treng ikkje vera høgtideleg og vanskeleg. Dei dikta eg har plukka ut har ikkje eingong snev av seriøsitet og alvor i seg.

Frå diktsamlinga Den vanskelege andreboka av Jon Hjørnevik:

Diktsamling i bokhandlardrama


Inne i ein bokhandel,
ligg eg – ei bok i frykt,
eg er ei samling dikt
som ikkje har det trygt.

Eg føler meg så utrygg
mellom bøker, tonn på tonn,
fra ekle «Ord om lykke»
til svære leksikon.

Eg er ei bok i redsle,
gøymt inne i ein krok,
bak ein diger dunge
med Kjærstads nye bok.

Eg ropar til ein kunde,
«Kom og redd meg no!»
Folk kjem bort og blar ei stund,
og vel ut Erlend Loe.

Men alt går vel til slutt,
ein kunde gjer meg stolt,
han legg meg inntil Ari Behn,
og oppå Anne Holt.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - - 

Jon Hjørnevik (f. 1970) er vossing, tekstforfattar, diktar, skribent og komikar. Han har forfatta fleire lettbeinte og politisk ukorrekte diktsamlingar, eit tulleleksikon og ei fotballhårbok. Ikkje alt Hjørnevik skriv er hylande morosamt, men humrefaktoren er som regel til stades - slik som i diktet nedanfor:

Sluttprogram


Eg kom til ein vårfest,
men sa tidleg ha det.
Brått stakk eg og ei dame
rett inn på badet.

Eg var i spritrus,
ho vårkåt og fin.
Eg tok ho for meg
oppå ei vaskemaskin.

Det var ikkje tid til
å kle av seg fint,
eg var i ho,
før me fekk klint.

Men så starta maskina,
eg var borti ein knapp,
trommelen spann,
maskina var kjapp.

Men brått sat jenta,
skuffa i hugen,
for me kom for tidleg,
eg og sentrifugen.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

"Sluttprogram" fann eg på Jon Hjørnevik si Facebook-side.

Arne Hjeltnes (f. 1963) er ein annan kar frå Voss som skriv humoristiske dikt. Hjeltnes er mest kjent som TV-mann, men han er også næringslivsmann, Høgremann og forfattarmann. Han har m.a. utgitt boka Ein mann å halda i - som ifølge forlaget inneheld "tekstar til ettertanke, til latter, til store høve og til jobbseminar utan meining. Her er sjølvironi, enkle gleder og djupe sanningar." Her er eit eksempel på Hjeltnes sine diktarevner:


Akkurat no i Mexico


Akkurat no, når eg skriv desse orda,
skjer det mykje rart på jorda.

Nokon søv og nokon vakar,
nokon jobbar hardt som bakar.

Fire karar fiskar ål,
ei lita jente kokar kål.

Tenk på alt som her og no
til dømes skjer i Mexico.

Kanskje nett i denne stund,
ligg det ein med smil om munn

på sjukehus og kviler litt,
mens han får vaska stellet sitt.

- - - - - - - - - - - - - - - - - - - -

8 kommentarer:

  1. Hehe, råbra!
    Liker Hjørnevik jeg. Hjeltnes også, på Tv. Tror kanskje jeg har hørt han lese dikt, men har ikke lest noen av hans.
    Takk for bidrag Berit. Artig å ha noe humredikt i januar.
    God helg!

    SvarSlett
  2. Takk for tips om morsomme karer, jeg satt og flirte meg gjennom det du har gjengitt. Har lyst å lese Ein mann å halda i, men får den ikke opp på biblioteket. Fortsatt god lørdag!

    SvarSlett
    Svar
    1. Eit kjapt søk syner at han har gitt ut fleire diktsamlingar: Den sumaren eg fylte diesel (den har eg faktisk lest ein gong), Når skaldyret vaknar og Ein snømann går i land.

      Slett
  3. Jeg har veldig sansen for Hjørnevik, har både denne og "Heimekontor i gravferda", heller nok mot at sistnevnte er min favoritt av de to, men mye humor i begge to :) Enig i at vi trenger litt ekstra påfyll i den mørke, kalde måneden etter jul.

    Arne Hjeltnes kjenner jeg godt til fra skjermen, men ikke som dikter, men det ser ut til at han klarer seg fint der også, artig dikt. Tusen takk for de flotte smakebitene, Berit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk for fin tilbakemelding, Mari.
      Søk gjerne opp "Då Derrick var liten". Det er eit typisk Hjeltnes-dikt med glimt i auga og med eit visst nostalgisk skjær.

      Slett
  4. Herlig! Her er et svært godt tips til meg selv dersom jeg "står fast" når det gjelder valg til diktsirkelen. Kjenner ikke Hjørnevik, men Hjeltnes har jeg alltid likt. Han og hans lune humor. Fine dikt du har plukket fram!

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å få positiv tilbakemelding!
      Hjørnevik brukar same stil som Hjeltnes, men han er nok litt frekkare. Søk opp "Julebord i enkeltmannsforetaket", det er så bra.

      Slett