16. oktober 2013

Bokomtale: X av Helge Thime-Iversen

Juritzen forlag 2013
433 sider


Boka med den avkappa fingeren på omslaget har vorte liggjande på vent ei tid, sjølv om ei bok med eit slikt bilete på er fristande for meg - som har sans for det makabre.

Dette er debutboka til Helge Thime-Iversen, men det skulle ein nesten ikkje tru. Språk og skrivestil er rett nok tidvis litt haltande og karakterane er noko "uferdige" - men boka har eit originalt plott og er både lesverdig og spennande. Det vert interessant å følgja forfattaren - og hovudpersonen Njaal Natland - vidare.

Ein dag finn Kripos-etterforskar Natland ein anonym konvolutt heime hos seg sjølv i Oslo. I konvolutten er eit ark med ein sangtekst skriven med gotisk skrift, eit bilete av eit insekt og signaturen X. I ein bustad i Bergen vert det funne nokre innvolar av eit menneske, ein avkappa finger og eit ark med eit ord - SPIS - i gotisk skrift. I heimen til ei kvinne som vert meld sakna finn politiet også ein finger og eit nytt ord: ET.

Liknande hendingar skjer ulike andre stader i landet, i Vardø, i Bodø og i Haugesund. Ofra er i alle aldrar og av begge kjønn og ser ikkje ut til å ha noko med kvarandre å gjera. Kva har dei felles? Kva er det som er ulikt?

Etterforskarane slit. Driv gjerningspersonen og leikar med dei? Kva tyder X? Er det X i tydinga "den ukjende"? Romartal X? Eller X som ein kors?

Boka X er litt lang, men har korte kapittel og er lettlest. Eg fekk litt Criminal Minds-kjensle sidan historia er både grøssande, uverkeleg og underhaldande. Ein annan assosiasjon eg fekk var til filmen Seven, der Brad Pitt spelar etterforskar på jakt etter ein "moralsk" seriemordar. I X handlar det om ein skrudd og utspekulert seriemordar som har rettferdigheit som motiv og som fartar landet rundt og let etter seg mystiske kodar og avkappa fingrar.

Eg føler at forfattaren får litt problem når han skal nøste opp i alle trådane på slutten. Eg får ikkje alt til å gå opp, - til å henge på greip, på ein måte, - men eg ser på X som ei grei og lovande krimbok.

Takk til Juritzen for leseeksemplaret.

15. oktober 2013

Bibliotekbøker på vent

Desse to bøkene vart med meg heim frå biblioteket for nokre dagar sidan. Bøkene er heilt ulike - på alle måtar, men begge er ein del av leseplanen min framover.


Eg har aldri lest noko av årets nobelprisvinnar i litteratur, så eg har takka ja til invitasjonen frå Mellom linjene om samlesing av Alice Munro sine noveller. På prisutdelingsdagen den 10. desember skal alle som er med på samlesinga/"lesesirkelen" publisera innlegg om "si" novellesamling. Eg har lånt samlinga Utsikten fra Castle Rock frå 2006, utgitt på norsk i 2008. At det vart akkurat den boka er heilt tilfeldig, men eg ser fram til å ta fatt på desse novellene til Munro. Eg likar å lesa variert, og noveller skrive av ein nobelprisvinnar er sikkert god lesing.

Asle Skredderberget har eg heller aldri lest noko av. Dette er krim og såleis "heimebane" for meg. Smertehimmel er den tredje boka hans og grunnen til at eg valde denne er at eg ønskjer å lesa flest muleg norske bøker utgitt i år i samband med den kommande nomineringa av Bokbloggerprisen. Så får tida visa om akkurat denne boka blir mellom dei nominerte.



Ute etter leseinspirasjon og boktips?
Klikk deg inn i Beathes bokhylle og sjå mange andre fine bøker på vent.

13. oktober 2013

Smakebit frå: Alle vil hjem. Ingen vil tilbake

Eg vart svært imponert over Helga Flatland si debutbok Bli hvis du kan. Reis hvis du må som eg las tidlegare i år. No les eg oppfølgjaren Alle vil hjem. Ingen vil tilbake. 

Det handlar fortsatt om korleis ei heil bygd vert lamma av sorg når tre av deira unge brått vert rivne vekk. Dei tre unge mennene Tarjei, Trygve og Kristian kjem frå den same bygda og vervar seg samstundes til teneste i Afghanistan. Ingen av dei kjem tilbake i live. I bok nummer to er det Julie (søster til Tarjei), Sigurd (nabo til Tarjei og hemmeleg kjæraste til Trygve) og Mats (Julie sin ekskjæreste) som har forteljarstemmene. Særleg gripande er Sigurd si sorg, fortviling og skuldkjensle over Trygve sin bortgang.
"Trygve kom heim i kiste, og eg hugsar ingenting. Eg hugsar ikkje dagen, eg hugsar ikkje timane etterpå. Berre at eg var heilt kvit på innsida, at det var så tomt. Som om nokon hadde tømt meg for innvolar, for hjerne og tankar, og eg var eit skal som ikkje romma nokon ting. Alt i meg blei forandra, og ingenting likevel, for ingen visste at Trygve sat fast i ryggmergen min og ikkje ville reise sjølv om han var død."
Den avsluttande boka i trilogien; Det finnes ingen helhet er nettopp kommen ut. Den har fått strålande kritikkar både i VG, Dagbladet, Dagsavisen og Klassekampen og den skal definitivt lesast - men ikkje rett etter denne boka eg no les. Det trur eg blir for tungt; eg vil ikkje ha overdose av sorg og tragediar på lesefronten.

Smakebit på søndag er boktema på bloggen Flukten fra virkeligheten.

11. oktober 2013

Bokomtale: Kameleonmenneskene av Hans Olav Lahlum

Cappelen Damm 2013
 - Ordflyt
Opplesar: Nils Nordberg
Speletid 12 t 40 min

Hans Olav Lahlum er m.a. historikar, biograf, sjakkspelar, medieyndling, verdsrekordinnehavar og ein svært produktiv krimforfattar; Kameleonmenneskene er den femte boka om K2 og Patricia på tre år. Eg har lest dei tre fyrste; Menneskefluene, Satelittmenneskene og Katalysatormordet, men ikkje nummer fire, De fem fyrstikkene. Det er heller ikkje heilt nødvendig å lesa desse bøkene i kronologisk rekkefølge.

Lahlum har funne sin eigen stil, i ein sjanger som kan kallast retrokrim. Her handlar det om politietterforsking i den tida det ikkje fantes epost, mobiltelefonar og internett. Eg likar godt å lesa krim i ulike stilartar, og ser på Lahlum sine bøker som eit godt tilskot til dagens heseblesande og realistiske politikrimromanar. "Det er fint med mangfold, også på krimfronten," seier Lahlum i eit intervju med gd.no. Det er eg veldig enig i.

Me er i 1972, det er kald krig og EEC-strid, og Noreg er i startfasen som oljenasjon. Ein ung gut ringer på døra til K2 - politietterforskar Kolbjørn Kristiansen. Guten har ein blodig kniv i lomma og eit par politifolk i hælane. Det viser seg at kniven har vore nytta til å ta livet av stortingsrepresentant Per Johan Fredriksen. Saka ser ut til å vera opplagt, men K2 har sine tvil. K2 er ganske nyforlova med Miriam, og av omsyn til henne unngår han i det lengste å kontakta Patricia, den hemmelege og overkloke hjelparen sin. Men K2 klarar seg ikkje utan den skarpe hjernen til Patricia denne gongen heller.

Tittelen på boka viser til at enkelte personar framstår ulikt i forskjellige miljø. I denne boka er det fleire av karakterane som er i stand til å skifte utsjånad og oppførsel etter omgjevnadene, det gjeld også det fyrste offeret, stortingsrepresentant Fredriksen. Etterforskinga avslører at han har hatt eit ukjent og komplisert liv - og at det er fleire som kan ha hatt motiv for drapet. Det vert vidare tydeleg at eit mistenkeleg dødsfall i 1932 har ei viss samanheng med drapet i 1972. Når så også overvåkningspolitiet viser interesse for drapet på Fredriksen, vert saka ytterlegare komplisert. Så skjer eit nytt drap... og K2 vert sterkt engasjert og involvert i saka, også som privatperson.

Lahlum brukar eit noko snirklete riksmål for å understreka at handlinga er lagt til førti år tilbake - den konservative språkbruken hans gjer bøkene litt slitsame å lesa. Eg anbefalar difor lydbokversjonen. Nils Nordberg si røyst passar veldig fint til slik klassisk krim.

Etter mi meining er ikkje dette svært god krim, til det er handlinga for treg, dialogane for merkelege og plottet og karakterane for lite truverdige. Men underhaldande er det faktisk likevel; underhaldning på ein nerdete, spesiell og "Lahlumsk" måte.

9. oktober 2013

Rosa oktober

Eg går med rosa armband året rundt
For å syna støtte til Rosa sløyfe-aksjonen har eg skaffa meg det rosa banneret som du ser i høgremenyen. Det skal få stå der heile oktober månad.

Eg oppfordrar alle andre bokbloggarar å skaffa seg banneret og elles støtta opp om aksjonen.

I nettbutikken til Kreftforeningen finn ein mange andre ulike variantar av den rosa sløyfa, m.a. Den rosa boken - fortellinger om brystkreft.

Les Åsfrid Hegdal sitt bidrag til boka.

8. oktober 2013

Det store århundret

Jan Oscar Sverre Lucien Henri Guillou (!) er godt i gang med sitt livs mest omfattande bokprosjekt; ein historisk romanserie i mange bind som skal omhandla heile det 20. hundreåret; "Det stora århundradet". Gjennom å følgja livet til brødrene Lauritzen frå Osterøy og verkelege historiske hendingar får lesaren eit grundig, levande og interessant tidsbilete av fleire omskiftelege periodar. Bok nummer tre Mellom rødt og svart kjem ut på norsk seinare i haust og er mitt bidrag til Boken på vent hos Beathe denne gongen.

Eg har lest dei to fyrste bøkene i serien, Brobyggerne og Dandy, med stor interesse. Ikkje alt er like bra, men Jan Guillou skal ha ros for det ambisiøse prosjektet sitt. Historiske tema som industri- og jernbaneutbygging, arbeidarrørsle, kvinnekamp, kulturpolitikk, imperialisme og kolonialisme vert skildra gjennom augene til dei tre fiskarsønene Lauritz, Oscar og Sverre Lauritzen. Forfattaren har lagt ned eit grundig og imponerande stykke research-arbeid.

Forteljinga startar altså med dei tre farlause brødrene som takka vere kapitalsterke og velmeinande personar får utdanna seg til diplomingeniørar ved universitetet i Dresden. På den tida vart Tyskland sett på som den leiande nasjonen med alt som hadde med teknikk og ingeniørutdanning å gjera. Brødrene tek eksamen ved starten av hundreåret, i 1901, og deretter dreg dei kvar sin veg, av ulike årsaker. Lauritz vender tilbake til gamlelandet, Oscar reiser til Afrika og Sverre reiser til England.

I den fyrste boka, Brobyggerne, handlar det om dei to eldste brødrene og deira opplevingar i tida 1901 - 1919: Det vert fortalt om store teknologiske og tekniske nyvinningar, bygginga av Bergensbanen, kolonialisme i Afrika og framveksten av fyrste verdskrig. I bok nummer to, Dandy, er det homofile Sverre som er hovudperson, - lesaren får følgja han og kjærasten hans, lord Albert, og opplevingane deira.

I den boka vender forfattaren tilbake til 1901; Dandy handlar om det same tidsrommet som Brobyggerne, - men frå eit anna perspektiv. Her vert det fokusert på den kunstnarlege, kulturelle og ideologiske utviklinga i perioden og på motsetningane mellom det gamle victorianske levesettet og "den nye tida". Sverre og "Albie" lever i starten eit priviligert liv på eit gods. I bekjentskapskretsen deira finst radikale, bohemar, kunstnarar, kunstkritikarar, forfattarar og kvinnesaksaktivistar. Guillou har skrive fleire historiske personar inn i handlinga.

I byrjinga av 1900-talet trudde ein at dei teknologiske framstega ville gjera krigar umulege og unødvendige, men som me alle veit: Fyrste verdskrig bryt ut i 1914, trass i alle store tankar og all framgang og optimisme. Livet vert omsnudd for Sverre - og for Lauritz og for Oscar. Dandy sluttar der Brobyggerne også sluttar; i Berlin i 1919 - og med at dei tre brødrene møter kvarandre att.

Jan Guillou er ein glimrande historieforteljar, så eg ser fram til neste "historieleksjon" og til å lesa vidare om brødrene Lauritzen og familiane deira: Mellom rødt og svart handlar om mellomkrigstida og framveksten av nazismen.

6. oktober 2013

Bokomtale: Hulemannen av Jørn Lier Horst

Lydbokforlaget 2013
Opplesar: Ivar Nergaard
Speletid: 8 t 42 min


Eg veit at Jørn Lier Horst og William Wisting har mange lesarar og tilhengarar her i landet. Sjølv har eg ikkje heilt god kjemi med Wisting. Eg tykkjer etterforskaren i Horst sine krimbøker er altfor vanleg og traust. Nesten Sejer-kjedeleg. Eg har nok meir sans for dei meir rufsete krimheltane, som Varg Veum, Harry Hole og Stingo. At forfattaren vart tildelt Rivertonprisen for den forrige boka, Jakthundene, kan eg heller ikkje forstå. Eg tykte det var ei grei krimbok, men ikkje meir.

Over til årets bok, Hulemannen:
Ein eldre mann i nabolaget til Wisting vert funnen død i lenestolen framfor TV'en som framleis står på. Truleg har mannen vore død i fleire månader og ingenting tyder på noko kriminelt. Wisting si dotter, VG-journalisten Line, fattar interesse for mannen som ingen la merke til då han var i live og som ingen saknar når han er død. Ho startar arbeidet med ein artikkel om saka og flyttar heim til faren for ei tid.
Kort tid etter vert det funne eit nytt lik i nærleiken. Også denne personen har lege død lenge og er vanskeleg å identifisera. Men politiet finn ein lapp ved den døde og gransking syner at den har fingeravtrykk frå ein amerikansk seriemordar etterlyst av FBI. Vesle Stavern vert brått midtpunkt for internasjonalt politi og presse.

Utgangspunktet i historia er altså snedig og fantasifull, men eg tykkjer ikkje Horst gjer nok ut av krimforteljinga. Mønsteret kjenner me att frå tidlegare Wisting-bøker: Pappa Wisting som etterforskar eit brotsverk og nysgjerrig journalistdotter som nærmar seg den same saka frå eit anna utgangspunkt. Det vert farleg for dotter, pappa'n reddar henne.

Hulemannen er lettlest, har eit bedageleg tempo og er godt komponert. Men ikkje ein einaste gong følte eg at pulsen steig medan eg las denne boka. Det er rett nok tilløp til litt spenning på slutten, men på langt nær nok. For eg er kresen og vil gjerne ha litt ekstra når eg les krim, i alle fall ei krimbok frå ein så kjend og anerkjend forfattar som Jørn Lier Horst. Han er uhyre dyktig og har levert ei solid krimhistorie som heng saman, full av etterforskingsdetaljar og autensitet. Men eg vert ikkje sjokkert av og er ikkje interessert i detaljerte skildringar av rotne og oppløyste lik, eg vil heller bli utfordra reint litterært. Eg ønskjer meg eit meir innvikla plott og ein meir spennande forteljarmåte.

Forfattaren har lagt inn ei lita helsing til kollega Thomas Enger og skildrar ein biperson - ein ekspertkommentator - som er mistenkeleg lik Leif GW Persson. Slike detaljar berekna for den røynde krimlesar kan eg lika. Elles er boka utan dei store overraskingane og eg vart ikkje særleg imponert over Hulemannen. I utgangspunktet tykkjer eg at terningkast 3 passar til ei slik middels krimbok, men opplesar av lydboka, Ivar Nergaard, syter for ei såpass bra leseoppleving at eg endar opp med ein svak 4'ar her.

3. oktober 2013

Bok nummer 100

Eg berre nemner det: No har eg lest over 100 bøker i år - og det er truleg "ny rekord". Det er mi eiga blogging og bokblogglesinga som har "skulda"; dvs. eg vert inspirert til å lesa meir når eg bloggar og les andre bloggar - og leselysta vert ytterlegare stimulert av tilbakemeldingar frå blogglesarar. Eg merkar òg at eg les fleire og fleire bøker som er utanfor komfortsona mi - som jo er krim og spenning.

Bok nummer hundre som vart fullført dette året vart Kafka på stranden av Haruki Murakami. Ei spesiell og fantastisk bok, og eg føler meg i grunnen ikkje "kompetent nok" til å skriva ein omtale av ein roman som er så kjent og gjennomanalysert av mange kloke folk tidlegare. Men her er i alle fall nokre tankar om mi leseoppleving.


Når ein skal lesa Murakami, må ein gje slepp på ein del vante tankar og det som er verkeleg. Ein må berre lena seg tilbake og ta inn over seg at forfattaren snur opp/ned og bak/fram på røyndomen. "Surrealisme" og "magisk realisme" er begrep som ofte vert brukt om Murakami sitt forfattarskap. Altså overnaturlege hendingar i ei verd som elles er "naturleg" og realistisk. Så når Murakami skriv om at det regnar fisk og igler og at ein mann kan snakka kattespråk, godtek ein det - fordi han samstundes har fortalt om det "verkelege" livet - ned til minste detalj. Eg har hatt ei ut-av-meg-sjølv-oppleving medan eg har lest denne boka. Ei svært positiv leseoppleving - men eg skjønnar ikkje heilt kvifor.

Boka har to spor og to hovudpersonar. Den fyrste er femten år gamle Kafka Tamura som rømmer heimefrå. Han rømmer frå ein skrekkeleg spådom frå far sin; om at sonen ein dag skal drepa faren og ligga med mor si. Etter kvart vert han buande i eit fantastisk og gåtefullt bibliotek, der han vert kjent med den androgyne Oshima og den mystiske kvinna Saeki.
Den andre hovudpersonen er den gamle og litt tilbakeståande Nakata. Han kan verken lesa eller skriva og har dårlege sosiale antenner, men er i stand til å snakka med katter. Truleg skuldast dei manglande evnene hans nokre merkelege hendingar i fortida. Etter eit dramatisk møte med kattemordaren Johnny Walker må Nakata forlata heimbyen for fyrste gong - og han vert kjend med og får hjelp av trailersjåføren Hoshima.
Gradvis vert opplevingane til Kafka og historia til Nakata fletta saman - men det er uvisst om dei nokon gong verkeleg møter kvarandre.

Lesaren vert dregen inn i noko magisk og mystisk og boka inneheld elles mykje rart. Her er spenning, humor, kvardagslege detaljar, absurde situasjonar, metaforar, symbol, erotikk, kjærleik og venskap. Skildringa av venskapet mellom Nakata og Hoshima og mellom Kafka og Oshima er veldig fine. Boka byr på mange gode og morosame dialogar. Mykje av det som vert fortalt er "verkeleg" og andre hendingar er draumar og fantasiar - eller finn stad i ei slags alternativ verkelegheit. Det er vel dette som kan kallast "Murakami sitt univers". Alt vert fortalt i eit heller langsamt tempo - og med mengder av digresjonar.

Som eg alt har nemnt i fleire blogginnlegg: Eg har lest lydbokversjonen, - og nettopp lydboka gjorde dette til ei verkeleg stor leseoppleving. Duc Mai-The framfører mange stemmer og dialektar og brukar heile sitt stemmeregister og gir på den måten personane liv. Spesielt likte eg Hoshima - som snakkar telemarksdialekt!

Kafka på stranden kan sikkert analyserast i det uendelege og tolkast på tallause måtar. Sjølv er eg for mykje av ein realist til verkeleg å forstå heile historia og endar opp med å gje boka terningkast 5 (men dersom eg ein gong i framtida les boka på nytt, har eg ei kjensle av at eg kjem til å gje ho ein 6'ar).

Lydbokforlaget 2008
Originaltittel: Umibe no Kafuka
Oversetjar: Ika Kaminka
Opplesar: Duc Mai-The
Speletid: 21t 16min


Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.

2. oktober 2013

Oppsummering september

Påbyrja i august, fullført i september:
Katherine Webb - Arven - Roman - Kjøpt E-bok
Elizabeth George - Denne dødens kropp - Britisk krim - Papirbok lånt av mor

Lest i september:
Frode Grytten - Flytande bjørn - Norsk roman - Lydbok lånt på biblioteket
Øystein Wiik - Casanovasyndromet - Norsk krim - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Mo Hayder - Hanging Hill - Britisk krim - Kjøpt pocketbok
Haruki Murakami - Kafka på stranden - Roman - Lydfil fått frå Lydbokforlaget
Karin Fossum - Carmen Zita og døden - Norsk krim - Papirbok lånt av mor
Britt Karin Larsen - Det vokser et tre i Mostamägg - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Britt Karin Larsen - Himmelbjørnens skog - Norsk roman - Papirbok lånt av mor
Jørn Lier Horst - Hulemannen - Norsk krim - Kjøpt lydbok

Påbyrja i september, fullførast i oktober:
Jan Guillou - Dandy - Svensk roman - Kjøpt pocketbok



Månadens høgdepunkt:
 - Kafka på stranden - nydeleg og rar.
 - Casanovasyndromet - superspennande og herleg urealistisk.
 - Britt Karin Larsen sine bøker - lærerike, vakre og brutale.

Månadens nedtur:
 - Arven - usamanhengande og langtekkeleg

1. oktober 2013

Bok på vent: Før jeg brenner ned

Eg er ofte motvillig til å lesa bøker som får grenselaust mykje ros og skryt. Eg er barnsleg og tenkjer at "den giddar eg i alle fall ikkje lesa, den er sikkert oppskrytt". Men så lyt eg av og til innrømma at eg tok feil; det er jo ein grunn til at ei bok får prisar og gode kritikkar.

Før jeg brenner ned er ei slik kritikarrost og prislønt bok som eg hittil ikkje har orka å lesa. Men no skal eg gjera noko med saka; eg har nemleg kjøpt eboka (frå nettbutikken til ark.no for kun kr. 49). Eg har lest ei bok av Gaute Heivoll tidlegare, den frykteleg trege og djupt deprimerande Kongens hjerte. Eg håpar på ei betre leseoppleving denne gongen.

Frå forlaget sin omtale av boka:
En sann historie. En rystende roman. Søndag, 4. juni 1978. En pyroman går løs i Finsland, et stykke utenfor Kristiansand. I en hel måned har han herjet, og frykten stiger i den lille bygda. KRIPOS har sammen med det lokale politiet etablert base i den gamle kommunestyresalen. "Men dette er jo galskap," hvisker folk til hverandre. Pyromanen må tas, men sporene er få. Dagen etter vil det hele være over, men først etter den verste natten av dem alle. Den samme søndagen blir det ført en gutt til døpefonten i Finsland kirke. Den gutten heter Gaute Heivoll. Og med denne forbindelsen som utgangspunkt rekonstruerer Før jeg brenner ned det som hendte våren 1978, og det som skulle vise seg å være en av norgeshistoriens mest omfattende og dramatiske pyromansaker. Hvem var mannen som tente på? Hvorfor gjorde han det? Og hva med gutten som ble døpt den dagen, og som hele sitt liv har levd med historien om brannene? Hva ble det av ham?
..................

Ønskjer du å sjå litt på andre ventebøker kan du ta ein titt innom Beathes bokhylle.