27. mars 2015

Påskekrimtips!

Palmehelga er her - og påsken nærmar seg. Eg håpar på klisjépåske, liknande den me hadde for to år sidan - med strålande vêr og hyttekos med tilhøyrande kvikklunsj, appelsiner, kakao - og kanskje litt vin? - og sjølvsagt lesing. I samband med påsken er krimlesing ekstra aktuelt - og her kjem mine anbefalingar for denne påsken.

Eit glimt frå klisjépåsken 2013

To av våre mest folkekjære nordiske krimforfattarar er nyleg utkomne med nye bøker i dei populære seriane sine - i "strategisk" passande tid i høve påsken. Ein treng ikkje vera spesielt synsk for å "sjå" at både bok nummer 6 i Avdeling Q-serien, Den grenseløse (Jussi Adler-Olsen) og bok nummer 9 i Fjällbacka-serien, Løvetemmeren (Camilla Läckberg) kjem til å bli lest av svært mange denne påsken. Eg har alt lest Den grenseløse - og anbefalar den gjerne. Läckberg-boka skal også lesast ein gong, men eg er egentleg litt lei av Patrik, Erica og heile Fjällbacka.

Av nye norske krimbøker kjem garantert Blod på snø av Jo Nesbø og Wienerbrorskapet av debutanten Ingar Johnsrud til å bli pakka ned i mange påskesekker i år.
Blod på snø fordi det er ei Nesbø-bok og Wienerbrorskapet fordi boka fekk terningkast 6 i VG. Sjølv tykkjer eg at desse bøkene har fått litt ufortent mykje merksemd. Eg har lest begge og tykkjer dei er greie nok, men vil faktisk heller rå til å ta med nokre andre nye og spennande stemmer: Timberlid, Kroken og Kolden.

Nynorsk krim frå Timberlid, Kroken og Kolden.
For kort tid sidan las eg ei knakande god krimbok; Satans mor av Rune Timberlid - og i skrivande stund er eg ganske så oppslukt av Død manns kiste av Kroken og Kolden. Handlinga i desse to bøkene er lagt til hhv Indre Sogn og Bøverdalen, så her er det altså snakk om skikkeleg bygdekrim. Forfattarane er lite kjende, men eg anbefalar begge desse bøkene. Dette er krimbøker utan altfor innfløkte handlingstrådar og med begrensa persongalleri - og dei egnar seg for både verandalesing og framfor hyttepeisen - eller som kafélektyre.

Elles er Rivertonprisen og nominasjonane til denne ein bra peikepinn på kva som kan vera verdt å lesa. Karin Fossum vart som kjent nyleg tildelt prisen for andre gong for Konrad Sejer-bok nummer 12, Helvetesilden - og det var vel fortent.
Eg anbefalar både den boka og Gunnar Staalesen si riverton-nominerte Varg Veum-bok Ingen er så trygg i fareDersom du ikkje har lest fjorårets prisvinnar, Den siste pilegrimen av Gard Sveen, kan den boka vera eit bra påskekrimtips. Eg tykte det var ei sjelden bra bok - lærerik, til ettertanke og dessutan svært spennande. Broren av Olav William Rokseth og Dødspakten av Tom Kristensen kan vera eit bra val dersom du har sans for krimbøker av typen action/spion/thriller. Dersom du heller likar å lesa stemningsfull psykologi/psykiatri-krim kan eg anbefala Sikre tegn på din død av Torkil Damhaug.

Som eg har sagt (utallige gonger) før: Eg er veldig glad i svensk seriekrim - dette er noko eg alltid vender tilbake til. For stadig vekk, og gledeleg nok, finn eg noko nytt og spennande. Ta for eksempel Carl-Johan Vallgren og boka Skyggegutten og Joakim Zander si debutbok Svømmeren. Andre svenskar eg kan anbefala er Den stumme jenta av forfattarparet Hjorth og Rosenfeldt og Stalker av Kepler-forfattarparet, men her er det absolutt ein fordel om du har lest dei tidlegare bøkene i hhv Sebastian Bergmann-serien og Joona Linna-serien. Dersom du heller har lyst til å lesa svenske krimnoveller, anbefalar eg dei spennande antologiane Mord og mysterier og Kalde skygger.

Av andre nyare krimutgjevingar kan anbefalast Robert Galbraith (J.K. Rowling) og bøkene Når gjøken galer og Silkeormen, der ein får møta den slitne antihelten og privatdetektiven Cormoran Strike. Eg likar desse bøkene veldig godt; dette er underhaldande klassiske kriminalforteljiingar, men i ei moderne innpakning, fylt av artige karakterar og som inneheld humor, snert og spenning.
Har du sans for det meir makabre og blodige, anbefalar eg M.J. Arlidge og bøkene hans med dei heller misvisande barnslege titlane Elle melle og Bro bro brille.
Og har du ikkje lest Sannheten om Harry Quebert-saken av Joël Dicker (ei bok som mellom anna er ei krimforteljing men som vanskeleg kan plasserast i "rett" sjanger/kategori) så bør du absolutt få med deg den før eller seinare.

Dersom du brukar biblioteket, kjem du sikkert til å oppdaga at dei aller nyaste krimbøkene er utlånte, men som regel har biblioteka mengder med litt eldre spenningsbøker som du kan låna. Heldigvis er ikkje bøker ferskvare!
Sjølv skal eg lesa frå hylla mi i påsken; eg har ein ganske stor stabel med halvgamle og halvnye bøker som har blitt nedstøva og nedprioriterte ei tid, sjå biletet nedanfor. I tillegg har eg nokre lydbøker og ebøker liggjande på lur - så eg fryktar ikkje at påskeferien skal bli kjedeleg på nokon måte..!
(Eg må dessutan tilstå at eg har blitt påvirka av nye trendar og har skaffa meg Den hemmelige hagen og nye fargeblyantar. Faren er stor for at eg kan bli hekta på desse fargeleggingsgreiene. Men fargelegging kan kombinerast med lydbok, har eg høyrt..)

Ein liten del av ventebøkene

Likar du gammaldags klassisk krim? Agatha Christie, for eksempel - eller Stein Riverton?
Les blogginnlegget frå i fjor og i forfjor: Klassiske påskekrimtips

Fleire andre bokbloggarar har laga sine eigne påskelesetipsinnlegg. For som kjent er smaken som baken og det er blitt meg fortalt at det faktisk finst folk som ikkje les krim i påsken(!!)
Så ta gjerne ein tur innom bloggane til Ingalill, Anita, Hedda, Karete og Linn for alternative/ytterlegare boktips (Har eg gløymt/oversett nokon? Gje beskjed i kommentarfeltet, så skal eg laga lenke til blogginnlegget)

God påske til alle blogglesarar!

7 kommentarer:

  1. Ja, her var det mange gode tips Berit! Hadde jeg ikke selv hatt en ventebunke lang som til sommeren, så skule jeg lurt inn noen av dine. Men nå har jeg faktisk allerede lest flere av dem , og deler dine anbefalinger om Stalker, Helvetesilden, Sannheten om Harry Qubert-saken, Jussi-Adler Olsen sine (har dog ikke selv lest siste bok), Sikre tegn på din død (og Ildmannen av Damhaug). Har forresten kjøpt Stallo av Stefan Spjut i dag, greide ikke stå imot lenger. Og så skal jeg starte på Elisabeth er borte av Emma Healey, just nu! Takk for link, og lykke til med klisjepåske (det blir da aldri galt), og innhugg i ventebunken.:)

    SvarSlett
    Svar
    1. Elisabeth er borte fristar meg, men ikkje Stallo.
      Men aller fyrst ventebøker :)
      God påske, Anita.

      Slett
    2. Begynte på Elsiabeth i dag.. har vært litt ukonsentret så jeg har ikke kommet så godt i gang.. Takk, i lige så Berit.:)

      Slett
  2. Du gjør det sannelig ikke lett for påskeleserne. Her var det så mange tips at man må ha snøscooter for å komme seg på hytta. Blir andpusten bare av å se på Follett. Jeg har ikke lest mange av disse, men jeg har lest Lackberg, og kan si med engang at det finnes bedre ting å bruke tiden på. Greit hvis dette er din første, og du hater kronologi, men har du lest henne før, har du også lest Løvetemmeren. Jussi, on the other hand, skal jeg lese. Gløttet så vidt på omtalen din, såvidt jeg turte, og er enig med deg i at lydbok er tingen når det kommer til Avd.Q. Har så langt hørt de fleste, kun lest 2 selv, og er overbevist om at det er Winther Larsen som gjør at jeg foretrekker de jeg har hørt.

    Elsker Vallgren basert på Kunzelmann, og boikotter fremdeles Kepler.
    God påske til deg Berit. Måtte du putte riktig bok i sekken!
    (morsomt at også du trekker rundt på blokk og fargeblyanter -)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg skal ikkje til fjells riktig enno - påskeferien startar ikkje før onsdag for mitt vedkommande - og ja: me har snøscooter tilgjengelig for frakt av proviant og andre ting. Meeeen eg tek nok ikkje med meg heile stabelen - eg har ein liten hyttebokstabel også, hehe. Follett-mursteinen på over 1000 sider er knapt flyttbar - den skal eg ikkje dra med meg.
      Eg har lest alt av Läckberg, så eg forventar meg heller ikkje noko nytt i Løvetemmeren. Poenget er at eg både likar og ikkje likar bøkene hennar. Ho har funne ein formel som funkar, og det er dyktig gjort. Det er desse familiekosemosegreiene i serien eg ikkje heilt taklar.
      Kunzelmann & Kunzelmann av Vallgren har eg nettopp oppdaga, den skal absolutt lesast,.. ein gong.
      God påske!

      Slett
  3. Her var det mange fine tips Berit, det må jeg si. Men jeg kommer til å bestrebe meg med å lese bøker til diverse lesesirkler, og den nyeste til Kaldhol.

    Nå har jeg linket omtalen din på "Satans mor" i innlegget mitt, jeg fant ingen omtaler da jeg googlet, men kanskje jeg ikke gjorde god nok jobb, det er en bok som burde få flere lesere i allefall :)

    Ha en riktig god påske!

    SvarSlett
    Svar
    1. God påske Gro!
      Eg såg lenken no - takk for det - og eg er sjølvsagt enig i at fleire bør lesa Satans mor.

      Slett