24. januar 2019

Biografi: Nini av Lars Lillo-Stenberg

Gyldendal 2018
372 sider
eBokBib

Nini Stoltenberg døydde i 2014, berre 51 år gammal. Mellom dei som deltok i gravferda var Lars Lillo-Stenberg; den kjende artisten sa nokre minneord om ungdomsvenen sin og framførte ein sang. Eit halvt år etterpå fekk Lillo-Stenberg ein overraskande førespurnad frå Thorvald Stoltenberg:
"Thorvald forteller meg at flere forlag har tatt kontakt for å lage en bok om Nini, men det er uvisst hvem de vil skal skrive den. Han sier han har sittet og lest arket jeg ga ham etter seremonien, med det jeg sa i kirken, og at det har rørt ham i ettertid. Nå har han bestemt seg for å spørre meg om jeg kan tenke meg å skrive en slik bok. 
Jeg blir veldig overrasket, føler meg umiddelbart smigret, og jeg føler meg også umiddelbart nervøs [....] folk tror at jeg har skrevet bøker, men det har jeg jo ikke. Jeg har svært begrenset erfaring med slikt."
Trass i forfattaren sin manglande erfaring er biografien om Nini ei god bok. Eller kanskje vart dette ei så god leseoppleving nettopp fordi han var uerfaren med bokskriving? At han av den grunn tilnærma seg stoffet og innhaldet på ein utradisjonell måte? Det er nemleg ei bok som etter det eg kan forstå vart til medan han skreiv: Lillo-Stenberg deler sine eigne tankar rundt skriveprosessen og researcharbeidet: Han skriv om korleis han opplever intervjusituasjonar og samtalar han har undervegs. Me får vita kvar han er og kva han gjer medan han jobbar med boka. Om personar han kontaktar og som ikkje vil delta i prosjektet, og om andre som villig stiller opp. Han er uhyre bevisst på at Nini sin spesielle bakgrunn og livsløpet hennar gjer at folk er nysgjerrige. Samstundes er det jo eit paradoks at han, som har vore slik ein forkjempar for privatlivets fred, skal vera den som "avslører" det indre livet i Stoltenbergfamilien.

Innleiingsvis fortel forfattaren om sine eigne minner om Nini. Me snakkar om 1970-talet, Oslo vest og Steinerskolen, om ungdommar som prøver grenser og om foreldre som er tilhengarar av fri barneoppdragelse. Det var ikkje berre utanlandske statsrådar og verdenstoppar som vart inviterte til det stoltenbergske frokostbordet; døra var alltid open og alle var velkomne. Unge Lars Lillo-Stenberg var mellom dei som tidvis vanka der. At borna til Thorvald og Karin Stoltenberg hadde det så fritt var eit bevisst val frå foreldra si side. Denne grenselause tilliten må ha hatt positive verknader for dei to eldste, men i etterpåklokskapens lys må det seiast at det ikkje var så heldig for Nini.

Nini Stoltenberg var nok ein heilt spesiell person. Ho var klok, flink, vittig, varm, raus og hadde ei utruleg sterk utstråling. Men ho kunne også vera vanskeleg, sinna og uroleg. "Alle" ville henga med Nini, og i boka fortel vener og kjende om forholda dei hadde til henne. Lillo-Stenberg trur at Nini kunne ha blitt ein utfordrar til Lindmo og Skavlan dersom ho hadde halde fram med TV-jobben ho hadde på 1990-talet.
Men slik skulle det ikkje gå. Rusmisbruket tok overhand.

Thorvald Stoltenberg hadde eit ynskje om at boka skulle visa at Nini var så mykje meir enn ein "riks-narkoman", men det handlar naturlegvis ein del om rusmisbruk og narkotikapolitikk i denne biografien. Forfattaren har tenkt mykje på kva som var årsaka til at ho som hadde "alle mulegheiter" kunne bli narkoman, og han undrar seg over at ho byrja med tyngre narkotiske stoff fyrst då ho nærma seg 30 år. Lillo-Stenberg meiner at både arv og miljø har hatt sitt å sei, men han gir ikkje noko svar på kva som utløyste rusproblema. Han har i det heile ein undrande stil og eit ope sinn både når han skildrar Nini og i samtalane med dei som kjende henne.

Boka om Nini gjorde inntrykk på meg. Det er artig å lesa om kor livleg ho var og rystande å lesa om kor sjuk ho vart. Det er interessant å lesa om familien hennar sidan dei er så kjende. Eg trudde at eg visste "alt" om dei, men her får ein sjå dei frå ei anna og meir sårbar side. Det er sterkt å lesa om korleis søskena Camilla og Jens og foreldra Thorvald og Karin prøvde å hjelpa Nini, på ulike måtar, i mange år. Stoltenberg-familien sto fram og fortalde historia om Nini sitt narkotikamisbruk og om problema dei som pårørande opplevde tidleg på 2000-talet. Eg trur det var viktig. At folk fekk vita at denne ressurssterke familien kunne bli råka av slike problem gjorde noko med narkotikadebatten.

Norsk narkotikapolitikk har aldri vore spesielt vellukka og det er fleire og fleire som meiner at det er på tide å tenkja nytt. Den pågåande rusreforma er truleg eit steg i rett retning. Lars Lillo-Stenberg er merkeleg vag når det gjeld denne problematikken, men det skin gjennom at han er tilhengar av avkriminalisering. Forteljinga om Nini sitt liv viser at folk som vert tekne for bruk og "besittelse" av narkotika må få hjelp, behandling og oppfølgjing - ikkje straff.

Andre bloggmeiningar: Reading Randi, Kleppanrova

Avslutningsvis: Undervegs i lesinga lytta eg til mange deLillos-sangar - og dei passa godt inn i handlinga. 'Min beibi dro avsted', 'Suser avgårde', 'Neste sommer', 'Smak av honning' og 'Livet er en liten dings' la ein ekstra dimensjon til leseopplevinga.

14 kommentarer:

  1. Jeg er helt enig med deg at dette var en fin biografi, jeg likte måten han skrev på veldig godt. Det ble så naturlig og fint. Jeg hørte den som lydbok og det var en fryd å lytte til, det var Lars Lillo-Stenberg som leste.
    Vil du lese mitt innlegg er det her:
    https://kleppanrova.blogspot.com/2018/06/lillo-stenberg-lars-nini.html

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg kan tenkja meg at denne var fin som lydbok lest av forfattaren sjølv. Han har ei spesiell stemme og ein spesiell måte å skriva på; litt enkelt og muntleg.
      No har eg lest omtalen din og lagt inn lenke i min omtale.

      Slett
  2. Denne driver jeg og lytter til for tiden. Ja, lytter. Og det er interessant. Veldig fint å høre Lars Lillo lese boka selv. :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Artig, både at du les boka no og at du lyttar. Spent på omtalen din.

      Slett
    2. Ja, det var det som avgjorde saken, lydboka altså. Boka ville jeg nok lest før eller siden, men nå ble det før (BBP-fristen). Bruker litt tid på den da, siden det blir 1-2 timer ca om dagen til middagen.. Jeg har vært fan av De Llillos, og liker stemmen til Lars. Er midt i Torvalds andre samtale nå.

      Slett
    3. Ferdig med boka nå. Den var veldig interessant på mange åter. Må få summet meg til å skrive en omtale etterhvert.

      Slett
    4. Det kan vera lurt å tenkja gjennom innhaldet før ein skriv omtale.

      Slett
  3. Jeg er også begeistret for denne, og som jeg har sagt flere ganger (ehm til Anita) er jeg litt trist for at jeg var tidlig ute og ikke ventet på lydboka, skulle gjerne hatt den ekstra dimensjonen som Lillo er. Merkelig nok var det ikke Nini som grep meg meg mest i denne boka, men familien, og da spesielt Thorvald. Skal absolutt lese en thorvaldbio med tiden. Meget fri og spesiell familiesituasjon og jeg fascineres av denne rause åpenheten. Liker også at Lars Lillo hintende problematiserer denne friheten. Veldig god bok.. (meen, helt ærlig tror jeg Nini, selv pre-drugs må ha vært litt slitsom -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ser poenget med den slitsomme, ja. Ser også poenget med lydbokversjonen, eg angrar nesten. Men e-bok og papir har fordelen med ein del interessante bilete.
      Thorvald var nok ein viktig, om ikkje den viktigaste, personen i livet hennar. Han både såg og oversåg ting. Då han forsto at ho hadde problem følgde han henne opp same kor opptatt han var.

      Slett
  4. Takk for spennende lesetips, kanskje jeg skal peile meg inn på lydboken :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Gjer det. Nini som lydbok er visst bra.

      Slett
    2. Tine: Gjør det. Det er veldig koselig å ha Lars Lillo i stua/eller på øret:) Han leser veldig godt også. (faren er jo forøvrig skuespiller)

      Slett
  5. En bok jeg gjerne leser. Omtalene er gode, og jeg skjønner at forfatteren har klart å gjøre historien om Nini levende og oppriktig.

    SvarSlett