22. juli 2021

Tjueandre juli - 10-årsmarkering

I vekene etter terroråtaka i 2011 skreiv Frode Grytten diktet "etter 22. juli".
Ti år etter har han laga eit nytt dikt.

Desse minna har ikkje tid til å vente

på kommisjonar og diagnosar og rapportar og analysar
desse minna har ikkje mykje tålmod med ministrar og sakkyndige
og kronikkforfattarar og kommentarfelt og naboprotestar
desse minna skriv si eiga minnebok, reiser sine eigne minnesmerke
går i sitt eige minnetog, legg ned sine eigne minnesteinar
desse minna ser tvers gjennom forklaringane og bortforklaringane
desse minna sviktar stillheita, tausheita, moderasjonen
desse minna seier: ver sint, desse minna seier: snakk sant
desse minna seier: riv gløymsla og skumringa i filler
desse minna kjem med orda vi mista ein stad på vegen
desse minna framkallar dagen slik dagen faktisk var
det var juli
det var regn
det var rundt femten pluss
han var fascist
han drap dei med kaldt blod
dei døde for sine meiningar

(spesialskrive for A-magasinet) 
 
 Aldri tie, aldri gløyme

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar