548 sider
Papirbok lånt privat
Tom Egeland er den fremste me har her i landet innan det som kan kallast kodekrim. Bøkene om Bjørn Beltø vert ofte samanlikna med Dan Brown sine spenningsromanar om Robert Langdon, og det er forståeleg. Tematikken er ofte lik og dei les nok gjerne dei same bøkene og brukar ofte dei same kjeldene. Det var spesielt tydeleg med DaVinci-koden og Sirkelens ende der handlinga baserer seg på nøyaktig dei same teoriane og hypotesane. Men medan DaVinci-koden er ei heseblesande og sprudlande spenningsforteljing er Sirkelens ende lågmælt og saktegåande. Dei påfølgjande bøkene om Bjørn Beltø har eit høgare tempo.
Som Robert Langdon er Bjørn Beltø skarpare enn dei fleste og får stadig nye oppdrag når det gjeld å finna gamle gjenstandar og mystiske dokument. Medan Langdon er ein superheltfigur; ein slags krysning av James Bond, Indiana Jones og MacGyver, brukar Beltø mest sine små grå - samt flaks - når han skal løysa innfløkte saker. Men han glimtar til med litt actiontakter innimellom.
Bjørn Beltø sitt fremste kjenneteikn er at han er bleik - bokstaveleg talt. Han er albino, noko som gjer det vanskeleg for han å stikka seg vekk. Dernest er han klossete og naiv og nokså ironisk. Han er ein nerdete og lettare nevrotisk arkeolog med sans for kodeknekking, oldtidshistorie og gamle manuskript. Slett ingen tradisjonell superhelt - men ein svært sjarmerande krimhelt.
I denne sjuande boka i serien får han i oppdrag å finna De dødes bok; eit eldgammalt manuskript av babylonsk og egyptisk opphav. Oppdragsgjevaren er villig til å betala godt for opplysningar om denne boka. Han er ikkje er den einaste som er ute etter manuskriptet - og det viser seg ganske snart at enkelte gjer kva som helst for å hindra at De dødes bok vert funnen. Etter kvart vert det heile ganske så internasjonalt; Bjørn Beltø reiser fram og tilbake mellom Europa og USA og kjem borti både Big Pharma, amerikansk etterretningsteneste, hemmelege jødiske arkiv og skumle katolske brorskap. Her er altså mykje snadder for einkvar konspirasjonsteoretikar.
Tittelen Lasaruseffekten viser til bibelforteljinga om då Jesus vekte opp Lasarus frå dei døde. I denne boka handlar det ikkje akkurat om gjenoppliving, men om sjelevandring. Det vert vist til at forsking skal ha vist at kroppen til eit menneske vert bittelitt lettare etter døden, noko som kan forklarast med at sjelen forlet kroppen i det øyeblikket ein døyr. (Dette er også tema i Søvnen og døden av A.J. Kazinski)
Kvar vert i såfall denne sjelen av? Svevande avgarde i det uendelege - eller kanskje den finn seg ein ny kropp? Fleire religionar og somme alternativarar trur jo faktisk på reinkarnasjon - og i denne boka vert det fortalt om medisinske forskarar som er i ferd med å gjera eksperiment som gjeld akkurat dette.
Boka er godt komponert med tanke på spenningsoppbygging og driv; det virkar som om Egeland har lært av Dan Brown at mange korte kapittel og cliffhangers er effektfullt.
Men - det er eit men.
Det er for mange og lange innslag av faktaopplysningar og informasjon. Eg føler at alle desse "forelesningane" går ut over framdrifta i forteljinga. Sidan det ikkje er så enkelt for ein forfattar å kutta ut stoff som ein har jobba hardt for å få tak i, burde kanskje ein redaktør ha sett ei grense for kva som er relevant å ta med i ei bok som dette?
Tidvis er Lasaruseffekten både interessant, fornøyeleg og underhaldande. Men sidan eg verken trur på noko gudommeleg eller på at sjelen lever vidare etter at me døyr, tykkjer eg mykje av handlingane i Lasaruseffekten er vel fantasifulle og nokså underlege - så eg datt litt av lasset undervegs. Eg er heller ikkje særleg begeistra for den uklare avslutninga. Det kan ikkje bli toppkarakter på Egeland og Beltø denne gongen.
Det må nemnast at den fysiske boka er uvanleg pen. Omslaget er kunstferdig og forseggjort, boka har tydelege avsnitt, fine illustrasjonar og det er brukt forskjellige fontar på ulike tekstar og forteljarstemmer. Det er ikkje så ofte ein kriminalroman vert så påkosta som denne må ha blitt. Så: Då er det litt dumt at det finst korrekturfeil. Eg tenkjer dette er heilt feil bruk av ressursar; forlaget burde ha spara på bokdesignutgiftene og heller lagt meir arbeid i korrekturlesing.

Jeg er spent på denne. Har sett at den ikke har fått like gode kritikker overalt, pga at den er mer treg ..
SvarSlettJeg synes jo slik tematikk er interessant, så om den blir omstendelig så kan det hende at jeg synes det er helt ok. Vi får se. Leser den i løpet av desember, tenker jeg.:)
Lasaruseffekten er ikkje direkte treg, men alle "saksopplysningane" fører til dårlegare framdrift. Lesinga vert bremsa opp, om du forstår kva eg meiner.
SlettDet skal leggjast til at eg egentleg er stor fan av Egeland og bøkene hans. Han har denne sjarmerande snerten i skrivinga si som eg likar.
Enig ang fremdrifta. Ferdig med boka nå. Jeg synes den startet godt, med en viss spenning, men det dabbet av og det ble alt for mange og lange sakspassasjer.. synes jeg. På tross av at jeg synes sånne temaer er interessante, ble det for langdrygt denne gangen. Maks terningkast fire (tre pluss/fire minus)
SlettLayoutmessig er den nydelig.
Ok, då er me enige om både innhald og layout når det gjeld Lasaruseffekten.
Slett