24. juli 2019

Norsk krim 2019 del 1

Som i fjor; eg omtalar årets norske krimbøker i samleinnlegg - tre bøker i kvart innlegg. Tida vil vise kor langt eg kjem og kor mange eg les.

Eg har altså fullført mine fyrste tre av årets kriminalromanar; dei nye bøkene til publikumsfavorittane Jo Nesbø, Tom Egeland og Jørgen Jæger. Eg byrjar med den mest etterlengta, den mest omfangsrike - og den desidert beste - av dei tre:

Kniv av Jo Nesbø

Aschehoug 2019
519 sider
Lånt papirbok privat


Det vert nok ein gong stadfesta: Ingen andre norske krimforfattarar kan måla seg med Nesbø. Absolutt ingen. All merksemda forfattaren får og all marknadsføringa bøkene hans får kan virka masete, men det er ingen tvil om at merksemda er fortent.

Den tolvte boka i Harry Hole-serien er (som forventa) spennande og velskriven og inneheld (som alltid) uventa hendingar og overraskande løysingar. Sjølve plottet minner om dei tidlegaste bøkene i serien.

Det mest sentrale mordvåpenet i Kniv er ikkje så utspekulert grusomt som i t.d. Panserhjerte og Tørst. Det handlar, som tittelen seier, om kniv. Om kor nær ein drapsmann må vera offeret sitt når han vel å bruka eit slikt våpen.

Skrivestil, handling, innleving, intensitet og skildringar - alt dette er heilt topp - slik berre Jo Nesbø kan det. 519 sider kan virka mykje, men for denne historia er det egentleg passe. Eg "snuste" undervegs i lesinga på terningkast 6, men eg tykkjer faktisk at Nesbø har vore (hakket) betre før. Eg konkluderer med eit sterkt terningkast 5.



Falken av Tom Egeland

Capitana 2019
479 sider
Lånt papirbok privat


Egeland er også ein dyktig og produktiv forfattar. Denne gongen har han forlate Bjørn Beltø og vendt tilbake til TV-journalisten Kristin Bye og universet me hugsar frå Trollspeilet og Ulvenatten.

Boka er fiffig oppbygd; ein slags minutt-for-minutt kapring- og gisselsituasjon (litt sånn Speed), med korte avsnitt og stadig skiftande synsvinklar. Lesaren veit heile tida litt meir enn dei som er involverte i dramaet gjer.

Falken er bra underhaldande, men er litt for lang, tidvis litt for langsam og inneheld litt for mange klisjéar. Og tvisten på slutten kunne vore morosam, men er litt for dum.  Terningkast 4.



Judasskuddet av Jørgen Jæger

Capitana 2019
394 sider
Lånt papirbok privat


Eg las denne rett etter Kniv - og det var muligens "feil". Samanlikninga var ikkje til å unngå - og kvalitetsskilnaden vart veldig tydeleg. Sjølv om Jæger skriv godt og har ei god historie, vart dette for enkelt, rett og slett. Forfattaren sitt engasjement virkar ekte, men intensiteten manglar.

Den ellevte boka i Ole Vik-serien handlar om narkotikabrotsverk. Fleire unge menneske har tilsynelatande døydd av overdose - men mykje tyder på at dei er drept. Cecilie Hopen og Ole Vik plundrar ein del før dei finn løysinga, og dei vert også på ulikt vis personleg involverte.

Boka er lettlest og fortlest, men leseopplevinga mi vart ganske middels. Eg kan ikkje gå høgare enn Terningkast 3.

2 kommentarer:

  1. Kniv ble min første Harry Hole-roman som jeg har lest ferdig. Bøkene jeg leste etter den falt igjennom.. og det sier vel sitt.
    For en type.
    Det blir nok mer etter hvert.
    Judasskuddet har jeg også lest, og Jæger er ikke Nesbø, selv om jeg forsåvidt liker serien på tross av noen svakheter, men denne ble også litt for lite spennende for meg..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg er enig. Både i at Nesbø er heilt unik og i at Jæger sin serie er OK.
      Eg har lest alle Harry Hole-bøkene etter kvart som dei vart utgitt, så det byrjar å bli ei stund (22 år sidan Flaggermusmannen kom ut). Har difor sysla med tanken om å ta for meg heile serien på nytt, frå starten, og som lydbøker. Det kunne blitt eit interessant prosjekt, men det er ikkje alltid gjenlesing er så lurt.. så det er muleg det blir med tanken.
      Boksmaken min har ikkje endra seg så mykje desse åra, men eg er meir kritisk og kresen.

      Slett