2. januar 2021

Oppsummering desember 20

Påbyrja i november, fullført i desember:
Val McDermid - Myrgraven - Britisk krim - Lyd Storytel
Jan Mehlum - Lang tids reise - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket

Lest i desember:
Lars Kepler - Speilmannen - Svensk krim - Lånt lydbok BookBites
Edvard Hoem - Felemakaren - Norsk roman - Lånt ebok BookBites
Anne Holt - Mandelaeffekten - Norsk krim - Lånt papirbok biblioteket
C.J. Tudor - Gullungen - Britisk krim - Lyd Storytel
David Baldacci - Presidentfamilien - Amerikansk krim - Lyd Storytel
Sigmund Falch - Største boxern i Horten - Norsk humor - Lånt papirbok privat
Merete Junker - Lillemann ildebrann - Norsk krim - Lånt papirbok bilioteket
Levi Henriksen - Snø vil falle over snø som har falt - Norsk roman - Lyd Storytel [gjenlesing]

Påbyrja i desember, fullførast i januar:
Hilary Mantel - Speilet og lyset

Desember 2020


5 lyd, 4 papir, 1 ebok
6 lånt, 4 abonnement
7 krim, 2 romanar, 1 humor
6 norske, 2 britiske, 1 amerikansk, 1 svensk
6 menn, 5 kvinner (Kepler er 1 kvinne og 1 mann)
"Nye" forfattarar: Ingen

Årsstatistikken er alt fullført, men eg må óg ta det vanlege oppsummeringsinnlegget for den siste månaden i 2020. 

Avslutninga av bokåret vart bra. Dei tre som eg ga terningkast 5 i desember er svært gode bøker. Siste bok ut i 2020 vart gjenlesing av Levi Henriksen sin debutroman frå 2004 - ei svært positiv leseoppleving. Eg las Snø vil falle over snø som har falt fyrste gong i 2013, det vil sei at det er "mange bøker sidan", så eg hugsa ikkje noko av handlinga. Her på bloggen skreiv eg den gongen berre eit ventebok-innlegg og ga boka terningkast 4 på bokelskere.no. Denne gongen vart eg nok mykje meir gripen av forteljinga. Noko skuldast vel det som kan kallast livserfaring, men eg var også meir heldig med timinga no, sidan mykje av handlinga føregår ved juletider. Fyrste gong las eg boka sjølv, no brukte eg lydbok. Opplesar Fridtjof Såheim les med både innleving, varme, med "korrekt" dialekt og i eit passe tempo.
Når det gjeld Felemakaren og Speilmannen viser eg til omtalane.

Mehlum, Junker, Baldacci og McDermid sine bøker er også bra, om enn ikkje på Speilmannen-nivå. Gullungen vart eg berre passe begeistra for og Mandela-effekten var heller skuffande. Om tida strekk til skal eg grunngje dette nærare i ein kommande samleomtale. 

Eg startar 2021 med ei bok eg har store forventningar til; den etterlengta Speilet og lyset av Hilary Mantel. Eg er sjeldan særleg begeistra for prisvinnande forfattarar, men Mantel er eit herleg unntak. Dei to føregåande Ulvetid og Falkejakt var midt i blinken for meg som er så interessert i Tudor-tida. Dessutan skriv ho på ein spesiell måte og krev ein del av lesaren. Eg ser fram til å bryna meg på 818 sider med Thomas Cromwell.

9 kommentarer:

  1. Godt nyttår Berit, veldig kjekt å lese om din desember. Jeg har også god erfaring med å lese bøker på nytt, og Levi Henriksen er en av dem, jeg er sikker på at jeg ikke er ferdig med.
    Jeg mener å huske at jeg syntes Hilary Mantel var slitsom å komme gjennom, men jeg ser at jeg leste Ulvetid i 2012, og var begeistret. Tror det må ha vært en annen bok som har skremt meg vekk :)
    Godt nytt leseår Berit, gleder meg til å følge deg videre.

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår Tine!
      Eg har varierande erfaringar med gjenlesing. Det er ikkje alle bøker som har tålt "tidens tann" - dessutan er eg meir kresen no enn før. Men Levi Henriksen og Tore Renberg - og dei to bøkene av dei som eg las på nytt i fjor - dei var minst like gode no som for 7-8 år sidan.

      Eg sleit skikkeleg med fyrste halvdel av Ulvetid. Det var liksom "too much" av alt, og kven var det som hadde forteljarstemma? Det var både fyrsteperson og tredjeperson og tankerekker og samtalar og tilbakeblikk. Etter kvart forsto eg den spesielle "kommentatorstemma" til "han, Cromwell".

      Slett
  2. Godt nyttår Berit! Fin desember ser jeg, med to av mine favoritter - Kepler og Baldacci. Jeg vet ikke hvor mye du har lest av sistnevnte, men jeg har nå lyttet meg gjennom tre av seriene hans. Elsker dem på øret :-)
    Godt å se at du har bikket året med bloggen i behold du også. Jeg leser ofte, kommenterer sjeldnere, men er her. Heldige vi som leser, det fikk ihvertfall meg gjennom 2020.
    Ha en flott januar!

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår Marianne!
      Enig med deg i at Baldacci er fin å lytta til. Eg har ikkje allverdens erfaring med forfattaren, men har i løpet av 2020 fått med meg dei 4 fyrste i King & Maxwell-serien, lest av Ivar Nergaard. Likar dei godt!

      Slett
  3. Godt nyttår Berit.:)
    Jeg har lest Tudor og Mehlum av disse, og likte nok Gullungen en del bedre enn deg.
    Speilmannen har jeg på vent her. Ser frem til den, men vet at det er den type bok jeg kan ligge våken av, så jeg må lese når jeg nok tid og fri sammenhengende.
    Ildebrann til Junker har jeg sett på noen ganger, leser kanskje den en gang. Har ikke lest noe av henne enda. Men jeg har så my krim liggende her nå, atte atte...Hoems felemaker står også på tapetet i 2021.

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår Anita!
      Eg likte godt Krittmannen og tykte ikkje at Gullungen nådde opp til den.
      Det kan vera greitt å venta med Speilmannen dersom ein reagerer slik. Sjølv mistar eg aldri nattesøvn av bøker - det er som eg har ein innebygd av/på-knapp.
      Eg har lest alt av Junker og kan anbefala bøkene hennar. Lettlest, kvardagsleg småbykrim.

      Og du er heldig som ikkje har lest Felemakaren, då har du ei skikkeleg fin leseoppleving framfor deg!

      Slett
  4. Godt nytt år! Jeg har lest Henriksen, Junker og Tudor av dine, og venter nå på Hoems nye bok. Gleder meg til den. Jeg ble ikke helt ferdig med desemberboklista mi, og nye bøker venter, så jeg blir iallefall ikke "arbeidsløs" i denne restriktive coronafasen. Vi som leser kjeder oss ikke.

    SvarSlett
    Svar
    1. Godt nyttår Åshild!
      Som sagt i kommentaren til Anita over: Du kan sjå fram til ei fin leseoppleving med Felemakaren.

      Ja, no er det på'n igjen med strenge koronatiltak - slik måtte det berre bli, tenkjer eg. Sjølv er eg no tilbake på heimekontor. Greitt nok for ein kort periode, men eg trivst betre på jobb når eg har kollegaer rundt meg.
      Elles passar det meg veldig godt å vera usosial om kveldane, berre eg har selskap med bøkene mine..

      Slett
  5. Hei! Jeg har kun lest Henriksen av de du leste i desember. Husker at jeg likte boken godt. Kan det ha vært hans debut?
    Jeg er fan av gjenlesing. Hvordan bøkene endrer seg med meg. Men også med tiden. Noen bøker mister glansen når den blir lest 30 år senere. Andre bøker blir bare sterkere. Som med Jane Eyre. Hatet boken da jeg var ung. Og for hvert tiår har jeg blitt mildere og boken har blitt en skatt.

    Jeg er ofte innom her, men har sjelden kommentert. Skal bli flinkere til å legge igjen spor på bloggene jeg leser

    Godt nytt leseår

    SvarSlett