3. oktober 2013

Bok nummer 100

Eg berre nemner det: No har eg lest over 100 bøker i år - og det er truleg "ny rekord". Det er mi eiga blogging og bokblogglesinga som har "skulda"; dvs. eg vert inspirert til å lesa meir når eg bloggar og les andre bloggar - og leselysta vert ytterlegare stimulert av tilbakemeldingar frå blogglesarar. Eg merkar òg at eg les fleire og fleire bøker som er utanfor komfortsona mi - som jo er krim og spenning.

Bok nummer hundre som vart fullført dette året vart Kafka på stranden av Haruki Murakami. Ei spesiell og fantastisk bok, og eg føler meg i grunnen ikkje "kompetent nok" til å skriva ein omtale av ein roman som er så kjent og gjennomanalysert av mange kloke folk tidlegare. Men her er i alle fall nokre tankar om mi leseoppleving.


Når ein skal lesa Murakami, må ein gje slepp på ein del vante tankar og det som er verkeleg. Ein må berre lena seg tilbake og ta inn over seg at forfattaren snur opp/ned og bak/fram på røyndomen. "Surrealisme" og "magisk realisme" er begrep som ofte vert brukt om Murakami sitt forfattarskap. Altså overnaturlege hendingar i ei verd som elles er "naturleg" og realistisk. Så når Murakami skriv om at det regnar fisk og igler og at ein mann kan snakka kattespråk, godtek ein det - fordi han samstundes har fortalt om det "verkelege" livet - ned til minste detalj. Eg har hatt ei ut-av-meg-sjølv-oppleving medan eg har lest denne boka. Ei svært positiv leseoppleving - men eg skjønnar ikkje heilt kvifor.

Boka har to spor og to hovudpersonar. Den fyrste er femten år gamle Kafka Tamura som rømmer heimefrå. Han rømmer frå ein skrekkeleg spådom frå far sin; om at sonen ein dag skal drepa faren og ligga med mor si. Etter kvart vert han buande i eit fantastisk og gåtefullt bibliotek, der han vert kjent med den androgyne Oshima og den mystiske kvinna Saeki.
Den andre hovudpersonen er den gamle og litt tilbakeståande Nakata. Han kan verken lesa eller skriva og har dårlege sosiale antenner, men er i stand til å snakka med katter. Truleg skuldast dei manglande evnene hans nokre merkelege hendingar i fortida. Etter eit dramatisk møte med kattemordaren Johnny Walker må Nakata forlata heimbyen for fyrste gong - og han vert kjend med og får hjelp av trailersjåføren Hoshima.
Gradvis vert opplevingane til Kafka og historia til Nakata fletta saman - men det er uvisst om dei nokon gong verkeleg møter kvarandre.

Lesaren vert dregen inn i noko magisk og mystisk og boka inneheld elles mykje rart. Her er spenning, humor, kvardagslege detaljar, absurde situasjonar, metaforar, symbol, erotikk, kjærleik og venskap. Skildringa av venskapet mellom Nakata og Hoshima og mellom Kafka og Oshima er veldig fine. Boka byr på mange gode og morosame dialogar. Mykje av det som vert fortalt er "verkeleg" og andre hendingar er draumar og fantasiar - eller finn stad i ei slags alternativ verkelegheit. Det er vel dette som kan kallast "Murakami sitt univers". Alt vert fortalt i eit heller langsamt tempo - og med mengder av digresjonar.

Som eg alt har nemnt i fleire blogginnlegg: Eg har lest lydbokversjonen, - og nettopp lydboka gjorde dette til ei verkeleg stor leseoppleving. Duc Mai-The framfører mange stemmer og dialektar og brukar heile sitt stemmeregister og gir på den måten personane liv. Spesielt likte eg Hoshima - som snakkar telemarksdialekt!

Kafka på stranden kan sikkert analyserast i det uendelege og tolkast på tallause måtar. Sjølv er eg for mykje av ein realist til verkeleg å forstå heile historia og endar opp med å gje boka terningkast 5 (men dersom eg ein gong i framtida les boka på nytt, har eg ei kjensle av at eg kjem til å gje ho ein 6'ar).

Lydbokforlaget 2008
Originaltittel: Umibe no Kafuka
Oversetjar: Ika Kaminka
Opplesar: Duc Mai-The
Speletid: 21t 16min


Takk til Lydbokforlaget for gratis lydfil.

8 kommentarer:

  1. kafka på stranden er en fantastisk fin bok, som eg og syntes var vanskelig å skrive om, men eg syntes du omtaler boken på et kjempeflott måte! eg har lånt meg norwegian wood på lydbok som eg skal kose meg med i disse dager :)
    grattis med 100 bøker! det er litt av en bragd :D

    SvarSlett
    Svar
    1. Vel - eg vil ikkje påstå at det er ei bragd - det er i høgste grad lystbetont. Norwegian wood og andre Murakami-bøker skal eg få med meg etter kvart.

      Slett
  2. Jøss - du har fått lest mye i år! :o) Morsomt at din bok nr 100 er Murakami. Jeg likte den også veldig godt, men som deg er det vanskelig å sette fingeren på hvorfor. Det sies at Franz Kafka skriver kafkask - jeg må virkelig si at Murakami burde få sin egen stil - murakamisk! Kjekt å lese om boka igjen. Kafka på Stranden er vel ei av de få bøkene jeg vurderer å lese en gang til. Og det skjer ikke ofte!

    SvarSlett
    Svar
    1. Enig i det med gjenlesing. Det er veldig få bøker som fortener å bli lest fleire gonger, syns eg. Men Kafka på stranden er ei av dei.
      Eg les jo mest krim og spenning - som er både lettlest og fortlest.

      Slett
  3. Gratulerer med årets bok nummer 100! :) Syns dette var en riktig fin omtale jeg :)

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk og takk. Utfordrande å skriva når ein ikkje heilt veit kva ein har lest ;-)

      Slett
  4. 100 bøker på eit år? Wow! Eg er imponert. Eg er ikkje i nærleiken ein gong.

    Godt skrive om god bok! Dette er ei av mine topplistebøker, eg er veldig glad i Murakami og han er ein av dei få forfattarane der eg kan lese same boka om og om igjen. Eg elsker måten han snur opp-ned på verkelegheita og plukker frå kvarandre ting på.

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg føler av og til at det er naudsynt å forklara/unnskylda at eg les så mange bøker: At eg ikkje har små ungar lenger, at eg les mest krim, at eg ser lite på TV, at eg er ein lystlesar ...osv. Men til meir eg les, og til meir eg les OM bøker, til meir leselyst får eg!

      Enig i det med Murakami, eg er glad eg har mange bøker han har skrive "til gode".

      Slett