11. juni 2013

Bokomtale: Politi av Jo Nesbø

Aschehoug forlag 2013
527 sider

(Boka har eg fått i gåve. Tusen takk, mamma!)

Jo Nesbø er i ein klasse for seg. I ein heilt eigen superklasse for krim- og spenningsforfattarar. Han er suveren og kan gjerne ta på seg rockestjernebriller om han ønskjer det. Politi har fått vanvittig gode anmeldelsar, det vert meldt om nytt opplag og uvanleg høge salstal - og det er så fortent, så fortent.

Frå eg fekk boka i hende fredag ettermiddag, har eg lese i alle ledige stunder. "Dessverre" har eg hatt mykje anna å stå i med i helga og dermed lite tid til lesing, - og i vekedagane må det jobbast. Samstundes har eg prøvd å lesa så sakte som muleg, fordi eg så gjerne ville nyta leseopplevinga, - men Nesbø skriv på ein slik måte at bøkene hans slukast. Sidevendarfaktoren er nemleg ekstemt høg.

Boka har vore med meg overalt. Eg har hatt ho med på jobb slik at eg kunne lesa i lunsjpausen og på bussen til og frå jobb. Ho har vore med meg til sengs, på terrassen, på do, ved kjøkkendisken og i hagen. Eg har ikkje sett eitt sekund på TV, eg la vekk dei andre bøkene eg las i, eg har ikkje blogga, knapt vore på Facebook. Eg har stått opp klokka 6 om morgonen og sett meg ned for å lesa. Når ei bok er så fengslande og fengande at du tek ho med deg overalt og nesten ikkje kan halda ut betyr det full score; terningkast seks.

Handlingane i Politi startar omlag der Gjenferd sluttar, og tek opp att trådane frå den boka. Så om du ikkje har lese absolutt alle Harry Hole-bøkene tidlegare, bør du i alle fall ha lese den føregåande, - rett og slett for å forstå meir av innhaldet.

Då det vart avslørt i media at Harry Hole framleis "var i live" og at Nesbø hadde planar om ei tiande bok om antihelten som eg er så glad i, vart eg lukkeleg. All den nesten-hysteriske marknadsføringa av boka og alt styret rundt lanseringa av Politi har eg ikkje heilt sansen for. Men nok ein gong har Nesbø levert varene; ein fantastisk spennande kriminalroman der dei ulike historiane vert vikla saman - og nøsta opp - på ein smidig og snedig måte.

Jo Nesbø, her utan rockestjernebriller
Politi handlar om politifolk. Mange ulike typar politifolk. Det handlar om drap på politifolk som har det til felles at dei ikkje har oppklart sakene sine. Dei vert drepne på same stad og med same drapsmetode som ofra i dei gamle uløyste sakene. Det ser ut som om ein heilt spesielt skrudd seriedrapsmann er på ferde. Politi handlar òg om korrupte og kriminelle politifolk, om politifolk som tek seg til rette, om politifolk som set seg over dei lovene og reglane som dei egentleg skal handheva. Og det handlar om hardtarbeidande og kloke politifolk som faktisk prøver å løysa alle dei kompliserte sakene.

Dessutan handlar det sjølvsagt om eks-politimannen Harry Hole. Harry, som var eit fysisk og psykisk vrak og som nesten døydde i den forrige boka. Når me møter han att denne gongen er han friskare, lukkelegare og meir "normal" og oppegåande enn tidlegare. Kan det verkeleg vara? Vel - eg skal ikkje røpa for mykje - men Harry får utfordringar nok denne gongen òg.

Innan sjangeren politikrim/spenning er det få, kanskje ingen, som kan måla seg med Jo Nesbø. Dersom du berre skal lesa ei krimbok i sommar; les Politi. Den er perfekt.

5 kommentarer:

  1. Artig å høre at det er flere enn meg som blir sett med en bok under armen stadig vekk. Enig med deg, denne var ikke lett å legge fra seg :)

    SvarSlett
  2. Interessant å lese at du likte Politi så godt! Jeg hører den på lydbok nå. Og sliter. Jeg syns rett og slett den sålangt (halvveis i boka) er langdryg, noe kjedelig og muligens forutsigbar (det vet jeg imidlertid ikke ennå, siden jeg ikke er ferdig). Jeg håper den tar seg opp.. Har av en eller annen uforståelig grunn, krimelsker som jeg er, aldri funnet Nesbø spesielt spennende. Jeg tror jeg trenger psykolog.. ;)

    SvarSlett
    Svar
    1. Ikkje eingong Nesbø fungerer for alle! Bra at du "innrømmer" at du har din eigen meining, - det er ikkje alltid så enkelt når "alle" andre meiner det motsatte..

      Slett
  3. For en bok og for en pageturner!! Nesbø er brilliant i måten å skrive på, ingenting er overlatt til tilfeldighetene! Jeg gleder meg allerede til neste bok!!

    SvarSlett
  4. Vel, når du sier det på DEN måten... ;-) Han skal ha for at Nesbø lurte meg trill rundt utallige mange ganger i løpet av Politi. Kanskje jeg er bare fornærmet på han...! For eksempel denne sekvensen der far stormer inn i klasserommet til datteren, måten han beskrev dette på var formidabel. Det var så ekte, så nært, så emosjonelt, at jeg lot meg rive med. Desto mer skuffet ble jeg da jeg innså at han hadde greid det igjen :-)

    SvarSlett