15. mars 2015

Bokomtale: Wienerbrorskapet av Ingar Johnsrud

Lydbokforlaget 2015
Speletid 11:33
Opplesar: Ivar Nergaard

Tittelen på boka syner til ei gruppe vitenskapsmenn og -kvinner som dreiv med hemmeleg rasebiologisk forskning i mellomkrigstida. Denne forskinga vart vidareført under andre verdenskrig, med uhyggelege konsekvensar for dei som vart utsett for desse eksperimenta. Arven etter denne gruppa - brorskapet - kastar mørke skuggar, heilt fram til vår eiga tid.

Wienerbrorskapet har svært mange handlingstrådar, og det gjeld å vera konsentrert og å ha tunga beint i munnen når ein les eller lyttar - for elles mistar ein lett ein tråd eller to.

Johnsrud presenterer lesaren tidleg for protagonisten og antagonisten. Alt i opningsscenen får me møta sjølve skrekk-skurken; ein uhyggeleg person, ei drapsmaskin like stygg utanpå som inni. Vedkommande skyr ingen midlar - og me får følgja dei blodige, valdelege spora han let etter seg jamnleg, gjennom heile boka.
Hovudkarakteren er Fredrik Beier, og i starten vert det gjort eit poeng av at Beier muligens er psykisk ustabil; han slit med angst etter ei tragisk hending. Det syner seg likevel at han er ein politietterforskar som tåler å bli utsett for mange og store prøvelsar, som leiar av ei svært komplisert etterforsking. Den kvinnelege PST-etterforskaren Kafa Iqbal er ein annan viktig karakter i boka.

Ei lukka og ekstrem kristen sekt vert utsett for eit blodig angrep. Fleire medlemmer vert funne drepte på eigedommen der dei held til, - og resten av menigheiten er vekke. Kvar er dei? Har dei flykta? Vert dei halde skjult - mot sin vilje? Lever dei? Ein av dei sakna er dotter til ein topp-politikar. Er det eit politisk attentat? Terrorisme? Politiet oppdagar eit hemmeleg underjordisk laboratorium på staden - og spora fører til hendingar i fortida.

Eg er ambivalent til denne boka. Det er tydeleg at forfattaren har hatt store ambisjonar og visjonar når det gjeld Wienerbrorskapet. Eg meiner at han berre delvis har lukkast. Boka er uhyggeleg spennande, bevares, og inneheld mykje interressant historisk stoff - men likevel; det manglar noko. Eg hadde ønska meg enno meir nerve og framfor alt: Meir truverdige karakterar. Dei fleste er nemleg så klisjeaktige at ein kjenner dei att frå mengder av krimbøker ein har lest før.

Handlinga i Wienerbrorskapet er mangfaldig og nokså komplisert. Det er liksom ikkje måte på kor mange tema ein skal innom: Krigshistorie, konspirasjonsteoriar, religiøs fanatisme, hemmelege brorskap, blodige attentat og internasjonal politikk. For eksempel. Alt vert fortalt i mange korte kapitlar og via raske sceneskift, og eg er kanskje litt treg av meg, men; ofte skjønte eg ikkje heilt kvar handlinga foregikk og kven det handla om. Det hadde vorte enklare for lesaren dersom kvart kapittel hadde hatt ei overskrift der det vert forklart kvar og når.

Eg pleier å lika bøker med intrikate plott og masse action, men i Wienerbrorskapet føler eg at mykje er "over the top". Dei mange actionscenene er skildra godt; nesten filmatisk, men eg tykkjer det er for mykje av det. For mykje blod, for mykje smerte, for mange detaljar. Eg har heller ikkje noko imot tøff språkbruk i ein actionthriller som dette, men eg tykkjer språket her tidvis er vulgært og unødvendig frekt. Forfattaren er altfor tøff i trynet - og då blir det berre dumt og rart.

Å "lesa" boka som lydbok går heilt fint - om ein brukar tid og er konsentrert nok. Ivar Nergaard gjer nok ein gong ein fabelaktig jobb og gjer at leseopplevinga mi - trass alt - landar på eit terningkast 4.
Takk til Lydbokforlaget for lytteeksemplar.

11 kommentarer:

  1. Spennende å lese omtalen din. Jeg ble ferdig med boken i går, og må si meg enig med at det til tider ble for mye av det godt. Må titte i en bok og se om overgangene er bedre merket der.

    SvarSlett
    Svar
    1. Dette var ei bok eg både likte og ikkje likte, - og akkurat det er frustrerande..

      Slett
    2. Om ovegangene.-.-.. de er ikke så godt merket i boka heller. Det er kapitler med overskrifter og tidsangivelser, men i noen kapitler hoppes det veldig, sånn plutselig, uten at det markereres godt nok..

      Slett
  2. En fin omtale. Vi er ikke helt enige siden jeg likte boken bedre enn deg. Men likevel er den mange poeng du noterer som jeg er helt enig i. Karakterene kunne vært "sterkere" og den onde er over the top ond :-)

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg tykte det var mange eindimensjonale karakterar her. Men eg fekk litt sans for Beier - og ser for meg at han (og Kafa) kjem til å dukka opp i framtidige bøker.

      Slett
  3. Denne boka har jo fått knallkritikk, så da er vel forventingene kanskje litt høye? Godt å få dem ned litt. Jeg har boka liggende på vent.. fra bib. Glad det er papirbok, slike komplekse bøker orker ikke jeg lytte på lydbok..

    SvarSlett
    Svar
    1. Eg merka meg 6'aren i VG. Det gjorde meg forventningsfull - men også skeptisk. Kanskje denne er greiast i papirformat. Det er lettare å bla tilbake enn å finne lydkutt, dersom ein treng å repetera hendingar eller finne informasjon om personar. Hjernen min er "teflonbelagt" av og til og då treng eg påminningar om slike ting medan eg les.

      Slett
    2. Ikke sant.. jeg må stadig vekk bla litt tilbake når det e rmye å holde styr på..
      Pst.. adresseavisa ga den også knallkritikk..

      Slett
    3. Ferdig med boka, og jeg er nok temmelig enig med din konklusjon. Det ble mye av det meste, og for mye vold, for mye utbrodert vold, etter min mening, og så var den ujevn mht til å greie å holde på mitt engasjementet…
      Ps-- du som har lest Stalker- er Stalker værre enn denne når det kommer til volden som utbroderes? Jeg har Stalker liggende fra Bib, og den skal leveres tilbake til uka, usikker på om jeg skal lese den--- da må jeg starte i morra.

      Slett
    4. Vedk. Stalker: Ja, det er mykje vald og blod - men "innpakkinga", stemninga, språket og intensiteten er så bra - og gjer den boka til ei fantastisk leseoppleving likevel. Meiner eg.

      Slett