14. desember 2023

Bokomtale: Skygger av liv du kunne ha levd av Hilary Mantel

Forlaget Press 2023
222 sider
Lånt papirbok biblioteket

Forfattaren Hilary Mantel døydde i fjor, berre 70 år gammal. Sjølvbiografien/memoarane hennar Skygger av liv du kunne ha levd kom ut på engelsk i 2003 (originaltittel Giving up the ghost) og no er boka omsider også utkommen på norsk. 

Mantel er mest kjent for trilogien ho skreiv om Thomas Cromwell, og for at ho vart ein av få forfattarar som mottok den prestisjetunge Booker-prisen to gonger. Ho fekk prisen for Ulvetid (Wolf Hall) i 2009 og følgde opp med nok ein pris for Falkejakt (Bring up the bodies) i 2012. Også den tredje boka Speilet og lyset vart nominert, men nådde ikkje heilt opp.

Men her skal det egentleg handla om forfattaren sjølv. Skygger av liv du kunne ha levd er ingen tradisjonell sjølvbiografi - og er altså skriven før Mantel slo gjennom internasjonalt med Ulvetid - og lenge før ho vart Dame Hilary. Men i 2003 hadde ho alt gitt ut fleire bøker og var blitt ein relativt kjent og etablert forfattar. Klassereisa hennar var godt i gang.

Ho kom til verda som Hilary Mary Thompson i landsbyen Glossop, ikkje så langt frå Manchester. Begge foreldra tilhøyrde arbeidarklassa, dei var katolske og hadde irske røtter. Ressursane var små, buforholda dårlege og familieforholda sære - og det var neppe nokon lukkeleg barndom. Etternamnet Mantel kom frå stefaren Jack som kom inn i familien då Hilary var seks år gammal. Stefaren behandla henne dårleg, mora var som regel opptatt med andre ting og faren mista ho kontakt med. Barnet Hilary trekte seg difor ofte tilbake og gjorde seg usynleg for omverda, kun i selskap med sine eigne tankar og fantiasiar. Ho likte å lesa og var skuleflink, men som omslagsbiletet syner var ho tynn og bleik - og ho vart ofte sjuk. I tenåra vart Hilary sitt liv svært prega av ubehag og smerter, men ho tok likevel ei høgare utdanning. Medan ho var student møtte ho mannen ho gifta seg med (og skilte seg frå, og gifta seg på nytt med).

Fyrste halvdel av Skygger av liv du kunne ha levd handlar om barndom og ungdom. Andre del handlar om vaksenlivet - men svært lite om yrkesliv og forfattarliv. Det handlar aller mest om kvinnesjukdommen endomentriose; ein svært smertefull sjukdom som tidlegare ofte vart knytta til skam, sidan det handla om blødningar og underliv. Legane trudde ho var gal og ho fekk både psykosemedisin og vart lagt inn på psykiatrisk sjukehus. Men Hilary las og søkte informasjon og fann sjølv ut av diagnosen, og fekk etter kvart medhald av legar. Som 27-åring fekk ho fjerna livmora, i håp om at ho skulle bli betre. Etter inngrepet vart sjukdommen annleis, men ho vart aldri heilt bra. Medisinen ho måtte ta for å halda sjukdommen i sjakk hadde ubehagelege bivirkningar; mellom anna kraftig vektauke og hårtap. Det vanskelegaste var likevel at ho aldri kunne bli gravid og bera fram eit barn. 

Boka er ei sterk personleg beretning der det vert teke opp alvorlege tema. Ein får nesten fysisk vondt av å lesa om alt Hilary Mantel måtte gjennomgå. Mantel er overraskande lite bitter; ho kjem i staden med jamnlege små stikk. Mellom alt det saklege og faktabaserte er det ein heil del sarkasme og mykje beisk humor. 

Stemninga i boka er elles mest melankolsk og ettertenksam: Ei kvinne som tenkjer på det som det ikkje vart noko av - som ser skuggane av eit anna liv.

2 kommentarer:

  1. Helt ukjent biografi for meg før jeg leste dette innlegget. Den må jeg få lest. Ser at de har den på biblioteket.

    SvarSlett
    Svar
    1. Kjekt å bidra med lesetips! Eg trur du vil like denne.

      Slett